Forsvar og nasjonalt sjølvstende

Den følgende uttalelsen ble vedtatt på Rødt Bergens årsmøte 21. mars 2026.

1. Grønland og den nye sikkerheitspolitiske situasjonen

Det vi har vore vitne til i januar 2026 med Trump-administrasjonens gjentatte truslar mot Grønland og Danmark, viser no Europa at Nato og USA ikkje lenger er ein tryggingspolitisk garantist. Med dette grove brotet med Danmark sin suverenitet og Grønland sin sjølvråderett, er det viktig med solidaritet og praktisk støtte. Norge må også sende militærhjelp om regjeringane i Grønland og Danmark ønskjer det. Russlands fullskala angrepskrig mot Ukraina i 2022 skapte ein ny og krevjande sikkerheitssituasjon i Europa. Med Trumps stadig meir aggressive utanrikspolitikk, som no også rammar allierte i Nato, er sikkerheitssituasjonen forverra. USA under Trump utviklar seg raskt i same autoritære retning som Putins Russland, og desse politiske endringane i USA påverkar Europas strategiske landskap. Visepresident Vance sin tale på sikkerheitskonferansen i München i 2025, og den nye sikkerheitsstrategien til USA, er uttrykk for eit ønske om amerikansk hegemoni, ikkje berre over dei europeiske landa sin utanriks- og sikkerheitspolitikk, men også eit hegemoni over innanrikspolitikken i Europa.

2. Forsvar og nasjonalt sjølvstende

Raudt har alltid vore mot norsk Nato-medlemskap, og no er det enda viktigare at Norge og Europa utviklar ein sjølvstendig sikkerheitspolitikk. Det er altså på den eine sida tid for å revurdere kven vi er militært avhengige av og kven vi skal alliere oss med. På den andre sida, som konsekvens av dette, er det avgjerande at Raudt står saman med resten av venstresida om å styrke vårt nasjonale forsvar. Det er også ei forutsetning for å bli mindre avhengige av USA militært. Samtidig må Raudt halde fram arbeidet med å få oppheva den bilaterale baseavtalen med USA. Vi må sikre norsk jurisdiksjon på norsk jord. I vår turbulente tid, der Russland ved hjelp av systematisk terrorbombing no prøver å fryse over 30 millionar ukrainarar til å gi opp, og USA angrip Latin-Amerika, Iran og truar Grønland, er det svært viktig at Norge rustar seg til å kunne forsvare interessene sine både mot russisk-, amerikansk- og andre lands imperialisme. Slik får vi også betre suverenitetshevding i norske nærområde.

3. Dobbel kamp: Styrking av både forsvaret og velferdsstaten

I ei tid med omfattande usikkerheit og dramatiske endringar i trusselbildet, og der vi må bruke store summar på forsvaret vårt, er det heilt avgjerande å behalde velferdssystemet vårt intakt. Vi må ikkje godta at forsvarsutgifter går utover velferda til folk. Raudt må avvise denne motsetninga, fordi det å forsvare velferdsstaten, også er ein viktig del av sikkerheitspolitikken og totalberedskapen. Nettopp denne doble kampen, både for styrking av forsvaret og kampen mot Forskjells-Norge, er heilt avgjerande for å demme opp mot høgreradikale krefter.

4. Venstresida må stå saman og lære av historiske feil

Ytre høgre er, som vi ser i mange europeiske land, ein alvorleg trussel som vi på venstresida må ta alvorleg. Den nye amerikanske sikkerheitsstrategien, som går hardt ut mot Europa, seier at "den veksande innflytelsen til patriotiske europeiske parti gir grunn til stor optimisme". Mot eit slikt dystert bakteppe, er det avgjerande at venstresida held saman og ikkje lar seg splitte, og at vi lærer av gamle historiske feil. I mellomkrigstida, mens fascismen styrka seg, gjekk tid og krefter til spille med interne kampar. Det var øydeleggande interne kampar på tysk venstreside før Hitler kom til makta i 1933. Tilsvarande strid var det på den republikansk sida under kampen mot Francos fascisme. Dette svekka kampen mot fascismen innanfrå. Dette er viktige historiske erfaringar Raudt og heile venstresida må lære av. Det er særleg viktig i eit tid der ytre høgre og fascismen styrkar seg på bekostning av demokratiske krefter, og der sikkerheitssituasjonen vår er skjerpa.

Illustrasjon: Gerd Altmann / Pixabay