Kvinne, kjenn din konto!

Dette debattinnlegget står også på trykk i Bergens Tidende 8. mars 2019.

Bilde: Likelønnsaksjonen

I ei tid der abortspørsmålet overraskande nok har vorte reist igjen, og kvinnerørsla nok ein gong må kjempe for retten til faktisk, sjølvbestemd abort, er det kanskje andre kvinnesaksproblem som forsvinn under radaren. Ikkje misforstå – Raudt står fremst på barrikadane for å behalde og styrke retten til kvinner til å bestemme over sin eigen kropp, men vi klarar å ha fleire tankar i hovudet samstundes. I dag vil vi lyfte fram ein av desse andre utfordringane: likelønn og økonomiske forskjellar.

For kva er greia med kvinner og pengar? I alle økonomiske mål gjer vi det dårlegare enn menn. Vi tener mindre, sjølv om vi tar like lang utdanning og jobbar like lange dagar. Vi eig mindre, i aksjar og bustadsformue. Vi skapar færre verdiar, i alle fall sånn som verdiar vert måla i brutto nasjonalprodukt.

Den økonomiske likestillinga har stått på staden kvil så lenge vi har levd. Vi tener 87 kroner for kvar 100-lapp ein mann tener. Vi har om lag halvparten av bruttoformuen til mannen. Kjønnsforskjellane i formue startar tidleg – gutar under 17 år eig meir aksjar enn jenter på same alder. Der gutar får aksjar til dåp og konfirmasjon, der hopar det seg opp med gull og sølv i jentene sine smykkeskrin. Og når ein går av med pensjon er det langt fleire kvinner enn menn som vert minstepensjonistar – ofte på grunn av deltidsarbeid eller omsorg for barn.

Den ufrivillige deltida rammar i hovudsak kvinner og ofte i dei såkalla «kvinnedominerte yrka». Heile 72% av dei som jobbar ufrivillig deltid er kvinner, og helse- og omsorgssektoren er på mange måtar både verst og best.

Verst fordi så mange stillingar vert utlyst som deltid. I ein gjennomgang av stillingsutlysingar på finn.no gjennomført av Klassekampen viste det seg at 72% av jobbane som helsefagarbeidar var deltid i 2017, og 52% for sjukepleiarar.

Best fordi i denne sektoren er det mogeleg å rydde opp i ganske raskt. Det er offentlege stillingar, hovudsakleg i kommune og sjukehus. Her har vi politikarar eit ansvar for å gjere ei kursendring, og sørge for dei faste, heile stillingane. I Bodø har Raudt sin varaordførar jobba for å få med seg fleirtalet i kommunestyret på nett dette – sørge for sikre arbeidsplassar og ein sikker økonomi for spesielt kvinner, gjennom faste og heile stillingar. Vi i Rødt Bergen vil jobbe for det same i vår by. Vi ynskjer ikkje at kvinner skal fortsette å vere dei økonomiske taparane – vi er klare for å ta kampen!

Med ei mørkeblå regjering trengs Raudt over heile landet. Òg i Bergen. Førestillinga om at kvinner og pengar ikkje heng saman, går langt tilbake i tid. Tidlegare var det ikkje lov for kvinner å gjere lønsarbeid, og dei fekk ikkje ha eigen bankkonto og kunne ikkje eige noko sjølve. Dersom ei kvinne arva formue, vart forvaltinga overført til hennar mann eller bror. Og desse haldningane lever i beste velgåande, og all den tid økonomien er ein sentral del av samfunnet, er den økonomiske kvinnekampen ein av våre viktigaste kampar. Det handlar om pensjon, sekstimersdag, likeløn og faste, heile stillingar. Og kvar gong regjeringa kuttar i formueskatten, må du hugse at dette er ei gåve fyrst og fremst til menn. Som vert betalt av kvinner som må springe fortare, med færre kollegaer, i alle våre barnehagar, sjukehus og sjukeheimar.

Sofie Marhaug, 1.kandidat for Rødt i Bergen
Mailiss Solheim leiar Rødt Bergen.