Program


Valprogram for Raudt Voss 2019 – 2023

YT ETTER EVNE - FÅ ETTER BEHOV

Dagens samfunn byggjer på kapitalismens logikk, der alt vert produsert og seld etter profittmotiv. Raudt er eit sosialistisk arbeidarparti som tek utgangspunkt i folk sine behov. Me treng ein politikk for grunnleggjande endring av samfunnet. Det viktigaste verktøyet for å få gjennomført Raudt sin politikk, er folk sin eigen innsats. Folk må sjølve ta tak i saker. Me har ikkje tru på at byråkratiet og politikarane åleine kan snu samfunnsutviklinga eller laga ein politikk som gagnar folk flest. Difor meiner me at demokratiet må utvidast drastisk. Raudt vil arbeida for eit samfunn der folk aktivt er med og styrer sin eigen kvardag, eit samfunn der folk yter etter evne og får etter behov!

VOSS - MEIR ENN SENTRUM

Voss er meir enn sentrum, og det er viktig for Raudt å kjempa for livsgrunnlaget der folk bur. Særleg viktig vert dette no i samband med kommunesamanslåinga. Raudt Voss går mot nedlegging av offentlege tenester i grendene og ynskjer å byggja opp kollektivtrafikken og infrastrukturen. Me stiller oss elles positivt til nye bustadfelt utanfor sentrum så lenge det ikkje går på kostnad av dyrka mark eller særlege naturinteresser.

Store varehus og kjøpesenter utanfor sentrums-kjernen, har ført til at fleire butikklokale står tomme. Raudt Voss meiner dette er uheldig.Me ynskjer fokus på meir enn berre handel. Me vil jobba for aktive møtestader og eit levande sentrum der det skal vera godt å bu og opphalda seg.

Raudt Voss går inn for

  • at det vert lagt til rette for nye bustadfelt utanfor sentrum
  • at både sentrum og bygdesentra får grøne område, kunstutsmykkingar og leikeplassar
  • å ta vare på eksisterande friområde i og utanfor sentrum
  • eit sentrum for alle
  • universell utforming av sentrum og god tilrettelegging for gåande og syklande
  • at Vangsgata på sikt vert bilfri
  • å stogga utbygging av nye kjøpesenter
  • å stø plan for P-plassar i tilknyting til kulturhuset

ARBEIDS- OG NÆRINGSLIV

Kampen mot sosial dumping er ein føresetnad for velferdsstaten og ei sterk fagrørsle. Raudt vil jobba for nulltoleranse for sosial dumping i alle verksemder som er leverandørar til Voss herad, og at kommunen nyttar alle tilgjengelege verkemiddel for å stogga utnytting av arbeidarar også i privat sektor. Kommunen som arbeidsgjevar må gå føre med eit godt eksempel. Raudt ynskjer eit tett samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane og å lytta til desse i spørsmål som vedkjem dei. Det er arbeidarane som skaper dei store verdiane i samfunnet, ikkje arbeidskjøparane. Me treng solide fagforeiningar, og at arbeidstakarane får større påverknadskraft.

Raudt Voss går inn for

  • at alle bedrifter oppmodar dei tilsette om å organisere seg. Spesielt skal Voss herad gå føre med eit godt eksempel
  • at fagforeiningane, og dermed dei tilsette, får meir makt
  • 6-timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon
  • tariffavtale i alle bransjar
  • å redusera uynskte deltidsstillingar
  • at det vert jobba for å betra tilhøva for lærlingar i kommunen
  • at det skal bli lettare å etablera lokale verksemder i heile kommunen
  • at ein ved kommunale innkjøp skal prioritera verksemder med tariffavtale og lærling-ordningar

LANDBRUK

Utviklinga i landbruket er mykje den same på Voss som i resten av landet. Arbeidskrafta og lokale ressursar er erstatta av kraftfôr og ikkje-fornybare ressursar. Resultatet er at gardar vert lagt ned, beite gror att, kulturlandskapet forsvinn og produksjonspresset på dyra aukar. Dette er ei utvikling som ikkje kan halda fram. Raudt Voss er for eit sterkt landbruk som byggjer på lokale ressursar, og som vert drive innanfor økologisk forsvarlege rammer. Då er det naudsynt å halde oppe tal aktive bruk. Me meiner at jord- og skogbruk er viktig for heile samfunnet, først og fremst med tanke på sjølvforsyning og matsikkerheit, og for å oppretthalda kulturlandskapet og utnytte ressursane på ein god måte, men også for busetnad og sysselsetjing.

