Årsmøteuttalelse: Solidaritet med Palestina

Raudt Bergen støttar det palestinske folket sin kamp for fred og rettferd!

I meir enn 15 månader har Israel ført ein brutal krig mot befolkninga i Gaza. Meir enn 47 000 menneske er drepne, over 100 000 er skada og mange tusen er savna under ruinane. Rundt 70 % av alle bygningar er øydelagde, det finst ingen skular eller universitet og dei fleste sjukehus er lagt i ruinar.

Israel er avhengig av vestleg våpenstøtte og økonomisk støtte. Noreg må sikre at ingen norske våpen eller våpendelar finn vegen til Israel. Oljefondet er ein betydeleg investor i israelsk økonomi, og er dermed med på å oppretthalde krigen og okkupasjonen.

Raudt Bergen stiller seg solidarisk med det palestinske folket og krev:

  • Våpenkvila i Gaza må halde fram til det blir varig fred.
  • Palestinarne må sjølv få bestemme over eiga framtid.
  • Nok naudhjelp må få sleppe inn i Gaza utan hindringar.
  • Opphev den ulovlege okkupasjonen av Vestbreidda.
  • Trekk oljefondet ut av alle investeringar i Israelsk økonomi.
  • Bergen og Norge boikotter Israel økonomisk, utdannelses- og forskningsmessig og kulturelt samt jobber for at denne boikotten også blir internasjonal.
  • Opphev forbodet mot UNRWA sitt arbeid i Gaza og på Vestbreidda.

Uttalelsen ble vedtatt på Rødt Bergens årsmøte 10. mars 2025.