Det kan ikkje vere billegare å kjøpe nytt enn å reparere
Å ta gode miljøval i eiga kvardag er fint (og viktig!), men dei store løfta må samfunnet ta i fellesskap, skriv gruppeleiar for Raudt i Bergen, Mailiss Solheim.
No må vi forby planlagd foreldelse på produkt og sette krav om lengre garantitid og reklamasjonsfrist.
Evig vekst på ein klode med avgrensa ressursar er rett og slett ikkje mogleg. Skal vi løyse klima- og naturkrisa, må faktisk forbruket ned i dei rike landa. Du tenkjer kanskje at dette er ein peikefinger til deg som forbrukar. Det er det i utgangspunktet ikkje. Det er kritikk av dagens kapitalistiske og lineære økonomi.
I dag er det ofte billegare å kjøpe nytt enn å reparere. Kleda våre, elektronikken vår og mykje av det vi forbrukar, er laga for å gå i stykker etter kort tid. Slik at dei som sel produkta skal tene meir. Ein hastig og lineær økonomi. Men det dukkar opp ljospunkt, slik som skomakar Harald Valdersnes i Torggaten som vi kunne lese om 6. september. Han har ikkje hatt det så travelt på 35 år.
Fleire av reparasjonane kosta meir enn eg betalte for skorne då eg kjøpte dei. Kvaliteten spegla nok prislappen. Ein vond sirkel for mange: Det er billegare å kjøpe nytt enn å reparere. Samstundes ender ein opp med skor (eller andre produkt) med dårleg kvalitet. Og slik fortsett runddansen.
Miljøproblema verda står overfor er eit systemproblem. Å ta gode miljøval i eiga kvardag er fint (og viktig!), men dei store løfta må samfunnet ta i fellesskap. Kapitalismen driv rovdrift på både menneske og natur
Eg har vore innom skomakaren med både eigne og familien sine skor dei siste månadane. Fordi vi i dag har råd, skriv innsendaren.
Bryt vi ikkje med dette, kjem vi ingen veg. Og det er lett å bli motlaus, når ein sjølv bruker meir pengar, tid og energi enn ein eigentleg har, på å reparere, sykle, ta tog, redusere kjøttkonsumet og handle lokalt – når dei rike fortsett sitt luksusforbruk.
For det er jo ein gong slik, at dei rikaste stort sett er dei som har både høgast forbruk og står før størst utslepp. Dei 10 prosent rikaste hushaldningane i verda, står for opp mot 45 prosent av alle utslepp, medan den fattigaste halvparten står for berre 13-15 prosent. Vi treng altså ei systemendring, slik at overforbruket kan gå ned!
Det vi kan gjere på ganske kort sikt, er å forby planlagd foreldelse på produkt og sette krav om lengre garantitid og reklamasjonsfrist. Då kan fleire bruke skorne sine lengre, og når dei treng ei oppfrisking, må vi ha fått kutta mva på reparasjonar, slik at folk flest har råd til å reparere. Det er også heilt avgjerande å satse på fagutdanning innan gjenbruk, ombruk og reparasjon, og sikre læreplassar.
I slutten av september skal vi også ha ein konferanse med sirkulær økonomi som tema. Slik at våre politikarar, tillitsvalde, medlemmar og sympatisørar kan lære meir om korleis vi kan gå frå lineær til meir sirkulær økonomi. Eg gler meg spesielt til fiksefest og redesign-verkstad. Slik at ikkje berre skorne mine kan få nytt liv, men også den slitte delen av garderoben. Det er bra miljøpolitikk i praksis.