Program


Politisk program for Raudt Stryn i perioden 2023-2027

For eit raudare og grønare Stryn

Raudt si framtidsvisjon er eit samfunn der enkeltmennesket har fridom til å utvikle seg sjølv allsidig og fritt, som produserer dei varer og tenester vi til ei kvar tid har bruk for og som naturen er berekraftig nok til å handtere. Det vil vere ein produksjon til beste for fellesskapet og står i motsetning til produksjon for profitt og den private tileigninga av det økonomiske utbyttet.

Å komme fram til eit slikt fellesskap vil ta lang tid men kimen til dette fellesskapet finst allereie i dag. Den norske allemannsretten med fri rett til ferdsel og ulike naturopplevingar er eit eksempel på dette. Det same gjeld lufta vi pustar i og vatnet vi drikk. Dette er fellesverdiar og rettar vi no tar meir eller mindre for gitt.

Velferdsstaten, som er eit resultat av arbeidarrørsla sin lange kamp gjennom over hundre år, har i utgangspunktet stilt ei rekkje tenester som bl.a. skule, helsevesen og vegar til gratis disposisjon for befolkninga. Desse rettane har no lenge vore under kraftig angrep frå EØS-avtala, multinasjonale selskap, marknadsliberale handelsavtaler, institusjonar som IMF og Verdsbanken, arbeidskjøparorganisasjonane og ein stadig meir offensiv høgreside.

Raudt vil erstatte dagens kapitalisme med eit sosialistisk folkestyre, der økonomi og arbeidsliv styrast demokratisk, og kor målet òg er å ha eit samfunn med låge utslepp og lite forureining. Det er viktig at det arbeidast for at utviklinga innan produksjon, transport og forbruk er berekraftig, og ikkje lenger utgjer eit trugsmål mot livsgrunnlaget for framtidige generasjonar.

Stryn kommunestyre har ikkje myndigheit til å stanse dei skadelege planane om å dumpe gruveavfall i Førdefjorden, til å sikre betre kollektivtrafikk får Stryn til resten av fylket og nabofylka, til å stanse skadelege sentraliseringreformer eller til å få på plass lovendringar som styrkar fagrørsla. Stryn kommune kan likevel velje å vere ein klar og tydeleg røst overfor regional- og sentralmakta, og presse på for ein meir rettvis og meir miljøvennleg utvikling.

Raudt er eit antirasistisk parti. Raudt jobbar for at ikkje nokon skal diskriminerast på grunn av korkje hudfarge, religion, etnisitet, funksjonsevne, kjønn eller seksuell orientering.

Styrk velferden

På tross av at den norske staten er særs rik, rettast det òg i Noreg kraftige angrep mot den delen av den offentlege sektor som kallast velferdsstaten, der òg kommunesektoren har svært viktige oppgåver. Sterke kreftar pressar fram nedskjeringar i offentlege budsjett, og førar òg til at offentlege oppgåver vert lagt ut til private, kommersielle selskap, slik at eigarane av desse selskapa får tilgang til nye marknader og meir profitt. Raudt Stryn går imot å setje kommunale tenester ut på anbod.

Raudt meiner at kommunane og fylkeskommunane må få disponere ein mykje større del av det innbyggjarane betalar inn i form av skatter og avgifter.

Raudt Stryn arbeidar for:

