Årsmøte i Rødt Agder 2026

14.-15. mars har Rødt Agder sitt årsmøte på Hove leirsenter på Tromøya i Arendal.

Delegatar frå alle lokallaga i Agder samlast til fylkesårsmøte i Rødt Agder 14. og 15. mars 2026. Alle lokallag kan sende delagatar til årsmøtet, og desse delagatane skal velgast på årsmøta i lokallaga i løpet av februar. Om du vil bli delegat, møt opp på årsmøtet i laget ditt, og ta gjerne kontakt med ditt lokallagsstyre!

Alle medlemmer i Rødt Agder kan komme på årsmøtet og observere utan tale- og forslagsrett. I tillegg til vanlege årsmøtesakar vert det også politiske innlegg og diskusjonar om forskjellige tema. Mest av dette blir det på laurdagen, så den dagen kan vere ekstra interessant for alle medlemmer å vere med på.

Meir info får du som medlem på epost og gjennom laget ditt.

Håper me ser deg på Hove 14. og 15. mars!