Fleire steg bakover i brusteinsfanatiske Bergen?

Ivar Jørdre er medlem i Rødt Bergen Sør/Vest, og dette innlegget stod òg på trykk i BT fredag 15. juni. - Eg har sjølv kjent etter kva for deler av legemet som framleis heng på etter å ha kryssa eit ope byrom.

Foto: Tor Høvik (BA)

Stort sett har vel dei fleste eit visst estetisk tilhøve til brustein og hellelagte fortau og byrom. Mange vil meine det set eit triveleg og venleg preg på ein by, der ikkje berre «asfaltjungelen» får råde. Rullestolbrukarar, folk med gåvanskar, folk med synsvanskar og foreldre med barnevogner vil truleg også like og forstå det estetiske. Til ein viss grad.

Når ideen om å gjere Bergens byrom om til eit trivelegare utemiljø i praksis går heilt av skaftet, og når byarkitektsmafiaen og vegstyresmaktene til saman gjer alt det dei kan for å leggje brustein om lag overalt det let seg gjere, og når byregjeringa vår let vere å høyre på råd frå brukarorganisasjonane, eller ikkje tek dei med i heile prosessen - ja, då får me eit brusteinshelvete.

Eit i praksis ristande helvete for mange rullestolbrukarar og sikkert andre. Som rullestolbrukar har eg sjølv kjent etter kva for deler av legemet som framleis heng på etter å ha kryssa eit ope byrom som Vågsallmenningen. Saman med Nygårdsgaten frå 2006 er dette utmerka døme på kva som hender når utførande lokale styresmakter trur dei gjer det rette ut frå universell utforming.

Men det dei gløymer, er kva universell utforming er. Det er ikkje nok å leggje litt «mjukare» brustein i gangfelta og halde seg til den maksimale tillatne (i nokre høve også i overkant) stigningsgraden på fortauskantane. Desse kantane er i fleire høve direkte farlege å køyre opp og ned på med rullestol.

Ingenting er gjort med dette, etter 12 år! Ingen vil truleg nekte for at opprustinga av byrommet i Bergen er på sin plass, men utbyggjarane må forstå kva universell utforming er og konsultera brukarorganisasjonane.

Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har for mange år sidan oppretta ein prosjektstilling som skal arbeide spesielt med tiltaka som er vedteke i Bergen kommune si tilgjengemelding og i fylkesdelplanen«Deltaking for alle - universell utforming». Kvar er dette blitt av? Hamna i ei skuff?

I dokumentet til byrådet sin visjon «7 steg frem for Bergen» finst det mange fine ord og mål for framtida i byen. Det er då det gjeld å få sju gode steg og ikkje sju dårlege på brustein overalt.

For brukarorganisasjonane gjeld det å følgje med, med eit skarpt blikk. Desse gode intensjonars veg må ikkje bli det mange slike har ein tendens til å bli: Ei offentleg sovepute for politikarane. For alt går ikkje av seg sjølv. Gatene i Bergen endrar seg i eit rasande tempo: Den universelle utforminga må takast mykje meir alvorleg, og dei tabbane som allereie er gjort, lyt rettast opp, og det no.