Raudt Voss vil kjempa for

  • å auka produksjonen på lokale ressursar
  • tiltak for auka utnytting av utmarks- og innmarksressursane
  • å halda oppe tal aktive bruk
  • at økologisk landbruk vert oppmuntra gjennom særskilde stønadsordningar
  • auka løyvingar frå staten til primærnæringane
  • statlege stønadstiltak som kompenserer bøndenes tap ved at ein held oppe levedyktige bestandar av rovdyr
  • at kommunen tek initiativ til å gjennomføre prosjektet «Huga på gard»

KOMMUNEØKONOMI

Figur 1. Offentleg sektor sine nettofordringar i % av BNP.

Figuren syner den enorme voksteren av offentleg sektor (=staten + kommunane) sin nettoformue. Det som driv slik vokster, er sjølvsagt pensjonsfonda. Dei var nesten null i 1995 og stipulert til 262% av BNP/9550 milliardar kr i 2019. Legg me til staten si forretningsdrift og kommunesektor, får me den øvste kurva, i underkant av 300% av BNP for heile offentleg sektor i 2019.

Figur 2. Overskot/underskot og nettogjeld i kommunesektoren. Prosent av inntekter.

Figuren syner utviklinga av kommunal nettogjeld i % av kommunesektoren sine inntekter (med og utan pensjonsreserve). Stolpediagrammet er dei såkalla nettofinansinvesteringane. Eit betre omgrep er overskot/underskot. Me ser at i perioden 1995 - 2019 har kommunesektoren hatt relativt store underskot kvart år (knøttlite overskot i 2006), og aukande nettogjeld.

Figurane over er henta frå Revidert nasjonalbudsjett 2019, s.45 og s.49 (fig 3.11.F og 3.13.E). Held me saman dei to figurane, ser me at samstundes som kommunesektoren har store underskot kvart år, har den norske staten ein nettoformue på litt over 300 % av BNP i 2019, eller omlag 11000 milliardar kroner. Det er den suverent største statlege nettoformuen i verda, og me er berre 0,7 promille av folkesetnaden i den same verda. Figur 1 syner at i OECD/Euroområdet ligg Sverige på 2. plass med 30%, Danmark på 3. plass med 0 %, og snittet for OECD/Euroområdet på -70%. Staten har gjennom sin fulle kontroll av innhald i og kostnad for velferdstenestene gradvis endra politisk styring til marknadsstyring. Dette har skjedd gjennom sentralisering, privatisering, konkurranseutsetjing, effektivisering og nytale, som t.d. «nærpoliti» og «handlingsrom». Staten har strupa kommunesektoren og samla seg opp ein monsterformue. Likevel held han fram med å skapa eit bilete av Noreg med alvorlege økonomiske problem og ei nærast nattsvart framtid. Eit døme på kommunalt svartsyn kan vera Voss herad som tuftar økonomiplanen sin på dokumentfalsk.

Voss kommune har same utviklinga som resten av kommunesektoren. I 2011 var underskotet stort. Kommunepolitikarar flest slost ikkje for realistiske rammer, mot ein nyliberal sparepolitikk. Stutt sagt, - gjennom eit parodisk konsulentsirkus la dei ned fleire velfungerande tenester. Resultatet var at tenestenivået i 2016 låg omlag 125 millionar kroner under nivået i 2011, noko som har ført til senka kvalitet, auka stress mellom dei tilsette og tap av omdøme for Voss kommune. Med denne utviklinga vil velferdsstaten rotna på rot. Breie alliansar av dei som vert råka, fagorganisasjonar og politisk opposisjon må til for å stogga galskapen.

Raudt Voss vil

  • krevja at dei Statlege overføringane vert auka slik at dei dekkjer kommunen sine kostnader til lovpålagde oppgåver
  • at kommunen vedtek budsjett ut frå befolkninga sine behov for tenesteyting. Kravet til budsjettbalanse kan ikkje vera overordna behovet for gode velferdsordningar
  • at Staten slettar gjelda til kommunen
  • at kommunen sin del av skatteinntektene vert kraftig auka
  • kjempa mot privatisering og marknadsretting av kommunal forvalting
  • ha innbyrdes samarbeid mellom kommunane for å hindra at staten sin spare- og privatiseringspolitikk blir gjennomført
  • at offentlege selskap skal vera drivne til det beste for folk flest, og ikkje etter aksjelova
  • at kommunen skal gjera undersøkingar blant tilsette og brukarar i kommunen for å finna ut korleis tenestene kan bli betre
  • gå mot eigedomsskatt på vanlege bustader og krevja fullfinansiering av kommunale tenester
  • at kommunen skal vera ein aktiv eigar av eigedom og verksemder

KLIMA OG MILJØ

Raudt ønskjer ein berekraftig og solidarisk klima- og miljøpolitikk. Raudt Voss er for eit lokalsamfunn i økologisk balanse, eit lokalsamfunn der naturen sin eigenverdi skal ha prioritet framfor mogleg kortsiktig gevinst.

