Kandidatintervju: Mailiss Solheim-Åkerblom
I ukene frem mot valget vil vi dele intervjuer med Rødt Bergens toppkandidater. I dag kan dere bli kjent med Mailiss Solheim-Åkerblom, vår toppkandidat!
Alder:
34
Kva for bydel representerer du?
Svar: Eg bur i Årstad, men kjem frå Arna og har ekstra hjarte for denne flotte bydelen.
Kva driv du med til dagleg?
Svar: Eg er no i permisjon frå stillinga som regionsekretær i Rødt, der jobben min har vore å bygge partiorganisasjonen, m.a. gjennom å følge opp lokallag, og å arrangere møter og kurs.
Eg er i permisjon fordi eg er så heldig å ha ei 50 % løna politikerstilling som gruppeleiar for Rødt i bystyret her i Bergen. Ansvaret mitt er å følge opp arbeidet vi gjer i bystyret, og det inkluderer alt frå å lese sakspapir, møte innbyggjarar og organisasjonar, vere synleg i media, og ikkje minst følge opp Rødt sin politikk i utval og bystyret. I tillegg er eg frikjøpt 20% som leiar for Rødt sitt nasjonale miljø- og næringspolitiske utval. Der er mitt ansvar å følgje opp partiets politikk på desse saksfelta, halde kontakt med relevante organisasjonar, bidra med relevante ressursar til partiet/lokallag og arrangere kurs/møter.
Kva er du aller best til?
Det er eit vanskeleg spørsmål, men det er kanskje å lage system og å halde oversikt. Ingenting er som ei solid hugseliste, fargekoda kalender og tydeleg ansvarsfordeling. Elles hjelper denne organisatoriske styrken på mi evne til å vere rimeleg god på å planlegge og gjennomføre arrangement av ulik storleik. Og så vil eg også nemne det å skrive. Rettskrivinga kan gjerne gå litt i floke av og til, men berre det å skrive – formulere ord, formidle ein bodskap, lage ei forteljing – det liker eg i alle fall å tru eg er flink til. Det har eg i alle fall lyst å vere flink til.
Har du tidlegare erfaring med lokalpolitikk?
Denne perioden (2019-23) er min fyrste som folkevald. I 2019 blei eg 1. vara til bystyret i Bergen, og eg kom inn som fast representant i 2021, etter Stortingsvalet då vi fekk inn Sofie Marhaug frå Hordaland, og det då blei ein ledig plass blant dei faste i bystyret i Bergen for Rødt. Elles har eg nokre fleire år med Rødt-erfaring, både som leiar i Rødt Bergen (2019-2021) og som styremedlem i Rødt Grünerløkka (2016-2017). Elles har eg også erfaring frå miljørørsla, der vi jobba mykje med lokalpolitiske miljøsaker.
Kvifor stiller du til val for Rødt?
Fordi kampen mot Forskjells-Bergen er den aller viktigaste, og fordi vi trenger rettferdig miljøpolitikk om vi skal klare å stogge klimakrisa.
Kva er dine hjartesaker?
Klassekamp, kvinnekamp og miljøkamp. Dette i tillegg til dyrevern, ein meir human ruspolitikk og eit styrka kulturliv.
Kva er sosialisme for deg?
At alle kan leve gode, trygge liv, med like moglegheiter, heilt uavhengig av storleiken på lommeboka, kjøn, legning, kjønnsuttrykk, etnisitet eller anna bakgrunn. Eit samfunn der ein gir etter evne og får etter behov.
Hvis du blei statsminister i morgon, kva er det første du ville gjort?
Auka skatten for dei rikaste, slik at vi kan auke sosialhjelpssatsane til SIFO-nivå, auke minstepensjon, uføretrygd, barnetrygd og andre ytingar. Elles ville eg ha lagt pengar på bordet til karbonfangst på forbrenningsanlegget til BIR og andre tilsvarande anlegg, satt i gang arbeidet med lyntog mellom Bergen og Oslo, og ikkje minst starta nedtrappinga av norsk olje- og gassindustri.
Kva meiner du er det viktigaste Rødt har fått gjennomslag for i denne bystyreperioden?
