Styrk biblioteka

Fråsegn frå Raudts landsstyre: Dei offentlege biblioteka i Noreg er særs viktige institusjonar for lokalsamfunna. Alle som ynskjer det kan vitja og bruka biblioteket gratis, og folke- og skulebibliotek har mange roller. Dei er knutepunkt for informasjon, reiskap for læring, rom for å skapa, oppleva og bevara kultur og ein viktig faktor i integrering og sosial utjamning.

Men både folke- og skulebibliotek slit med fylgjene av trong kommuneøkonomi. Særleg skulebiblioteka vert ein salderingspost når kronene ikkje rekk langt nok. Skulebiblioteka har dei siste åra fått redusert opningstider og personalressursar. Mange har for lite pengar til å kjøpa inn nye bøker, og slit med å halda samlinga si relevant. Kutt i budsjetta råkar òg folkebibliotek og fylkesbibliotek. Filialar, bokbåt- og bokbusstenester opplever at det står om nedlegging eller avkorting av tilbodet.

Biblioteka må søka om ulike typar prosjektstønad for å oppdatera og utvikla verksemda si. Dette er bra når ein får stønad, men fører til meir uvisse for dei tilsette, at mykje tid går med til å skriva søknader og etter kvart større ulikskap mellom biblioteka nasjonalt. Dei stadene ein satsar på store kulturhus i kommunesentra kan tilbodet i andre delar av kommunen lett bli svekka.

Innkjøpsordningane for litteratur er viktige for tilbodet i folkebiblioteka. I dei seinare åra har regeringa svekt desse ordningane gjennom å redusera midla som er løyva til Kulturrådet, noko som fører til endå større press på budsjetta til biblioteka.

Raudt vil ha eit nasjonalt bibliotektilbod som har lik kvalitet over heile landet.

Kommunane må ha råd til å sikra innbyggarane god tilgang på bibliotektenester. Slik kommuneøkonomien er no må det gjerast gjennom nasjonale retningsliner med tilhøyrande øyremerka midlar frå staten.

Me vil òg reversera kutta i innkjøpsordningane for litteratur og styrka ordningane for sakprosa, sakprosa til barn og unge og teikneseriar. Det må dessutan vera eit mål at skulebiblioteka får fullverdig del i innkjøpsordningane for barn og unge.

Å styrka skulebiblioteka er særleg viktig. Her stiller me oss bak krava til Aksjon Skolebibliotek og brevet som 11 organisasjoner og fagforbund leverte til kunnskapsminister Torbjørn

Røe Isaksen i januar 2017. I tillegg til å krevja bibliotekfagleg kompetanse i personalet, eigna lokaler og opningstider og ei relevant boksamling vil dei at skulebiblioteka skal koma inn i det pedagogiske planverket til skulen, at råda frå «Evaluering av program for skolebibliotek 2009-2013» vert teke til fylgje og at det skal førast tilsyn med at skuleeigarane gjev elevane tilgang til tilrettelagde skulebibliotek.

Å styrka biblioteka gjev folk betre tilgang på informasjon, litteratur og kultur, noko som styrker oss som samfunn. Gratisprinsippet og den frie tilgangen på offentleg informasjon er nøkkelfaktorar for å halda det moderne norske demokratiet oppe. Raudt vil ha levande og gode folke- og skulebibliotek over heile Noreg!

Les mer om hva Rødt mener