Byrådet må følgje opp vedtak om hamnespy

Rødt Bergen krev at byrådet følger opp vedtak om kamp mot hamnespy.

Den framande arten «hamnespy» (japansk sjøpung) utgjer ein alvorleg trugsel mot alt liv i sjøen. Arten er oppdaga fleire stader langs norskekysten, og blei påvist på Askøy i desember 2021. Førebels har ein ikkje gjort observasjonar av arten i Bergen kommune.

Hamnespy er ein giftig organisme, den spreiar seg ekstremt fort, kveler det meste av liv på havbotn slik som blåskjell og tareskog, og har ikkje naturlege fiendar i vår fauna. Det vesle sekkedyret dannar store tepper der det kan 11-doble storleiken på kolonien sin på 14 dagar, trivast i sjøtemperaturar mellom 2 og 24 grader C, og toler godt variasjonar i saltinnhald i sjøen. Til saman blir dette ein skremmande sterk fiende og trugsel mot det naturlege livet i sjøen langs kysten vår.

Førebels har statlege myndigheiter lagt alt ansvaret på kommunane som vert råka. Dette meiner Raudt er ei ansvarsfråskriving som må til livs og jobbar for å endre. Det hastar likevel å sette i gang tiltak i Bergen for å hindre arten i å kome til våre hamner. Difor kjempa Rødt gjennom 1 million kroner til dette arbeidet i revidert budsjett (1. tertialrapport) 2022. I ein merknad blei det presisert kva pengane skulle gå til, og at byrådet skulle legge fram ei hastesak for bystyret seinast oktober 2022.

Då hastesaka aldri kom til handsaming, etterspurde bystyregruppa til Rødt oppfølging ved fleire høve. Rødt fekk til svar at hastemomentet var «mindre akutt».

Havnespy, også kjent som japansk sjøpung. Foto: U.S. Geological Survey, Dann Blackwood (USGS)

Med andre ord har byråden på eigehand vald å overstyre eit vedtak gjort av bystyret, og vald å utsette å levere ei sak om tema til handsaming. Bystyret har satt av penger med mål om å hindre hamnepy å komme til kommunen. No legg byråden opp til å bryte med premissa for vedtaket. Byråden ser ikkje ut til å ville handle før arten allereie har kome hit og trugar marint liv i Bergen kommune. Rødt meiner at det er langt frå godt nok! Kjem arten fyrst til hamnene våre, då er det nært sagt umogleg å fjerne den, og den vil truge alt marint liv. Vår største moglegheit til å hindre marin katastrofe, er med andre ord å sikre at arten ikkje kjem til hamnene våre. Som hamneby skal det lite til før arten blir frakta hit på eit skip eller ein båt.

Rødt Bergen krev:

  • Byrådet må følg opp vedtak om å legge fram ei sak om hamnespy for bystyret
  • Årleg sette av pengar i bybudsjettet til arbeid for å hindre hamnespy å kome til kommunen
  • Jamlege informasjonskampanjar ovanfor byens innbyggjarar, båteigarar og hamna
  • Byrådet går i dialog med statlege myndigheiter for meir statleg styrte tiltak i kampen mot spreiing av hamnespy