Program


Valprogram for Raudt Vaksdal 2019 - 2023

Kampen mot forskjells-Noreg og ­forskjells-Vaksdal

Hovudramma for Raudt sin lokalvalkamp i år er kampen mot forskjells-­Noreg. Den aukande forskjellen er vår største utfordring som samfunn. ­Spesielt økonomisk og geografisk ulikskap aukar. For å reversere denne trenden går Raudt Vaksdal til val for profittfri velferd, eit trygt arbeidsliv og rettferdig miljøpolitikk i kommunen.

Kommunane sitt økonomiske handlingsrom har over lang tid blitt stramma inn, ved å overføre fleire oppgåver utan å auke budsjetta. Raudt meiner det er uhaldbart at vi har ein rik stat og fattige kommunar, og har føreslått ­mange tiltak for å styrke kommuneøkonomien på Stortinget. I vårt ­alternative statsbudsjett hausten 2018 føreslo vi å tilbakeføre 13 milliardar kroner til kommunar og fylkeskommunar. For Vaksdal ville dette ha medført eit styrka kommunebudsjett på 7 172 000 kr! Desse pengane kunne ha blitt brukt til sysselsetting, auka talet på tilsette i barnehage og eldreomsorg, samt sikra vikarar ved sjukdom hos fast tilsette. Dette er tiltak Raudt Vaksdal uansett vil kjempe for i kommunebudsjetta dei neste fire åra, i tillegg til å halde barnetrygda utanfor beregngning av sosialstønad og å redusere politikar­lønningar.

Raudt speler på lag med fagrørsla og andre folkelege rørsler slik at vi saman kan utfordre eliten og vinne gjennom med krav som reduserer ulikskapen og styrkar fellesskapet. Når Raudt stiller til val handlar det om politikk, ikkje posisjonar!

Lokaldemokrati og levande distrikt

Raudt er for eit sterkt lokaldemokrati. Det inneber at innbyggjarane får reell moglegheit til å delta i avgjerder som gjeld kvardagen og livsvilkåra deira. Vi meiner at dei beste avgjerdene blir tatt nær folk. Difor er vi mot kommune- og regionreformene som konsentrerer den politiske makta i Noreg på færre hender, og vi er i mot samanslåing med tvang.

Raudt ynskjer eit desentralisert Noreg med levande distrikt. For å lukkast med dette, må vi sørge for likeverdige tenestetilbod over heile landet. Dagens samfunn er bygga på kapitalismen sin logikk, der alt skal produserast og seljast etter profittmotiv. Raudt vil ha eit samfunn som tar utgangpunkt i folk sine behov. Difor vil vi ha mest mogleg demokratiske prosessar nærast mogleg menneska dei rører. Sosialisme er eit system der alle menneske får ta del i avgjerder som angår deira liv, også økonomiske avgjerder, og vi meiner difor at også økonomien må vere demokratisk styrt. Likeins må kommunen gå i mot EØS-krav om anbod og udemokratiske direktiv frå EU.

Helse, sosial og oppvekst

Helse heng saman med klasse. Raudt arbeidar for ei kommune der både førebyggande tiltak og ordinære helsetenester skal vere tilgjengeleg for kommunen sine innbyggjarar på lik linje, uansett sosioøkonomisk stilling, alder, kjønn og bustad.

Raudt går til val på å kaste velferdsprofitørane ut av kommunane, og sørge for velferdsgoder i offentleg regi. Fordi fellesskapet sine skattepengar skal gå til felles velferd, ikkje privat profitt. Vi vel bort kommersielle aktørar for å sikre betre arbeidsforhold for dei tilsette, gode tenester til innbyggjarane og demokratisk styring over velferda vår. Kampen mot profitt i velferda handlar om fellesskapsinteresser mot kapitalinteresser. Barnehage, eldreomsorg, barnevern og andre helsetenester må kome alle likt til gode.

Raudt Vaksdal arbeider for:

  • Ei systematisk kursing av kommunalt tilsette som kjem i kontakt med barn og unge på tema som vald, overgrep og omsorgssvikt
  • At alle helsetenester skal vere offentlege og likestilte, uavhengig av storleiken på lommeboka di
  • Halde barnetrygda utanfor beregngning av sosialstønad
  • Å sikre eit godt sosialt og kulturelt tilbod for dei eldre
  • At vedtak om sjukeheimsplass og omsorgstenester skal takast utfrå den enkelte sitt behov, ikkje omsyn til kommunekassa
  • Å betre legetilbodet i kommunen
  • Eit godt, offentleg tilbod til rusavhengige

Skule og barnehage

Raudt er for lik rett til utdanning. Skuler er i dag ein arena som reproduserer ulikskap. Difor meiner vi at det må setjast krav til at skulen i større grad fungerer utjamnande. Det er behov for god nok bemanning av både lærarar, fagarbeidarar og i skulehelsetenesta. Noreg er eit av berre tre land i Europa som ikkje har gratis varmt skulemåltid, og all forsking viser at gratis skulemat er med på å redusere ulikskap og styrkar barna si helse og trivsel. Difor vil vi innføre dette.

