100 dagar lønna pleie/omsorgspermisjon
Heimebasert gratis omsorg? Er det beredskapsplanen for den komande eldrebølga?
Jonas Gahr Støre sitt valløfte om å gi 75.000 kroner til dei eldre, slik at dei kan få alderstilpassa bustaden sin vil kunne vere til noka hjelp. Både for dei eldre og for deira nermaste, altså dei pårørande. Men dette er nok eit døme på ein eldrepolitikk som legg til rette for heimebaserte omsorg. Antal sjukehusplassar har gått ned og dette aukar presset både på ein sprengt heimeteneste og familie i full jobb.
Denne politikken er ein av årsakene til ein stadig aukande påkjenning for dei pårørande. Den heimebasert omsorga stiller større krav til pårørande i følge Anita Vatland, leiar i Pårørendealliansen. Dette omsorgsarbeidet er ei årsak til auka sjukefråvær, at mange går frå heiltid til deltid og at 18000 arbeidarar ser seg nøydde til å slutte å jobbe tvert.
Dei pårørande jobbar gratis, men må altså betale ein heftig pris for at dei frivillig går inn og overtek arbeidet til helseforetaka. Dette omsorgsarbeidet er på inga måte gratis. Dei pårørande forsvinn ut av arbeidslivet, noko som resulterer i at 18000 årsverk forsvinn ut av det blå, i tillegg til kostnadane av fleire arbeidarar med sjukefråvær og på uføretrygd.
For å få pleiepengar til eldre i Noreg, så må den du pleiar vere ved livets sluttfase. Den pleietrengande må da bu heime hjå seg sjølv eller hjå den som søker om pleiepengar. Men kva med dei som er pleietrengande, og har framleis mange gode år att? I Noreg kan ein arbeidar ta ut permisjon til å gi naudsynt omsorg til familiemedlemmar i maks 10 dagar i året.
I Sverige kan ein få opptil 100 dagar. Dessutan får ei svensk dotter eller ein son pleiepengar òg viss foreldra havnar på sjukehuset. Det er ikkje tilfelle i Noreg. I 2017 var 71 prosent av dei som mottok pleiepengar frå NAV i livet sluttfase kvinner. Den typiske mottakarane er ei kvinne som har fylt 45 år og som pleiar 1 forelder.
Me har viktige velferdstenester som barnehagar, SFO, pensjon, men no skal jo folk stå lenger i arbeid og samstundes jobbe 100 % med å ta vare på nær familie fordi helsevesenet ikkje fungerer som det skal?
Me treng eit system og rammer, grenser for omsorgsarbeid, også for ta vare på dei eldre, tilrettelegging på jobben og stønad.
Uttalelsen ble vedtatt enstemmig på Rødt Bergens årsmøte 21. mars 2026.
Foto: Sabine van Erp / Pixabay