Rødt propaganda: Jens Morten Nilsen

Jens Morten stiller til val på historias første Rødt-liste i Malvik. Som småbarnsfar kan ikkje sekstimarsdagen komme fort nok for Jens Morten!

Jens Morten Nilsen

36 år

analytikar i Sparebank 1 og 4.kandidat i Malvik

Kva gjer du til dagleg? Eg spring rundt i tidsklemma som småbarnsfar og arbeider som analytikar i SpareBank 1. Dessutan reddar eg nynorsken og alle dialektane gjennom Nidaros Mållag, passar på at kollegaer har det bra som tillitsvald i Finansforbundet og prøver å endre verda gjennom Raudt Malvik.

Kvifor stiller du til val for Raudt? Ei aukande kjensle av at verda går i feil retning gjer at dette ikkje kan vente lengre. No som sentrum er steindaudt og sosialdemokratiet døyande er det spanande å vere ein del av den nye venstresida som veks fram i Noreg (Raudt) og internasjonalt (Bernie Sanders, Jeremy Corbyn m.fl.). Eg var opptatt av at vi skulle klare å stille liste i Malvik for første gong i historia og ville gi mitt bidrag til dette.

Kvifor treng Malvik Raudt? Malvik er ein del av verda og treng eit tydeleg og kompromisslaust opposisjonsparti til venstre som tør tenkje nytt.

Kva er sosialisme for deg? Sosialisme for meg er samarbeid framfor konkurranse. Kapitalismen har gitt oss fantastisk framgonga dei siste par hundre åra, men til kostnaden at vi har komme til eit punkt der dei rikaste 1% kontrollerer om lag 50% av rikdommen i verda og vi har fått store menneskeskapte klimaendringar. Vi må samarbeide meir og konkurrere mindre for å reversere dette. Kall det sosialisme eller noko anna, berre det skjer snart. Det hastar.

Som småbarnsfar i tidsklemma kan ikkje sekstimarsdagen komme fort nok. Dessutan veit jo alle at 6-timardagen er bra for miljø, likestilling og velferd og ikkje berre for meg.

Kva er din store kjepphest? Å ikkje ha kjepphestar er òg ein kjepphest.

Kva for sak er den viktigaste for deg? Som småbarnsfar i tidsklemma kan ikkje sekstimarsdagen komme fort nok. Dessutan veit jo alle at 6-timardagen er bra for miljø, likestilling og velferd og ikkje berre for meg.

Viss du blei ordførar i morra, kva er det første du ville gjort med ordførarkjeda rundt nakken? Innført sekstimarsdag i kommunen og henta tidleg i barnehagen.

Kva er din beste eigenskap? Null ambisjonar som politikar på eigne vegner.