Fråsegn om utbygging av Dokken

Bystyret i Bergen skal 22. februar handsame byrådet sitt framlegg til arealstrategi for Dokken-området.

Framlegget inneheld ingen mål om sosial bustadbygging eller om offentleg eigarskap til areala. Dokken kan lett ende opp som endå eit byutviklingsprosjekt som skaper bustader for dei rike og middelklassa og bidreg til bustadspekulasjon., t.d. med korttidsutleige eller framleige til prisar
styrt av marknaden. Vi krev at minst halve bustadarealet må settast
av til andre bustadeigarmodellar som desse:

● Deleige
● Leige til eige
● Eigenkapitalkrav løyst ut med kommunale lånegarantiar
● Partsbustader eigd av bustadstiftingar
● Burettslagsbustader med offentleg forkjøpsrett
● Kommunale og/eller samskipnadseigde studentbustader
● Kommunalt finansierte eigarbustader til kostpris, men med
kommunal forkjøpsrett

Transformasjonen av Dokken gjev dessutan Bergen høve til å
eksperimentere med nye bustadformar som legg vekt på
sjølvbygging og på sameige av felles bustadareal i meir kollektive
bustadformer. Områda der det ikkje straks vert reist nybygg, kan
stillast til rådvelde for mobile bustader, gjerne bygd av ungdom for
ungdom i ei sjølvgrodd bystruktur, slik det har vorte prøvd i andre
byar i Skandinavia.

Rødt Bergen viser til at heile arealet på Dokken etter eit planlagt
makeskifte med Bergen Hamn vil vere kommunalt eigd. Vi krev difor
at Bystyret, i tillegg til arealstrategien, vedtek ei eigarstrategi for
dette området som vi alle eig, for å hindre at fellesskapet sine eigde
arealverdiar gjennom aktløyse vert ført over til private eigarar og
gjev desse høve til å kapitalisere verdiane våre.

Ein eigarstrategi må og omfatte alle framtidas byrom og gje klare
føringar for eigarskap til bygningsmassen. Der det vert regulert karréforma kvartal, skal det være offentleg tilgang til dei bilfrie, grøne lungene i bakgardane via opne portrom, passasjar eller gangvegar med offentleg eigarform. Minst halvparten av arealet i bakgardane skal ha offentleg eigarform.