Storoffensiv for tilflytting og rekruttering!

Årsmøtet i Raudt Ullensvang har drøfta denne hovedutfordringa for både kommunen , industrien og næringslivet elles. Raudt inviterer på nytt til ein felles, tverrpolitisk motoffensiv for å gjere prognosane om nedgang i folketal og elevtal til skamme!

Raudt Ullensvang sitt årsmøte er glad for at stort folkeleg engasjement sikra at skular, barnehagarog SFO vart skjerma i 2025. Som einaste parti gjekk vi imot ein omkamp gjennom ein ny barnehage- og skulebruksplan i 2026. Etter vårt syn trengs det å å utvikle heile kommunen som ein attraktiv kommune å flytte til og arbeide. Då er å halde oppe alle skular, barnehagar og SFO heilt sentralt i heile kommunen!

I tillegg trengs det ei storsatsing på bustadbygging og regulering av bustadmarknaden (t.d. Airbnb) og sikre at alle som ynskjer å flytte til Ullensvang for å jobbe får ein bustadgaranti av kommunen i to år.

I tillegg har Raudt utvikla ein felles handlingsplan for rekruttering og tilflytning dei neste fire åra som vi vonar at innbyggjarane og andre parti vil vere med på å vidareutvikle.

Denne planen vil både betre kommuneøkonomien, sikre kommunal velferdsoppgåver, faste heile stillingar, og redusere innleige av vikarbyrå, innleigefirma og konsulentar i kommunal og privat sektor.