  • å halde alle kommunale tenester og interkommunale tenester på kommunale hender.
  • at Stryn kommune skal krevje at Nordfjord Sjukehus får tilbake ei fullverdig fødeavdeling.
  • at Stryn kommune skal stø folkeaksjonane som kjempar imot skadelege kutt ved Volda sjukehus.
  • at dei statlege overføringane aukast slik at dei dekkjer kommunen sine kostnader til lovpålagde oppgåver.
  • at kommune-Noreg sin del av skatteinntektene aukast kraftig.
  • at kravet til budsjettbalanse ikkje overordnast innbyggjarane sine lovfesta sosiale rettar og omsynet til nødvendige velferdsordningar.
  • ein reduksjon i dei høge SFO-prisane i Stryn.
  • at sosialhjelpssatsane er minst på nivå med tilrådde minstenivået ifølgje Statens institutt for forbruksforskning og at barnetrygda ikkje vert tatt med i inntektsgrunnlaget ved utrekning av sosialstønad.
  • at det skal vere ein god nok kvalitet på dei kommunale helsetenestene og den kommunale eldreomsorga.
  • at det vert løyvd pengar til eit forprosjekt for nytt varmtvassbasseng med mål om byggjestart seinast det siste året i kommunestyreperioden.
  • at Stryn kommune skal prøve å starte opp eit samarbeid med Studentsamskipnaden i Volda om å opprette studentbustader i Stryn kommune.
  • at dei noverande kommunale vegane skal forbli kommunale.

Ein meir sosial profil på eigedomsskatten

Raudt meiner at det er eit godt prinsipp at folk skal yte etter evne, samt få dekka sine behov.

Raudt Stryn arbeidar for:

  • at det vert gjeninnført fritak frå eigedomsskatten for bygg ved gardsbruk frå tidlegare tider som ikkje lenger har økonomisk avkastning, som stølshus, stabbur, naust og liknande.
  • at det ikkje vert gjeve nokon form for fritak frå eigedomsskatten for fritidsbustader.
  • at Stryn kommune skal innføre ein praksis for handheving av eigedomsskatten der alle hussstandar som tener under 3G (tre gongar grunnbeløpet i Folketrygda) og som søker om fritak frå eigedomsskatten, skal få eit slikt fritak.

Kommunen og arbeidslivet

Arbeidslivet er drivkrafta i samfunnet, og Raudt kjempar for eit samfunn med eit verkeleg inkluderande arbeidsliv med eit reelt arbeidsplassdemokrati. Det er dessutan viktig å ha eit arbeidsliv som bidreg til ei berekraftig utvikling. Leiinga og folkevalde i kommunen har eit ansvar for at kommunen er ein god arbeidsplass for alle kommunalt tilsette.

Raudt Stryn arbeidar for:

  • å auke grunnbemanninga i verksemdene til kommunen og jobbe for at deltidstilsette får tilbod om heile stillingar.
  • forsøk med 6 timars arbeidsdag i delar av verksemda til Stryn kommune.
  • at dei tilsette i skulen får auka fagleg fridom, blir mindre detaljstyrte og at det blir gjeve tillit til utdanninga og kompetansen til dei tilsette.
  • ei auke i talet på lærlingplassar i kommunal sektor, samt i bedrifter som kommunen kjøper tenester av.
  • at kommunen skal stille krav til dei som vinn kommunale anbod om byggjeverksemd at dei skal ha tariffavtale, lærlingar og ha skatteplikt i Noreg.
  • at ordførarlønna og lønna til kommunedirektøren skal ligge på nivå med gjennomsnittløna innan kommunal sektor.
  • at eventuell møtegodtgjersle til folkevalde som kjem i tillegg til dekking av tap av inntekt ikkje skal overstige ein gjennomsnittleg dagslønn.

Ja til folkestyre

Eit levande lokaldemokrati vil seie at innbyggjarane får reell mogelegheit til å delta i avgjerdene som gjeld kvardagen og livsvilkåra deira. Det er viktig å halde på retten til like godar og rettar i form av likeverdige tenestetilbod over heile landet.

Raudt meiner at staten skal fullfinansiere oppgåver som overførast til kommunane. Samtidig må innbyggjarane i kommunane kunne delta aktivt i å utvikle lokalt tilpasse løysingar som tek vare på behova til folk og er til det beste for fellesskapet.

