Skittent spel om Haugland skule

Dette debattinnlegget er óg publisert på Bygdanytt si web-side.

Ei sikker oppskrift på å skape politikarforakt er å setje forskjellige grupper opp mot kvarandre. Gjerne grupper som stiller heilt naudsynte og rettmessige krav.

Byrådet legg no opp til ein prosess for gamle Haugland skule i Ytre Arna, der dette skjer. Då Skulebruksplanen blei vedtatt i 2016, stemte alle partia i opposisjon (frå Frp til Raudt) mot å leggje ned Haugland skule. Foreldra hadde gode argument. Dei ville oppretthalde nærskulen, og slik ta vare på nynorskbrukarar i Bergen kommune (talet på elevar som brukar nynorsk har stupt etter at skulen blei lagt ned). Dei var dessutan djupt uroa over den lange og ikkje særleg trygge skulevegen ungane ville få som følgje av at skulen blei lagt ned.

Vedtaket er eit eksempel på ein sentraliseringspolitikk som mange no er lei av. Det kan verke som at fleire av innbyggarane i Bergen opplever at dei ikkje blir lytta til.

No har foreldra og andre engasjerte i lokalmiljøet på Haugland gått saman for å starte ein Montessoriskule. Denne strategien er velkjend frå distrikts-Noreg. Det er rett og slett eit forsøk på å ta vare på lokalskulen. Lokalmiljøet har òg samla nok underskrifter til eit innbyggarinitiativ som bystyret i Bergen må handsame, der dei ber om å få kjøpe gamle Haugland skule til dette formålet.

Initiativet set partia på venstresida i ein vanskelig posisjon. Vi ønsker i utgangspunktet at alle skular i Bergen skal vere gratis for dei som går der, og ivrar difor ikkje for privatskular. Samstundes forstår vi krava frå foreldra, og ønskjer å vurdere ønsket deira seriøst grunna den spesielle situasjonen lokalmiljøet er i.

Problemstillinga er like vanskeleg for eit parti som Krf, som er positiv til privatskular.

Kva gjer så byrådet for å «løyse» denne floken? Jo, dei kjem opp med heilt nye planar som ingen tidlegare har kjend til – i alle fall ikkje offentleg – om å bygge bustader for psykisk utviklingshemma i lokala til gamle Haugland skule. Dette er bustader som både venstresida og Krf lenge har ivra for å bygge. Det er umogleg for oss å seie nei til dette framlegget.

På neste bystyremøte vil våre parti slå eit siste slag for å vidareføre Haugland skule som offentleg skule. Dersom dette framlegget fell, som det høgst sannsynleg kjem til å gjere, vil SV og Raudt støtte å bygge bustader der i staden.

Difor er vi sinte. Vi er sinte på vegne av lokalmiljøet på Haugland og vi er sinte på vegne av dei som har stått i bustadkø altfor, altfor lenge. Løysinga til byrådet er ei finte og ei felle, som til sjuande og sist vil slå tilbake på byrådet sjølv. Truverdet står ikkje til truande.

Hilde Maria Boberg Andresen (SV) og Sofie Marhaug (Raudt).

Representantar i komité for barnehage, skule og idrett