Raudt Voss vil

  • arbeida aktivt mot kraftutbygging av Raundalselva, også gjennom sivil ulydnad, og vil tillata berre dei inngrepa som vert vurderte som heilt naudsynte av omsyn til flaumregulering
  • gå mot alle planar om vindkraftutbygging i Voss herad
  • laga lokale ordningar som stimulerer og hjelper folk til energisparing og reduksjon av utslepp
  • stø ordningar som sikrar redusert og meir miljøvenleg forbruk
  • arbeida for eit samanhengande sykkelvegnett i og rundt sentrum
  • at det vert billegare å køyre tog, og at kollektivtilbodet i heile kommunen skal vera gratis
  • arbeida for at det vert utarbeidd klimarekneskap for avdelingane i kommunen, og at tiltak som kan redusera utsleppa vert vurderte
  • at Bømoen skal vera tilgjengeleg for ålmenta, ved kjøp eller regulering

SAMFERDSLE

Voss står ovanfor viktige samferdslepolitiske spørsmål i tida som kjem. Raudt Voss tek klimautfordringane på alvor, og vilprioritera tog og kollektivtransport samstundes som me står fast på krava om auka trafikktryggleik.

Raudt Voss vil jobba for

  • samanhengande sykkelvegnett i heile kommunen
  • gratis, og godt utbygd kollektivtilbod i heile kommunen
  • at det vert billegare å køyra tog
  • at det ikkje vert innført bompengar mellom Granvin og Voss
  • betre rassikring og trafikktryggleik, og betre vegstandard på hovudferdsleåra mellom Voss og Bergen
  • gjennomføring av K5-alternativet etter NTP, utan utsetjing
  • oppgradering av Hardangervegen til fullverdig to-feltsveg

HELSE OG OMSORG

Raudt Voss vil arbeida for ein heilskapleg helse- og omsorgspolitikk med auka satsing på helsefremjande tiltak og førebyggjande arbeid. Me vil at ordinære helsetenester og førebyggjande tiltak skal vera tilgjengelege på lik line for alle i kommunen. Etter vårt syn heng tenestemottakarane sin trivsel og tryggleik saman med helse og omsorgsarbeidarane sine arbeidstilhøve. Raudt Voss meiner derfor ein må auka tal tilsette i denne sektoren.

Raudt vil arbeida for

  • at Voss herad skal innføra ei prøveordning med 6-timars arbeidsdag i helse- og omsorgssektoren
  • auka bemanning i heile helsesektoren for å sikra gode arbeidstilhøve og rekruttering
  • å oppretthalda legekontoret i Granvin
  • monaleg utbygging av sjukeheimsplassar og eldrebustader
  • å styrka brukarmedverknaden
  • at ingen skal måtte bu på dobbeltrom mot sin vilje
  • at eigendelen til skyss på dagtilbod vert fjerna
  • å fjerna eigendel på hjelpemiddel frå Hjelpemiddelsentralen

BARNEHAGE OG SFO

Voss heradet treng nye kommunale barnehageplassar og ei monaleg opprusting av fleire av barnehagane me har i dag.Raudt Voss legg FN sin barnekonvensjon til grunn og meiner at alle born, uavhengig av inntekta til foreldra, har krav på god utdanning og trygg oppvekst. Me vil difor arbeida for at barnehagen skal vera offentlege og at heile sektoren vert styrka. Det er stor trong for å auka talet på tilsette med ulike typar fagutdanningsom skal gje offentlegtilsette trygge stillingar og eit godt arbeidsmiljø.Raudt Voss vil arbeida for at barnehagen og SFO vert styrka pedagogisk. Me vil ha 100% dekning for barnehage og SFO, og meiner at alle som har trong for barnehage eller plass i SFO, må få lovfesta rett til dette når dei treng det.

