Program
Kommuneprogram 2023 - 2027 for solidaritetskommunen Ullensvang
Programerklæring:
Raudt Ullensvang byggjer på dei sosialistiske ideala om rettferd, solidaritet og samhald. Vi ynskjer å byggja ned skilnadene i samfunnet. Vi ynskjer å utvikla lokaldemokratiet, miljøet og eit mangfaldig næringsliv, kulturliv og velferdstilbod i heile kommunen.
Raudt Ullensvang ynskjer å gjera Ullensvang til ein livskraftig og attraktiv kommune, der folk trivs og dit mange får lyst å flytta, samt vera open og inkluderande. Vi vil arbeida for levedyktige og aktive bygdelag i alle delar av kommunen – mot sentralisering og for likeverdige tenestetilbod same kvar folk bur.
Ullensvang har eit stort utviklingspotensiale innan m.a. industri, landbruk, reiseliv og kultur. Raudt Ullensvang vil utfordra regjeringa og Stortinget og fylkeskommunen til betre rammevilkår og storsatsing på distriktsutvikling. Me vil aktivt søkja tverrpolitisk stønad i sakene vi fremjer.
Raudt Ullensvang ynskjer å utvikla ein sunn politisk kultur, prega av sakleg argumentasjon, gjensidig respekt og handlekraft, der alle forslag blir tatt på alvor. Det er eit målå engasjera flest mogleg før politiske vedtak blir fatta.
Raudt Ullensvang ynskjer at alle ressursane i kommunen skal takast i bruk på ein miljøvenleg måte, og kunnskapen og evnene til innbyggjarane skal nyttast for å utvikla heile kommunen.
Raudt Ullensvang vil stø eldsjelene, frivillige lag og organisasjonar og den sterke dugnadsånda i heile kommunen. Ei av våre viktigaste oppgåver er å sikra og styrka gode offentlege velferdstenester til alle som treng det, inkludert eit fullverdig lokalsjukehus i Odda.
Raudt Ullensvang vil forsvare faglege og sosiale rettar for arbeidsfolk – rett til fast jobb og heiltid – og eit trygt og godt arbeidsmiljø basert på tariffavtalar og arbeidsmiljølova.
Raudt Ullensvang vil arbeida for nulltoleranse mot all diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, sosial status, funksjonshemming eller seksuell legning – for Ullensvang som ein verkeleg solidaritetskommune.
Kommuneprogram 2023 - 2027
Vårt kommuneprogram byggjer på prinsipp-, arbeids- og fylkesprogrammet til partiet, som du finn på vår heimeside www.raudt.no
Raudt Ullensvang vil prioritera fylgjande saker:
For mindre skilnader
- Auka sosialstønad.
- Kamp mot barnefattigdom, m. a. støtte til fritidsaktivitetar til born i familiar med låg inntekt.
- Tak på leiarløner i kommunen.
- Gjennomgang av godtgjersler for politiske verv med mål om reduksjon.
- Full openheit og demokratisk kontroll med kommunen sin representajon og eigarskap i alle selskap, sikra kjønnsbalanse i styra.
- Makspris på straum, 35 øre/kWt til vanleg forbruk.
Helse og omsorg
- Sikra nok desentraliserte sjukeheimsplassar, omsorgsbustader, demensplassar og avlastningsplassar for demente og andre som har behov for det i heile kommunen.
- Auka grunnbemanning i pleie og omsorg, SFO og barnehagar.
- Styrka Odda Sjukehus. Utvida tilbod med fleire oppgåver og tilsette.
- Halda oppe alle legekontor i kommunen.
- Sikra eit fullverdig tilbod ved alle helsestasjonar.
- Styrka psykisk helsetilbod i kommunen, særleg for barn og ungdom.
Arbeidsliv
- Utvikla kraftforedlande industri basert på rimeleg og fornybar vasskraft.
- Nytt kommunen si konsesjonskraft til fordel for innbyggjarane og lokalt næringsliv.
- Nei til privatisering og konkurranseutsetjing – Ja til profittfri velferd.
- Tilsetja i faste, heile stillingar.
- Meir ressursar og fleire tilsette på landbrukskontoret.
- Offensiv rekruttering til Ullensvang.
- Prøveordning med 6-timars arbeidsdag.
- Garantera bustad til nytilsette i kommunen dei to første åra.
- Språk- og arbeidskvalifisering for flyktningar i bedrifter og kommunale verksemder.