Raudt Stryn arbeidar for:

  • at det innførast ei ordning som gjer det slik at når 10 prosent eller fleire av innbyggjarane krev folkerøysting om ei sak, så skal det haldast ei lokal folkerøysting i Stryn om denne saka.
  • at det innførast direkteval på ordførar i Stryn kommune gjennom lokale folkerøystingar, samtidig med kommunestyrevala.
  • at røysteretten ved alle val og folkerøystingar i Noreg vert senka til 16 år.
  • at Stryn kommune skal halde fram med å vere ein sjølvstendig kommune.
  • at Stryn kommune skal arbeidet oppimot Vestland fylkesting, Stortinget og regjeringa med krav om at Vestland fylke vert delt opp i dei to sjølvstendige fylka i Hordaland og Sogn og Fjordane.

For ein berekraftig energibruk og ein meir miljøvennleg framtid

Sentraliseringa med nedlegging av arbeidsplassar i distrikta, skaper miljøproblem. Det er difor viktig med satsing på kollektivtrafikken. Dei menneskeskapte klimaendringane går raskt mot eit vippepunkt og naturressursar tas ut utan tanke på framtidige generasjonar. Det må vere eit mål å få ei berekraftig utvikling, og at kommunen alltid tek miljøomsyn i sine avgjerder og kommunen sin samhandling med næringslivet.

Raudt Stryn arbeidar for:

  • betre tilhøve for å bruke sykkel i Stryn, mellom anna med fleire sykkelstativ.
  • eit betre og billegare kollektivtilbod i heile kommunen, i heile fylket, mellom Nordfjord og Sunnmøre, mellom Nordfjord og Bergen og mellom Nordfjord og Austlandet.
  • at det ikkje vert oppretta enda ei cruisekai i Stryn kommune.
  • ein reduksjon i cruisetrafikken inn til Stryn.
  • å verne matjorda i kommunen.
  • at Stryn kommune skal kjøpe opp en viss mengde mat frå lokale matprodusentar til bruk i ein kommunal matsentral, med månadlege utdelingar av gratis mathjelp.
  • at mest mogleg av Tonningskamben bevarast som rekreasjonsområde.
  • at Stryn kommune kvart år skal søke på midlar frå Miljødirektoratet til tiltak for å gjere Stryn betre rusta til å møte klimaendringane.

Gode oppvekstvilkår

Raudt meiner at alle barn har krav på ein trygg oppvekst. Skulevesenet må ha som mål å danne elevane til kritiske, sjølvstendige og handlingsdyktige menneske. Barnehagane skal vere gode arenaer for både leik og læring. Barn og ungdom må ha tilgang på varierte og rusfrie fritidstilbod.

Raudt Stryn arbeidar for:

  • at det ikkje vert etablert nye kommersielle private barnehagar i kommunen.
  • ei langsiktig opptrapping av bemanninga i barnehagane over den gjeldande, alt for låge, nasjonale bemanningsnorma, som startar med tilsetjing av ein ekstra person i full stilling i alle avdelingar/baser med 15 eller fleire barn.
  • auka kommunal stønad til Telegrafen ungdomskafé.
  • at Stryn skal halde på den desentraliserte barnehage- og skulestrukturen i kommunen.
  • ei auke i ressursane til barnevernet.

Kulturlivet og frivillig sektor

Raudt arbeidar for eit rikt og variert kulturliv, der ulike kunstartar, stilretningar og kulturar med både profesjonelle utøvarar og eit bredt folkeleg kulturliv vert stimulert. Raudt ønskjer auka satsing på kultur gjennom offentleg stønad. Dette må òg gjerast gjennom rimeleg utleige av lokalar til frivillige kulturaktivitetar.

Raudt Stryn arbeidar for:

  • at Stryn bibliotek vert tilført auka stillingsressursar.
  • ei styrking av kulturskulen, med særleg fokus på lokal tradisjon og kulturarv.
  • kommunal stønad til vedlikehald, oppgradering og oppussing av grendehus med eit særleg fokus på universell utforming.
  • kommunal stønad til frivillige kulturinstitusjonar og idrettslag.
  • at kommunen framleis skal satse på Ungdommens Kulturmønstring.
  • at kommunen bidreg meir til å ta vare på Gamle Innvik Ullvarefabrikk.
  • at Stryn kommune i perioden abonnerer på Tilskuddsportalen, slik at organisasjonar i Stryn kommune har tilgang til dette digitale verktøyet.

