I møte med klimakrisa sit ikkje alle i same båt

I møte med klimakrisa sit ikkje alle i same båt. Dei superrike har nemleg privatfly. Medan folk flest får beskjed om å spare straum, brette melkekartongar og legge om kosthaldet, aukar bruken av privatfly. I ei tid der utsleppa må drastisk ned, kan vi ikkje la Exit-gutane få avgjere kva som er naudsynte utslepp.

Medan vanlege folk prøver å velje miljøvenleg i kvardagen, melder privatflyselskapa om auka trafikk, spesielt mellom Noreg og Sveits. Ikkje nok med at dei superrike troner ganske einsamt på utsleppstoppen, dei har også flytta frå landet for å sleppe å betale skatt.

Tal frå World Inequality Lab viser at dei superrike i Noreg slepp ut over 15 gongar meir CO2 per år, enn det vanlege folk gjer. Dette skuldast unaudsynt og miljøskadeleg luksusforbruk, slik som privatfly. I ei tid der vi alle burde vere med i klimadugnaden, dobla bruken av privatfly seg i fjor. Ein enkelt, gjennomsnittleg privatflytur i Europa slepp ut 5,9 tonn CO2. Det er meir enn ein enkeltperson blant den halvdelen av befolkninga i Noreg med lågast inntekt gjer ila. eit heilt år.

Også Bergen bidrar til utsleppa frå privatfly. I fjor blei det registrert omlag 2500 flygingar kategorisert som “General Aviation” på Flesland. Denne kategorien kan inkludere andre former for flygingar, men er i all hovudsak privatfly.

Med dei superrike sitt luksusforbruk finst det ikkje berre stort kuttpotensiale, men også moglegheit til å kome i gang med rettferdig miljøpolitikk. Å ta kampen mot luksusforbruket styrkar miljøkampen. Dei som slepp ut minst, skal sleppe å betale for dei rike sin utsleppsfest. Då vil fleire folk bli med på laget. Miljøpolitikken må ha brei støtte for å lykkast.

Rødt har lagt fram ein eigen plan for korleis vi fram mot 2030 kan kutte utslepp tilsvarande 73 % samanlikna med 1990-nivå. Der går vi sjølvsagt inn for å forby luksusforbruk som privatfly. I vil også innføre progressive avgifter på store yachtar, i tillegg til flyreiser der det finst alternativ, og innføre ein ekstraskatt for dei som tener over 1,5 millionar kr. årleg. Slik får vi rettferdig klimakutt og omfordeling samstundes. 

Her i Bergen har vi mange lokale tiltak vi vil gjennomføre dei neste fire åra. Vi vil m.a. gjere kollektivtransporten billegare og betre, og på sikt gratis. Slik kan bussen bli eit reelt alternativ til bilen for fleire. Vi vil avskaffe luksusforbruket cruiseturismen faktisk er, slik at vi ikkje grønvaskar ei næring med enorme utslepp på verdsbasis. Vi vil satse storstilt på straumsparing gjennom ENØK-tiltalk, både for kommunale bygg og gjennom støtteordningar til privatpersonar og burettslag. Det sparer lommeboka, klima og natur på ein og same gong. Med slike tiltak kombinerer vi klimakamp med klassekamp. Ulikskapen og utsleppa må trass alt ned samstundes.

Folk flest har ikkje privatfly, men vi har moglegheit til å bruke valdagen til å stemme fram ein ny kurs. Det er på tide å la Exit-gutane ta sin del av ansvaret, og sørge for ein rettferdig miljøpolitikk for folk flest.