Program
Valprogram for Raudt Suldal ved kommunevalet 2023-2027
Kjære veljar,
Raudt ynskjer å jobbe mot fattigdom, og vil arbeide systematisk med å redusere skilnader på områder frå bustad, kultur og bygdeutvikling til helse og oppvekst. Vi må heve dei som har minst gjennom omfordeling av ressursar, og arbeidslinja må skrotast som styrande prinsipp slik at ingen blir fanga i vedvarende fattigdom. Raudt Suldal ynskjer å sikre ein god og levande kommune med god levestandard for alle innbyggjarar. Låge skilnader styrkar tilliten mellom folk, og skapar difor eit godt samfunn for både fattige og rike!
Samferdsel:
- Gratis buss/båt for alle innbyggjarar med fast adresse i Suldal, etter Stavanger-modellen.
- Hurtigbåtruter må oppretthaldast som i dag og vi vil arbeide for å forbetre tilbodet.
- Lang tunnel i Rødsliane.
- Midtstripe på heile Rv13.
- Trygge vegar.
- Rassikring.
- Betre lokalt busstilbod utanom skuleruter.
Næring:
- Gi bonden ei inntekt å leva av.
- Sauen er framleis eit ålreit dyr.
- Utvikla og tilretteleggje for meir bustadbygging og industri.
- Dei store bedriftene har større ansvar for å legge att verdiar til lokalsamfunnet.
Trygt arbeidsliv - mot sosial dumping i enhver form:
- Prøveprosjekt med 6-timars arbeidsdag med full lønskompensasjon.
- Vi er mot all nedbemanning av arbeidsplassar og formålslaus effektivisering i kommunen.
- Jobbe for auka grunnbemanning på alle kommunale arbeidsplassar. Først på sjukeheimar, deretter i andre omsorgstenester, barnehage og skular.
- Gjere arbeidslivet i Suldal kommune meir attraktivt, med blant anna gode turnusordningar og fleksibilitet med tanke på å tilby fast jobb.
- Prøveprosjekt der NAV Suldal gir uføre informasjon om VTA/VTA-O to år etter uføretidspunkt og deretter kvart 4. år. Med høve for å melde seg av info-ordninga.
- Kommunen må melde inn behovet for fleire VTA-plasser og oppfordre Rysteg til å lage VTA-plassar innanfor teknisk- og medieområdet.
- Kommunen må lyse ut ordinære stillingar i liten prosentbrøk forbeholdt menneske med normbrytande funksjonsvariasjon med jamne mellomrom eller opprette ved behov.
- Det trengs ei betre godkjenningsordning når det gjeld språktrening for flyktningar. Ordninga skal syte for språktrening, ikkje gi gratis arbeidskraft.
- Det må tilretteleggjast for at alle yrkesgrupper i kommunen må få oppleve at dei høyrer til ein arbeidsfellesskap.
- Kommunen må stille strengare krav til arbeidsforhold ved utlysing av anbod, og følgje opp med kontroller.
Skule:
- Trygg skuleveg.
- Førebyggje mobbing ved å auke talet på vaksne i friminutta.
Miljø:
- Syta for at Suldal kommune vidarefører nåverande tiltak, som støtte til ENØK-tiltak, rehabilitering, utskifting av omnar.
- Innføre eit to-prissystem for straum, der vanleg forbruk er rimelig, og luksusforbruk dyrt.
- Det må vere ein miljøstasjon i alle grender, også med høve for å levere plast.
- Vi ynskjer at kommunen skal styre etter eit klimabudsjett.
- Ynskjer å etterstrebe eit arealnøytralitet-prinsipp frå no av i Suldal kommune. Når ein evt. byggjer ut et nytt område, skal tilsvarande areal ein annan stad vernast eller natur-restaurerast.
- Stimulere økonomisk til større grad av variert og lokal matproduksjon
- Ikkje gå inn i interkommunale selskap og miste sjølvstyring, heller samarbeid.
Helse:
- Ikkje kødd med legevakta. Raudt Suldal ynskjer å oppretthalde eit desentralisert helse- og legetilbod.
- Få tilbake røntgenbussen!
- Sette av ein søkbar pott for tannhelseutgifter etter Stavanger-modellen. Tennene er også ein del av kroppen!
- Raudt Suldal vil jobbe for eit godt og framtidsretta helsetilbod innanfor psykisk helse.
