Program


Valgprogram 2023 - 2027 for Raudt i Seljord

Kampen mot Forskjells-Noreg

Seljord er ein kommune med djupe dalar og høge fjell, handelssentrum og kulturlandskap, tronge juv og vide åkrar. På same måte rommar kommunen gardbrukarar og gründerar, pleieassistentar og pendlarar, arbeidslause og uføre, unge og gamle – der alle spelar ei rolle i å forme bygda vår til det ho er.

I heile Noreg trugar auka forskjellar og privatisering alt det arbeidarrørsla har bygd opp – tryggleik, velferd og eit sterkt fellesskap. Det gjer at makt og mogelegheiter blir urettvist fordelt. Samfunn bygd på samarbeid og likeverd er meir rettferdige enn samfunn basert på kapitalistisk konkurranse. Fordi fellesskap fungerer. Derfor er kampen mot forskjells-Noreg Raudt sin aller viktigaste sak, både lokalt og nasjonalt.

I Seljord vil Raudt arbeide for:

  • Maks straumpris på 38 øre for private og stønadsordningar for næringslivet, finansiert av konsesjonskraft
  • Gode offentlege velferdstenester i heile kommunen
  • Progressive kommunale avgifter, som t.d. reduserte satsar for einslege
  • Forbetra openheit og innsyn i kommunale avgjersler
  • Nøkterne satsar for løn og godtgjersle blant tilsette og folkevalde i kommunal leiing

Helse og velferd

Folkehelseinstituttet har vist at det er store variasjonar i folk si helse og levealder, og at ulikskapen i helse er ei fylgje av ulikskap i økonomisk status. Dei siste åra har me òg sett ei kraftig auke av psykiske helseplager blant barn og ungdom.

Det viktigaste kommunane kan gjere for folkehelsa er å syte for sosial utjamning gjennom å sikra born og ungdom like moglegheiter. Nasjonalt vil Raudt arbeide for avskaffing av føretaksmodellen og innføre ei heilskapleg offentleg helseteneste, inkludert tannhelse.

I Seljord vil Raudt arbeide for:

  • At folk kan bu heime så lengje dei sjølve ønskjer og klarer
  • Vidareføring av LOS-prosjektet i grunnskulen
  • Sikre vidare drift av Steinmoen og lage liknande tilrettelagde butilbod/servicebustader fleire stader i kommunen
  • Statleg rammefinansiering (ikkje stykkprisfinansiering) av legetenesta i kommunen

Kultur og idrett

Kultur er livsviktig for tilhøyrsel og identitet, og Raudt ønskjer eit rikt og mangfaldig kultur- og idrettsliv som stimulerer både vanlege innbyggjarar og profesjonelle utøvarar. Det frivillige arbeidet i grender og bygder må verdsetjast, samstundes som det etablerte kulturlivet og kunstnarar i det frie feltet får betre levekår. Raudt ønskjer au tilbod utanom tradisjonelle idrettsgreiner, til dømes e-sport og motorsport. Alle skal kunne oppleve og delta i kultur og idrett uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn.

I Seljord vil Raudt arbeide for:

  • Fjerning av kravet til lønsemd og forretningsdrift for Granvin kulturhus
  • Redusert foreldrebetaling i kulturskulen
  • Auka godtgjersle for dugnadsinnsats knytt til arrangementa på Dyrskuplassen
  • Utlånsordning for instrument og utstyr
  • Etablering av snoskuterløyper med tilhøyrande friområde – med inspirasjon frå og tilknyting til løypenettet i Vinje
  • Styrking av folkebiblioteket som kulturformidlar og møteplass
  • Variert kultur- og idrettsliv i heile kommunen
  • Støtte grendehusa i kommunen slik at alle bygder kan ha ein samlingsplass
  • Styrking av nynorsk som bruksspråk i kommunen
  • Eit godt skulebibliotektilbod i både Seljord og Flatdal

Barnehage og skule

Raudt meiner at det offentlege har eit stort ansvar for å skape trygge og gode oppvekstvilkår.Tilbod om barnehageplass i nærmiljøet er ein viktig del av dette ansvaret. For barn og foreldre i dalstrøk og fjellbygder er det ikkje godt nok med tilbod om plass i Seljord sentrum.