- Leggja til rette for oppstart av verksemder, knoppskyting og staduavhengige arbeidsplassar.
- Fleire lærlingplassar i kommunen og lokale verksemder.
- Desentralisert utdanningstilbod i kommunen.
- Støtta lokal vidareforedling og omsetjing av landbruksprodukt.
- Utvikla heilskapleg plan for reiseliv i kommunen og leggja til rette for fleire arbeidsplassar i kultur og reiseliv.
- Skjenkeløyve knytt til almengjering av løn. Alle tilsette må ha minsteløn eller høgare.
- Tariffavtale ved all kommunal innleige og anbod.
Klima og natur
- Ta vare på natur og biologisk mangfald i regionen.
- Støtta alle tiltak for å verna om villreinstamma på Hardangervidda.
- Nei til gondolbane til Rossnos.
- Rein Hardangerfjord. Vern om villaks og sjøaure.
- Oppdrett av fisk på land eller i lukka anlegg i sjø.
- Vern om kulturlandskap. Stopp nedbygging av matjord.
- Kommunal klimaplan må på plass.
- Energieffektivisering i alle offentlege bygg, solcelleanlegg på bygg der det er mogeleg.
- Nye kommunale køyretøy og maskinar skal så langt råd vera utsleppsfrie.
- Utnytta fjernvarme frå industri til oppvarming eller andre samfunnsnyttige formål.
- Auka gjenvinningsgrad i renovasjonen.
- Redusera CO2-utslepp frå industrien. Støtta overgang frå kol til hydrogen i produksjonen ved TiZir i Tyssedal.
Samferdsle
- Trygg skule- og arbeidsveg. Ny veg skal ha gang- og sykkelveg der det er mogeleg.
- Ras- og trafikksikring langs Rv 13 gjennom heile kommunen.
- Rassikring av eksisterande bustadar.
- Ferdiggjera reguleringsplan og sikra opprusting av Rv 13 frå Kyrkjenes til Bjotveit.
- Ny tunell på Fv. 49 mellom Nordrepollen og Austrepollen.
- Betre løysing på gjennomgangstrafikk i Odda sentrum.
- Betre kollektivtilbod i Ullensvang, betre samordning og fleire avgangar. Gratis buss til barn og ungdom under 18 år.
- Fiberbreiband og IKT-satsing i heile kommunen.
- Støtta vidare planarbeid for lyntog Oslo-Røldal-Odda-Bergen
Demokrati og inkludering
- Ingen skulekrinsar skal leggjast ned mot foreldra sin vilje.
- Gjeninnfør Odda-modellen - Språkdeling i ungdomsskulen.
- Opprusting utvikling av bibliotek, symjehallar og idrettsanlegg. Symjehallar i drift skal vera opne for folkebading.
- Støtta kulturtiltak i heile kommunen med særleg vekt på tiltak for born og ungdom.
- Auka støtte til frivillige lag og organisasjonar i alle bygdelag.
- Leggja til rette for trygge møtestader, særleg for ungdom, i heile kommunen.
- Auka satsing på førebyggjande arbeid mot rus.
- Nulltoleranse mot mobbing, diskriminering og rasisme.
- Utarbeida gode og trygge varslingsrutinar for tilsette og innbyggjarar.
- Leggja til rette for bustadbygging i heile kommunen.
- Hjelpa vanskelegstilte med å skaffa god og rimeleg bustad gjennom kommunal utleige eller støtte til kjøp.
- Sikra brukarstyrt personleg assistent (BPA) og støttekontakt til alle som treng.
- Fleire flyktningar - Busetjing i heile kommunen.
- Asylmottak i kommunal regi.
KRAFTA ER VÅR – POWER TO THE PEOPLE!
Ullensvang er ein av dei største kraft- og industrikommunane i landet. I kommunestyret, fylkestinget og på Stortinget vil Raudt framleis kjempe for at arvesølvet vårt – den evig fornybare, reine og rimelege vasskrafta – skal vere eit fortrinn for innbyggjarane, kommunen og lokalt næringsliv og gje grunnlag for vidare industriutvikling og busetnad. Raudt har laga ein eigen kraftplan for korleis dette kan skje. Den finn du på våre nettsider. Raudt seier og nei til fortsatt norsk tilknytning til ACER – EU sitt energibyrå og EU sitt 4. energidirektiv, som undergrev kontrollen over kraftpolitikken og kraftprisane i Ullensvang.