- Kommunal akutt døgnseng (KAD) må vere for alle innbyggjarar med behov, uavhengig av sjukdom og alder. Det må vere mogleg å gjere individuelle tilpassingar i tilbodet og ein må vurdere å utvide kapasiteten.
Likestillings- og menneskerettar:
- BPA – gi ideelle leverandørar (JAG og ULOBA) konsesjon til å levere BPA-tenester med standardkontrakt, slik at dei som vil kan velje noko anna enn kommunal BPA. Alle, uansett funksjonshindring, må få innvilga BPA, også dersom timeomfanget er under 25/32 timer i uka.
(BPA = Borgarstyrt Personleg Assistent, er eit viktig likestillingsverktøy for funksjonshindra) - Alle som jobbar med menneske i kommunen må kjenne til innhaldet i CRPD, FN sin konvensjon for funksjonshemmede. CRPD skal tas med alle i vurderingar for alle enkeltvedtak og saksutredningar.
- Helse- og omsorgstenestene kommunen innvilga skal vere i tråd med formålet i Helse- og omsorgstenstelova paragraf 1-1, med særleg vekt på at tenestene skal vere individuelt tilpassa,føre til reell likestilling og sosial tryggleik. Det er den som søkjer tenester som veit kva hen treng og det må ikkje leggast opp til at ein skal måtte påklage vedtak.
- Det må vere ein pott av helsebudsjettet som er fleksibelt, som kan brukast til å opprette nye tenestetilbod eller individuelt tilpassa tenestetilbod i dei tilfella kommunen ikkje har eksisterande tilbod som passar for søkjaren.
- Styrke menneskerettsleg kompetanse i kommunen, spesielt innan helse- og sosialsektoren. Oppfordre til vidareutdanninga "Menneskerettar i helse- og sosialfagleg arbeid" ved UiB.
- Kommunen må ha ein ansvarleg som fyl med på fråsegn og årsmeldingar frå Sivilombodet, Likestilling- og diskrimineringsombodet og Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), og jobbar for at praksis i kommunen er i tråd med deira vurderingar og anbefalingar.
- Alle som jobbar med menneske i kommunen må gjennomgå obligatorisk opplæring/kompetanseheving i autisme og utviklingshemming, etter inspirasjon frå «The Oliver McGowan Mandatory Training on Learning Disability and Autism» i Storbritannia, med dei same nivåinndelingane og kompetansemål.
- Alle born, ungdomar og vaksne i Suldal må få høve til å utvikle og oppretthalde ein positiv identitet. Vaksne må ta større ansvar for å vise at det som skil seg ut kan vere like verdifullt som det «normale». Alle typar minoritetar må kjenne seg trygge og aksepterte i Suldal.
- Det må lagast ein plan for å førebyggje tvangsinnleggingar. Denne må lagast saman med interesseorganisasjonar og innbyggjarar og leggast ut på høring.
- Prøve ut beslutningsstøtteråd istaden for verjemål.
Suldal for innbyggjarane:
- Raudt vil gjera Suldal endå meir attraktiv å bu i. Nøgde innbyggjarar er den beste reklama!
- Styrka kommunesenteret. Stilla krav til eigarar av næringsbygg om å få lys i vindauga, og aktivitet i bygget.
- Få nytt liv i Gata!
- Jobba for å få til fleire arbeidsplassar. Kommunale stillingar må lysast ut i 100%.
- Stilla krav til at bedrifter med meir enn ti tilsette må ha ein VTO-arbeidsplass (tilrettelagt for personar med særskilte behov)
- Syta for at private firma som vert leigd inn ikkje driv sosial dumping.
- Tilretteleggje for aktivitet for frivillige lag og organisasjonar.
- Dekke studielån for å ta studie-/vidareutdanning i yrker og kompetanse kommunen treng dersom ein binder seg opp til å jobbe i kommunen ein viss periode.
- Utvikla og tilretteleggje for meir bustadbygging og industri.
- Tilby attraktive tomter til alle innbyggjarane.
- Innføre eit to-prissystem for straum, der vanlig forbruk er rimelig, og luksusforbruk dyrt.
- Sjølvråderett på kommunale tenester. Heller eigne tilsette/selskap til å drifta kommunale tenester som t.d. feiing.
Godt val!