I Seljord vil Raudt arbeide for:

  • Utvida barnehage i Flatdal med fleire plassar og småbarnsavdeling
  • Modernisering av skulebygga i Seljord
  • Auka personalressursar til alle barnehagar i kommunen
  • Styrking av nynorsk som opplæringsmål i skulen, med krav om at alle digitale læremiddel og læringsressursar blir tilgjengelege på nynorsk
  • Redusert foreldrebetaling for SFO og barnehage
  • Gratismåltid i løpet av skuledagen
  • Forsøk med leksefri skule
  • Evaluere bruken av digitale verktøy i skulen
  • Mobilfri skule

Nærings- og arbeidsliv

Den viktigaste næringa er og blir matproduksjon. Raudt vil auke graden av sjølvforsyning og minke den unødvendige og forureinande frakta av matvarer mellom kontinenta. For å få til dette må bøndene få betre betalt og norsk matproduksjon må beskyttast gjennom jordvern og importvern. Jorda skal brukast til matproduksjon, ikkje til eigedomsspekulasjon.

Raudt ser føreseielege pensjons- og trygdeordningar, regulerte arbeidstilhøve og direkte demokratisk påverknad som ein føresetnad for gode velferdstenester. Derfor er Raudt mot all privatisering av offentlege tenester.

I Seljord vil Raudt arbeide for:

  • Heile og faste stillingar og føreseielege turnusar i kommunal sektor – utan bruk av bemanningsbyrå
  • Kommunale anbodskonkurransar som vektar miljø, kvalitet og lokalt tilhøyre
  • Krav om tariffavtale hjå alle kommunen sine leverandørar og underleverandørar
  • Eit levande og berekraftig landbruk med plass for både større og mindre bruk
  • Streng praktisering av jordvern
  • Interkommunal ressurseining med fast tilsett vikarpersonale innan oppvekst-, pleie- og omsorgssektoren
  • Krav om læreplassar i kommunen og hjå deira leverandørar
  • Meir bruk av utmarksbeite for å hindre attgroing

Klima og miljø

Den viktigaste politiske einskildsaka på planeten vår er kampen mot global oppvarming. Dette er ei utfordring som kapitalismen ikkje klarar å løyse. Tvert imot er kapitalismen sitt innebygde krav om konstant vekst ei av hovudårsakane til problemet.

I Seljord vil Raudt arbeide for:

  • Vidare drift av Seljord Hage
  • Ordning for tekstilretur i løpet av 2024
  • Naturleg elektrifisering av kommunal bilpark
  • Kjeldesortering i offentlege bygg
  • Mest mogeleg lokalproduserte varer og tenester i kommunal sektor
  • Avvising av alle planer om vindkraftutbygging i kommunen
  • Skademinimering knytt til kunstgrasbanen, og på sikt alternativt dekke
  • Samarbeid med nabokommunar om utvikling av biogassanlegg

Bustad og samferdsel

Sentraliseringsspøkelset heimsøker landet vårt, og Seljord kommunemåtrasse krav frå fylke og stat om at all nybygging skal skje i byar og kommunesentrum. På same tid må Seljord stå saman med dei andre Vest-Telemarkkommunane om å halde på og styrke offentlege velferdstilbod i distrikta.

I Seljord vil Raudt arbeide for:

  • Handheving av bu- og driveplikt
  • Langsiktige vedlikehaldsplanar for alle kommunale vegar, bygg og bustadar.
  • Gang- og sykkelstigar langs utsette vegstrekkjer
  • Etablering av «heim for ein femtilapp» etter mal frå Vinje
  • Reguleringsplanar med krav om eit visst tal tilrettelagde bustader i tråd med kommunen sine behov
  • Betre korrespondanse mot togavgangar frå Bø og Skien
  • Fleire avgangar med Haukeliekspressen og haldeplass i sentrum.
  • Venterom med toalett og sykkelparkering på skysstasjonen

Solidaritet og inkludering

Raudt er eit tydeleg antirasistisk parti som arbeider for at alle innbyggjarar skal bli møtt med respekt. Kommunen må syte for at alle flyktningar blir tatt imot på ein god måte, og det er viktig at ein har ordentlege bustadar og naudsynte tilbod på plass for dei som kjem.

I Seljord vil Raudt arbeide for:

  • Eit samfunn der alle er likestilte og inkluderte
    – uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn, kjønn, seksualitet, opphav, tru, hudfarge, kultur og funksjonsevne
  • Busetting av innvandrarar i heile kommunen, ikkje berre i Seljord sentrum
  • Symjeopplæring for flyktningar i regi av kommunen