Raudt Voss krev

  • gratis barnehage og gratis SFO frå 1. til 4. klasse
  • minimum ein tilsett per høvesvis 2 små barn og 4 store barn, og at bemanningsnorma gjeld heile barnehageåret, heile opningstida og på alle avdelingsnivå
  • at alle tilsette i SFO og barnehagar, uavhengig av utdanning, skal ha tariffavtale
  • at private barnehagar skal følgja tariffavtale i gjeldande bransje og ha pensjonsavtale som er like god som kommunen sine barnehagar
  • at kommunen skal kunna stilla krav til dei private barnehagane med omsyn til bemanning og pedagogtettleik

SKULE

Nyliberalismen pregar samfunna i den rike verda. Det har gjeve utdanningsreformer som i aukande grad øydelegg kvaliteten på opplæring og oppseding. Nyliberalisme reduserer kunnskap til teknisk kompetanse, handling til manipulerbar åtferd, elevar til økonomiske innsatsfaktorar og kultur til kostnadstung ulempe. Raudt Voss er sterkt imot denne tendensen. Skulevesenet må setja kunnskap i høgsetet, og skulen sitt mål må vera å danna elevane til kritiske og handlingsdyktige menneske. Det kan ein berre gjera ved å formidla kulturarven så breitt og djupt som råd er, på tvers av alle ismar og ideologiar.Raudt Voss vil arbeida for at skulen skal vera offentleg og at heile sektoren vert styrka. Voss kommune har gjennom fleire valbolkar underbudsjettert oppvekstsektoren. Det er mykje å ta att for at alle skulane iheradet skal koma på eit nivå som stettar krava frå Utdanningsdepartementet. Vossaskulane ligg m.a. langt bak normene for digitalisering som den nye fagfornyinga legg opp til. Dette vert tydleg når me samanliknar skulane på Voss med skulen i Granvin, der heradet har satsa på utdanning og opplæring på eit mykje høgare nivå enn Voss kommune.

Raudt Voss vil

  • forsvara einskapsskulen og grendaskulane
  • ha sentrale lønsoppgjer for lærarane
  • krevja auka lærartettleik
  • gå inn for bemanningsnorm i skulen, med minimum ein lærar per atten born og maksimum tjue born i kvar klasse
  • arbeida for løyvingar som gjer det mogeleg å følgja lovverket
  • forsvara ein livssynsnøytral skule
  • ta del i aksjonar for å forsvara det offentlege skuleverket

SOSIALSEKTOREN

Raudt ynskjer ein sosialpolitikk som byggjer på forsking og ikkje på synsing frå populistiske strøymingar. Forsking fortel oss at fattigdom, utanforskap, kriminalitet og helse følgjer kvarandre tett, og at individuelle problem i stor grad er samfunnsproblem. Vidare fortel forskinga oss at universelle løysingar er gode botemiddel mot utanforskap. Dei siste åra har me sett ei rekkje kutt i tenester og stønader til personar som er avhengig av bistand. Dette fører til meir utanforskap og større problem, ikkje berre for einskildindivida, men for heile samfunnet.

Raudt vil arbeida for

  • at sosialklientar får behalda barnetrygda si
  • å auka sosialhjelpssatsane
  • å styrka ordningar med varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA)
  • gode, individuelle tenester for menneske med nedsett funksjonsevne og andre med trong for tenester, jfr BPA, avlasting, fritidstilbod, m.v.
  • fleire tilsette med sosialfagleg bakgrunn på nav og elles i kommunen
  • at kommunen skal arbeida aktivt for å tilsetja personar med hol i cv-en
  • at utekontakten vert styrka og får utvida opningstid

BUSTADPOLITIKK

Det er i dag ikkje nok rimelege bustader i Voss herad, korkje på leige- eller eigarmarknaden. Det er heller ikkje nok kommunale bustader til innbyggjarar som, av ulike grunnar, treng hjelp av kommunen til å finna ein plass å bu. Raudt Voss vil at kommunen skal ha ein aktiv og sosial bustadpolitikk.

Raudt Voss vil jobba for

  • at politikarane i kommunen skal greia ut moglegheiter for å starta leige-til-eige-prosjekt i samarbeid med Husbanken
  • at kommunen må byggja eller kjøpa fleire kommunale bustader
  • at husleiga på kommunale bustader ikkje skal fylgja marknaden, men prisast lågare enn andre utleigebustader

INTERNASJONAL SOLIDARITET

Sjølv om me no har eit kommune- og fylkestingsval, meiner Raudt Voss at me alle må løfta blikket og skoda lenger enn til våre eigne grenser. Verda står i brann! Voss herad må verta ein solidaritetskommune som tek stilling og ansvar, og som syner solidaritet med menneske som lid. Difor er det naudsynt å knyta kontaktar med andre folk og kulturar, også på kommunenivå. Dette kan til dømes vera gjennom venskapssamarbeid. Me har mykje å læra av andre, samstundes som me har erfaringar og kunnskapar å læra vekk.

