– Til lukke med siger i streiken!
Landsmøtet i Raudt gratulerer LO og YS med siger i ein historisk streik i privat sektor. – Dette har vore ein rettferdig klassekamp mot reallønsnedgang i et tid med dramatisk prisauke på mat, straum og bukostnader, seier nyvalgt fagleg leiar i Raudt, Stine Westrum.
Foto: Brage Aronsen.
– Samstundes har toppleiarane i bedriftene og eigarane tatt ut historisk store utbytte, bonusar og lønsvekst, seier Westrum.
– Landsmøtet i Raudt slår i ei fråsegn fast at klasseskilja i samfunnet har blitt høgare og ville forsterka seg dersom fagrørsla ikkje hadde tatt denne kampen for sentrale tillegg og låglønstillegg. Tida var inne for ein mot-offensiv frå fagrørsla for å sikre arbeidarklassen større del av dei verdiane som blir skapt i det norske arbeidslivet.
FAGLIG LEIAR I RAUDT: Stine Westrum. Foto: Ihne Pedersen.
– Streiken har vist at fagrørsla har effektive kampmiddel som kan, og bør nyttast for å betre løns- og arbeidsforhold for alle arbeidsfolk i Noreg, også i mellomoppgjera.
Fråsegna seier vidare at gjennom effektiv, god organisering, velfunderte opptrappingsplanar, stor streikevilje og sterkt samhald i heile fagrørsla har streiken gitt gode resultat - ikkje minst for dei lågast løna og alle dei som ikkje har lokal forhandlingsrett.
– På vegne av landsmøtet ynskjer eg LO og YS lukke til i den vidare kampen for å snu ei utvikling i feil lei og sikre fagorganiserte ein større del av verdiskapinga i samfunnet, seier Westrum.