Program


Valprogram for Raudt i Ulstein kommune 2023 – 2027

Generasjonen som veks opp i dag kan bli den første på over 100 år som får dårlegare levekår enn foreldra. Prisstiginga på forbruksvarer og straum har ført til større økonomiske forskjellar. Saman med privatisering av offentlege tilbod og tenester fører dette til utryggleik, dårlegare velferd og eit svakare fellesskap. Noreg er på veg i feil retning når dei rike blir rikare og talet på fattige aukar. Men det går an å snu denne utviklinga. Raudt arbeider for å skape eit vendepunkt. Difor er kampen mot Forskjells-Noreg vår hovudsak.

Dei statlege overføringane til kommunane er for små til å finansiere dei kommunale oppgåvene. Raudt har i sine framlegg til statsbudsjett foreslått å auke overføringane, utan å få gjennomslag. Ulstein kommune har difor dårleg råd, noko som betyr at vi må prioritere. Her vil Raudt alltid setje innbyggjarane sine behov fremst. I staden for å leige inn dyre eksterne konsulentar, må vi byggje opp gode og kompetente fagmiljø. Gode kommunale tenester er forbyggjande og difor billegare enn reparasjonar.    

I kommunestyret i Ulstein vil Raudt prioritere desse sakene:

Kamp mot fattigdom

  • Kommunen må utarbeide ein handlingsplan mot fattigdom. Som eit må strakstiltak må sosialstøttesatsane aukast, samtidig som all avkorting av støtta blir fjerna.
  • Dagens ordning med mellombelse gjennomgangsbustader må skrotast. Kommunen må i staden sørge for gode bustader for langsiktig og rimeleg leige til dei som treng det.
  • Kommunen må etablere ei støtteordning som sikrar at alle barn har råd til å delta i organisert idrett.
  • Raudt vil auke botnfrådraget for den kommunale eigedomsskatten.

Nei til naturtap

  • Nedbygging av matjord og myr må stoggast. Arealplanar som bryt med dette formålet må reviderast. Ved planar som inneber naturinngrep skal det det utarbeidast ei grundig konsekvensutgreiing. Kommunen må vedta arealnøytralitet.
  • Nei til Hafast
  • Nei til vindkraft på land, til havs og i fjøra

Styrk dei kommunale helse- og omsorgstenestene

  • Auke bemanninga ved institusjonane og i heimetenesta
  • Nei til konkurranseutsetjing og privatisering
  • Styrke det psykiske helsetilbodet

For ein tryggare skule

  • Bevare dagens skulestruktur til det er utvikla ein langsiktig skulebruksplan som tar omsyn til planlagt bustadbygging
  • Kommunen må sikre eit psykiatrisk tenestetilbod i skulehelsetenesta
  • Kommunen må sjølv ta større ansvar for arbeidet for integrering og mot mobbing.
  • Kommunen skal arbeide for å styrke yrkesutdanninga og auke talet på kommunale lærlingplassar
  • Kommunen må arbeide for at skuleskysstilbodet blir betre tilpassa undervisningstidene

Raudt vil òg arbeide for desse sakene

  • Kommunale anbodsutlysingar skal krevje at tilbydarar skal dokumentere at dei følgjer norske lovkrav, har allmenngjort tariffavtale og følgjer FNs berekraftmål. Anbod skal leverast på nynorsk.
  • Kommunen skal berre gi skjenkeløyve til verksemder som betalar allmenngjort tariffløn.
  • Vi vil prioritere eit livssynsnøytralt seremonilokale som kan nyttast at alle trusretningar og livssyn, og seier difor nei til ny kyrkje i Ulstein.
  • Kommunen skal arbeide for å styrke Arbeidstilsynet for å bekjempe sosial dumping og ulovlege arbeidsforhold.
  • Nei til kommunesamanslåingar dersom ikkje innbyggjarane vedtar noko anna i folkerøystingar.