Politikk for næringsliv og kommunale innkjøp

Raudt Stryn vil at Stryn kommune skal nytte kommunen sin kjøpekraft bevisst, mellom anna til å stø opp om den lokale matproduksjonen og lokale arbeidsplassar, samt premiere arbeidsplassar som er omfatta av landsomfattande tariffavtaler. Stryn kommune bør vidare oppmuntre til danning av arbeidareigde og arbeidarstyrte bedrifter.

Raudt Stryn arbeidar for:

  • at folk som vil opprette arbeidareigde og arbeidarstyrte bedrifter, òg kalla arbeidarkooperativ, skal ha førsterett på etableringsstipend frå næringsfondet til kommunen.
  • at kommunen skal arbeide for å kjøpe mat- og drikkevarer som er så kortreiste som mogleg.
  • at kommunen skal arbeide for å kjøpe møbler som er så kortreiste som mogleg.
  • at kommunen skal ha arbeide for å handle mest mogleg med arbeidsplassar som er omfatta av ein landsomfattande tariffavtale.
  • at kommunen skal prioritere bedrifter med lærlingplassar ved kommunale innkjøp.
  • at kommunen skal ha full stans i kjøp av tenester frå private konsulentforma
  • at kommunen skal ta avstand frå skatteparadis ved å ikkje kjøpe varer eller tenester frå selskap som nytter skatteparadis.
  • at alle serveringsstadar i kommunen, med eller utan skjenkeløyve, må stengjast seinast kl. 02.00 på natta.
  • at kommunen innfører ein regel som seier at om ein serveringsstad gjev lønn under den lovfesta minstesatsen, så skal denne serveringsstaden miste skjenkeløyva, og at kommunen vidare skal informere Arbeidstilsynet og politiet om kvifor ein har fråteke akkurat denne serveringsstaden skjenkeløyva.
  • at det i byggeprosjekt som kommunen set i gang er slik at kontraktskjeda vert avgrensa til maksimalt ein underleverandør, og berre på dei faga som hovudentreprenøren ikkje har sjølv.
  • at Stryn kommune skal be Stortinget innføre ein nasjonal turistskatt.

Stryn og resten av verda

Verda vi lever i er ekstremt urettferdig. Raudt kjempar for eit solidarisk system som tar utgangspunkt i behova til arbeidsfolk og det store fleirtalet av befolkninga på jorda, og ikkje det rikaste mindretalet. Raudt er for ein internasjonal rettsorden som tek vare på folkeretten og grunnleggjande menneskerettar. Raudt meiner at kommunen òg bør ta høgde for menneskerettssituasjonen i andre land ved avgjersler om kommunale innkjøp. Raudt Stryn meiner vidare at Stryn kommune skal ta sin del av ansvaret med å ta imot flyktningar.

Raudt Stryn arbeidar for:

  • at Stryn kommune skal følgje opp organisasjonen ICAN si oppmoding til alle kommunar og byer i verda som å vedta støtte til atomvåpenforbodstraktaten til FN, og på denne måten leggje press på Stortinget og den norske regjeringa om å slutte seg til fleirtalet av land i verda som går inn for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen.
  • at kommersielle selskap ikkje skal få drive mottak for flyktningar eller asylsøkjarar i Stryn kommune.
  • at Stryn kommune gjennomfører ei intern undersøking for å få utarbeida ein tilstandsrapport over kommunen si opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrar, med fokus på om opplæringa er i tråd med dei rettar og pliktar som vert slått fast i Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrarar, samt om alle vaksne innvandrarar får utfordringar i opplæringa som er tilpassa deira personlege norskspråklege nivå.
  • at Stryn framleis skal ha Grytubakkahreppur/Grenivik på Island som vennskapskommune.