Raudt Vaksdal arbeider for:

  • Leksefri skule
  • Gratis SFO
  • Gratis varmmat i skulen
  • Full barnehagedekning
  • Å gradvis innføre gratis barnehage, på lik linje med skule

Arbeidsliv

Raudt er på arbeidsfolket si side i kampen mot sosial dumping, for fleire kollegaer på jobb og mot overstyring og målemani. Vi arbeider mot innleige frå vikarbyrå som bidrar til sosial dumping, og ynskjer heller ein kommunal vikarpool med fast tilsette, og fleire faste, heile stillingar i kommunen – spesielt i omsorgsyrka.

Raudt Vaksdal arbeider for:

  • Heile, faste stillingar i kommunen
  • 6-timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon
  • Kommunal vikarpool med fast tilsette
  • Å auke sysselsettinga i kommunen og sikre fleire arbeidsplassar

Rettferdig miljøpolitikk

Klimaendringane er farlege, urettferdige og allereie i gong. I Noreg har vi sett korleis flom og ras gjer områder utrygge, og at tørke trugar matproduksjon og næringsgrunnlaget. I andre delar av verda er konsekvensane enno større, og så langt har vi berre sett ein forsmak på kva som kan skje dersom vi ikkje klarar å kutte klimagassutsleppa i tide. Raudt er eit sosialistisk miljøparti. Det tyder at vi står for ei systemkritisk og sosialt rettferdig miljøpolitikk. Kostnadene ved den naudsynte omstillinga av samfunnet må takast i fellesskap, og fellesskapsløysingane må prioriterast framfor å dytte ansvaret over på enkeltpersonar.

Raudt Vaksdal arbeider for:

  • Energieffektivisering i kommunen
  • Kutt i kommunen sine klimagassutslepp
  • Å innføre kjøttfri måndag i kommunale kantiner
  • Å halde fram eit livskraftig og miljøvenleg landbruk i kommunen
  • Kjeldesortering i kommunale bygg og renovasjonsselskap i offentleg regi som sørger for full kjeldesortering for alle husstandar

Kultur og fritid

Kultur gir sosialt fellesskap, og kunst er ein viktig faktor i samfunnsdebattane. Raudt meiner kjennskap til, og deltaking i ulike kulturelle aktivitetar, styrkar demokratiet og folk si moglegheit til å endre samfunnet. Kulturen skal få drive på sine eigne premissar, men kommunen må sørge for gode rammevilkår og like moglegheiter for alle uavhengig av økonomi, kjønn, alder og funksjonsnivå.

Raudt Vaksdal arbeider for:

  • Sjølvstyrt ungdomshus
  • Auka løyvingar til Kulturskulen, senka eigenandel og forpliktande ­samarbeid mellom SFO og Kulturskulen
  • Å sikre bokbusstilbodet i kommunen
  • «Tingotek» for utlån av sportsutstyr, musikkinstrument m.m. i forbindelse med Vaksdal Folkebibliotek

Feminisme og skeivt mangfold

Kvinnekamp er klassekamp. I Noreg tener kvinner fortsett berre 87% av menn si inntekt. Fleire kvinner enn menn jobbar ufrivillig deltid, og mange kvinner blir utsett for valdtekt eller seksuell trakassering – men få av desse blir anmeldt og enno færre fører til domfelling. Berre 28% av landet sine ordførar er kvinner, og kvinnelege representantar i kommunestyra er på 39%.

For å ha eit reelt demokrati og sosialistisk samfunn, er det heilt avgjerande at kvinner får økonomisk og arbeidsmessig likestilling, og at kvinner oppnår lik representasjon i bestemmande organ. Det er eit aukande behov for eit samfunn som tar trakassering og valdtekt på alvor, og som skapar sunne haldningar relatert til kjønn, der bruk og sal av kvinnekroppen ikkje blir akseptert.

Vaksdal skal vere ei god kommune å leve i for alle, uansett kjønn, kjønnsuttrykk eller seksuell orientering. Det finns framleis fordommar mot personar som bryt med tradisjonelle kjønnsrollemønster. Mange flyktningar kjem frå land der synet på kjønns- og seksualitetsmangfold er annleis enn i Noreg. I fleire land er homoseksualitet framleis straffbart. Dette kan gjere at flyktningar vel å bygrense sin kjønnsidentitet, i frykt for å bli utstøytt, og dette er potensielt eit stort helseproblem for alle LHBT-personar. Skule og arbeidsliv er viktige arenaer for å spreie informasjon og fagkunnskap, slik at alle kan leve trygt og ope, uavhengig av kjønn og seksualitet.

Raudt Vaksdal arbeidar for:

  • Likelønn mellom kjønna
  • Auka midlar til offentleg helsestasjon for ungdom og styrka helsesysterteneste
  • At politi og rettsvesen tar trakassering- og valdtektssaker på alvor og handlar raskt
  • At seksualundervisinga i grunnskulen legg særleg vekt på seksuell grense­setting, trakassering og valdtekt
  • Å tilrettelegge for at skeive flyktningar skal vere trygge på både mottak og i samfunnet elles
  • At ein betydeleg del av seksualundervisinga tar for seg LHBT
  • At kommunen tar initiativ til ei haldningsskapande kampanje for ­LHBT-rettigheiter på både skule og arbeidsplassar