Til trass for at Rødt berre har 3 av 67 representantar i bystyret i dag, har vi fått fleire veldig viktige gjennomslag, m.a.:
- Prøveprosjekt med 6-timersdag
- Intensjonsvedtak om å omregulere området ved Flesland som vil hindre utbygging av rullebane 2
- Forbud mot retusjert reklame på offentlige bygg og rom
- Intensjonsvedtak om å bevare matjord
- Tiltakspakke for å bevare biene
- Midlertidig bustadtilbod for kvinner i aktiv rus
Kva for tiltak skulle du gjerne sett gjennomført på barnehagefeltet i Bergen?
Gratis barnehage for alle.
Kva meiner du er det viktigaste vi kan gjere politisk for å ta Bergen mot det grøne skiftet?
Det viktigaste enkelttiltaket er å sikre karbonfangst på forbrenningsanlegget til Bir. Elles må vi satse skikkeleg på kollektivtrafikk og ikkje nye, store, unaudsynte vegprosjekt. I tillegg bør vi begrense og skattlegge cruiseskiptrafikken, jobbe for å få lyntog mellom Oslo og Bergen. Kommunale bygg må også bli føregangsbygg med energieffektivisering og kjøttfrie måltid i kantinene.
Korleis kan vi sikre at ansatte i Bergen kommune tør å varsle og seie frå om tilhøve på jobb?
Det må vere klare varslingslinjer og informasjon om korleis ein går fram. Ein må sikre at tillitsvalde, verneombod, leiarar og andre som kan motta varslingar er godt skolert og lært opp til å behandle slike saker på ein trygg og god måte. Det er også viktig at alle tilsette får jamnleg informasjon om korleis ein sjølv går fram i ein eventuell varslingssituasjon.
Kvifor er det så viktig for Rødt med ein tydeleg kulturpolitikk?
Kultur gir glede, tilhøyrsle, er ei viktig stemme i samfunnsutviklinga, og kultur gir arbeidsplassar.
Kva vil Rødt gjere for å løfte og styrke kulturlivet i Bergen?
Det er viktig at kulturen får falde seg ut på sine eigne premiss. Like viktig som å sikre grunnfinansieringa for både store og små aktørar, er det med romslege stipendordningar til frittståande kunstnarar og kulturarbeidarar. Det skal vidare vere rimelege, tilgjengelege kulturtilbod og kulturhus, i alle bydelar, for alle aldersgrupper.
Kva er ditt favorittsted i Bergen?
Nordnes Sjøbad når det er vinterbading, minusgrader i lufta, varmt i bassenget og blikkstille i sjøen.
Kva er din favorittsang om Bergen- eller av en bergensartist?
John Olav Nilsen og gjengen: Ikkje fåkk med kjærligheten.
Heilt til slutt – har du ei morsom historie eller Fun Fact om deg sjølv?
Då det hadde vore vulkanutbrot på Island i 2010, var eg i Paris med storfamilien for å feire 50-årsdag. Alle fly blei ståande på bakken, samstundes som toga stod stille pga. streik. Vi blei med andre ord rimeleg askefaste, og løyste problemet med å ta taxi frå Paris til Oslo.
Kva er din viktigste sak for å få ned ulikskapen i Bergen
Det er ikkje eit enkelttiltak som vil kunne hamle opp med forskjells-krisa vi no står i. Vi treng ei rekke med tiltak, og det fyrste er å auke statlege ytingar. Vi må også sikre at sosialhjelpssatsane er på SIFO-nivå i byen vår, og prisjustere desse etter prisveksten i samfunnet. For å motverke familiefattigdom er aktivitetskort og ungdomsklubbar viktig, i tillegg til gratis barnehage og SFO for alle, og gratis varmlunsj i skulen. Kommunen må også sikre anstendig løns- og arbeidsvilkår for sine tilsette, slik at alle har ei løn å leve av. Pengane til desse tiltaka får vi gjennom meir omfordelande skatt, både på inntekt, formue og bustad. Vi bør også satse på 6-timarsdag, slik at fleire kan få jobb, fleire kan få heile stillingar, og fleire kan stå lengre i yrkeslivet.
Kor ser du dei største utfordringene med ulikskap i Bergen?
Når politikarane fredar, eller til og med aukar, si eiga løn, medan vi ser at matkøane aukar.
Kva meiner du er det viktigste tiltaket for at alle i Bergen skal ha tilgang på gode helsetjenester?
Profittfri velferd, nok tilsette på jobb og tenester nær der folk bur.
Kva for klimatiltak ønsker du deg aller mest i Bergen kommune?
Karbonfangst på forbrenningsanlegget til Bir.
Kva er ditt favoritt-klimatiltak?
Tog! <3