Raudt Voss vil

  • arbeida for at Voss herad skal få ein venskapskontrakt med Palestina og stø andre venskapssamarbeid
  • arbeida for kommunal boikott av varer frå Israel og frå det okkuperte Vest-Sahara

FLYKTNINGPOLITIKK

Raudt Voss meiner at dagens flyktningpolitikk er defensiv, for lite heilskapleg og til tider inhuman. Kapitalinteresser og nasjonal proteksjonisme skal ikkje styra integreringssektoren. Solidaritet, humanisme og inkludering må vera styrande når me skal utforma politikk på dette området. Godt lokalt integreringsarbeid heng sterkt saman med eit godt tenestetilbod til alle innbyggjarane i kommunen. Me er ikkje tente med særordningar for einskilde grupper, men skal syta for at alle som treng tenester frå kommunen, får dette.

Raudt Voss vil jobba for

  • at dagens busetjingskvote vert oppretthalden, eller auka om det er behov for det
  • at kommunen held fram med å ta imot flyktningar som har behov for busetjing, utan å leggja kommunale føringar på kva type/kategori flyktningar me ynskjer
  • at dagens kommunale tenestetilbod på integreringsfeltet vert styrka
  • at kommunen går føre når det gjeld å vera ein inkluderande arbeids- og praksisplass for minoritetsspråklege
  • ei desentralisert opplæring for minoritetsspråklege elevar på nærskulen, med naudsynte faglege ressursar

FEMINISME

Kvinnekamp er klassekamp. For Raudt Voss er det avgjerande at både kvinner og menn skal vera økonomisk sjølvstendige. I Noreg tener kvinner framleis berre 87% av det menn tener, og fleire kvinner enn menn jobbar ufrivillig deltid. Me får ikkje eit reelt demokrati og eit sosialistisk samfunn, utan reell likestilling mellom kvinner og menn på alle område i samfunnet, der kvinner og menn er likt representerte i organ som tek avgjerder. Det er også heilt naudsynt at samfunnet tek trakassering og valdtekt på alvor.

Raudt Voss vil arbeida for

  • i samarbeid med fagforeiningane, å greia ut kva kommunen kan gjera for å sikra like løns- og arbeidsvilkår mellom menn og kvinner
  • at politiet og rettsvesenet tek trakassering og valdtektssaker på alvor og handlar raskt
  • akuttmottak for valdsoffer i indre Vestland

SKEIV POLITIKK

Raudt Voss jobbar for eit ope og inkluderande samfunn der alle kan vera seg sjølve. Voss skal vera ein god kommune å leva i, uansett kjønn, kjønnsuttrykk, relasjonspreferanse eller seksuell orientering.

Raudt Voss vil jobba for

  • at lokale organisasjonar som arbeider for lhbtiq-rettar vert støtta og synleggjort
  • at kommunen tek initiativ til å laga ein plan for kjønns- og seksualitetsmangfald

KULTUR

Raudt Voss oppfattar kultur som eit samleomgrep for alt som omfattar mennesket sine åndelege og materielle aktivitetar. Kultur gir sosialt fellesskap. Kunnskap om, og deltaking i kulturelle aktivitetar styrkar demokratiet og folk sine moglegheiter til å endra samfunnet. Derfor ynskjer Raudt Voss auka satsing på kultur.

Raudt Voss går inn for

  • å innføra aktivitetskort som gir gratis eller rabattert tilgang for barn og unge til kulturaktivitetar
  • at det vert lagt til rette for ungdomsaktivitetar på ungdommens premissar
  • støtte til uorganiserte aktivitetar
  • at kulturhuset vert tilgjengeleg for både organiserte og uorganiserte aktivitetar
  • utvida opningstider og auka moglegheit for sjølvbetening i biblioteket
  • å styrka kulturskulen gjennom større breidde i tilbodet og fleire elevplassar
  • syskenrabatt og lågare foreldrebetaling i kulturskulen
  • auka løyvingar til frivillige kulturinstitusjonar og idrettslag
  • at arbeidet med Voss gamle kino vert sluttført, med ei god akustisk scene
VELFERD OG FRIDOM FOR FOLK FLEST! GODT VAL - RØYST RAUDT!