Kven er trans nok?

Det er mange faktorar som skal på plass for «å finne seg sjølv». Verta komfortabel med sin eigen identitet. Som ungdom brukte eg greitt mange timar på prøve å finne ut nett dette.

For meg handla det om utdanning, om eg var i rett type miljø. For andre er ikkje identitetsspørsmåla like enkle. Kjønn er ein sentral del av dei fleste menneske sin identitet. Det kan vere lett å gløyme i kvardagen, der ein gjerne tenkjer at kjønn både er synleg gjennom våre biologiske attributt, og at det er ein fastsett kategori frå fødsel av – som «berre er der».

Så enkelt er det ikkje. Kjønn treng ikkje vere medfødd (biologisk) eller samanfalle med den binære opposisjonen mann/kvinne. Ein type kjønnsuttrykk som ofte fell utanfor er transpersonar – menneske med ein kjønnsoverskridande identitet. Det nyaste talet eg har sett, er at det er om lag 25.000 transpersonar i Noreg (2015). Kanskje er det (store) mørketal. Slik situasjonen er i dag, står denne gruppa i stor grad utan eit adekvat helsetilbod.

I dag er det NBTS (Nasjonal behandlingstjeneste for transseksualisme) på Rikshospitalet i Oslo som har monopol på behandling av transpersonar. På nettsidene deira står det: «I Norge er det NBTS som er tillagt ansvar for å drive pasientbehandling for diagnosen transseksualisme».

For det fyrste er eg rimeleg skeptisk til å snakke om «diagnostisering» av legning og kjønnsidentitet. For det andre gjer monopolet at transpersonar som har fått kjønnsbekreftande behandling ved andre institusjonar, ikkje kan få behandling her. For det tredje har NBTS sagt i media at foreldre ikkje skal la barn få leve i tråd med eigen (kjønns) identitet.

Rikshospitalet sitt meinings- og behandlingsmonopol er skadeleg for menneske som opplever kjønnsdysfori (ubehag ved at kroppens kjønn og oppleving av kjønnsidentitet ikkje samsvarer). Me treng eit desentralisert tilbod til transpersonar.

Alle bør ha lik rett til helsehjelp til rett tid, uavhengig av kjønn, bustad og økonomi. Det er berre den det gjeld som veit kva hen treng. Difor skal eg gå med Raudt Bergen neste laurdag, 9. juni, i paraden under Regnbuedagene med parolen «Nei til Rikshospitalets behandlingsmonopol».

Mailiss Solheim, styremedlem Raudt Bergen. Debattinnlegget stod óg på trykk i Klassekampen 2.juni 2018.

Gå gjerne med Raudt i paraden du også! For meir informasjon syner vi til Facebook-eventen: https://www.facebook.com/events/189139271808122/