Budsjett 2026: Reduserte politikargodtgjersle, meir til helse og fleire lærlingplassar
11. desember 2025 skal kommunestyret i Stryn vedta budsjettet for 2026. Raudt Stryn har levert inn vårt alternative framlegg til budsjett for 2026, basert på kommunedirektøren sitt framlegg.
Vi går her inn for auka stillingsmidlar til Stryn omsorgssenter/heimehjelptenestene, oppretting av ein ekstra kommunal lærlingplass innan helsearbeidarfaget, ein ekstra kommunal lærlingplass innan barne- og ungdomsarbeidarfaget samt 400 000 kr til tiltak knytta til medarbeidarinitiert omstilling på kommunen sine eigne arbeidsplassar, med eit betre arbeidsmiljø og eit redusert sjukefråver som mål.
Dette finansierer Raudt Stryn i vårt framlegg til budsjett ved å kutte i nærings- og utviklingsformål, kutte i kjøp av konsulenttenester til kart/oppmåling og planarbeid, kutte i kommunikasjonsstrategi og kommunikasjonsplan og kutte i tilskotet til Stryn kyrkjeleg fellesråd.
Så har den endelege semja på Stortinget om statsbudsjett for 2026 mellom Ap, Sp, Raudt, SV og MDG ført til at Stryn komune får ytterlegare 4,2 millionar kronar i frie midlar i 2026. Raudt Stryn sitt framlegg til fordeling av desse ekstra midlane er å tilsetje ein musikkterapeut, løyve eit tilskot til demenskoret, følgje opp statsbudsjettet sin prioritering av toppa bemanning i barnehagane og setje det som då vert att inn på kommunen sitt disposisjonsfond.
Under kommunestyremøtet den 11. desember skal òg saka 'Gebyr og betalingsssatsar 2026' handsamast. Raudt Stryn kjem då med eit tilleggsframlegg til denne saka, under punktet om 'Kultur', med følgjande ordlyd:
«Det skal innførast ei behovsprøvd ordning i Stryn kulturskule, der barn i familiar der den totale inntekta til dette barnet sin/sine forelder/foreldre eller ikkje-biologiske føresette er under 600 000 NOK i året – skal ha rett til å delta i dei gruppebaserte undervisningsprogramma i fagområda «Kor», «Dans», «Teater» og «Visuell kunst», heilt utan brukarbetaling.»
..............................................................................................................
Raudt Stryn sitt alternative budsjettframlegg for 2026:
Tiltak og drift
Auka stillingsmidlar til Stryn omsorgssenter/ heimehjelptenestene:
Sum: 800 000
Auke i tiltak knytta til medarbeidarinitiert omstilling på kommunen sine eigne arbeidsplassar, med eit betre arbeidsmiljø og eit redusert sjukefråver som mål, herunder inkludert auka samarbeid med Bedriftshelseteneste1
Sum: 400 000
Oppretting av ein ekstra kommunal lærlingplass innan helsearbeidarfaget:
Sum: 400 000
Oppretting av ein ekstra kommunal lærlingplass for barne- og ungdomsarbeidarfaget:
Sum: 400 000
Sum tiltak:
2 000 000
..............................................................................................................
Kutt i Tiltak og drift
Nærings- og utviklingsformål
- 550 000
Kutt i kjøp av konsulenttenester til kart/oppmåling og planarbeid:
- 900 000
Kutt i kommunikasjonsstrategi og kommunikasjonsplan:
- 250 000
Kutt i tilskotet til Stryn kyrkjeleg fellesråd:
- 300 000
Sum kutt: - 2 000 000
..............................................................................................................
Raudt Stryn sitt framlegg til fordeling av dei ekstra løyvingane av frie midlar til Stryn kommune (4,2 millionar kronar) etter statsbudsjettsemja for 2026 frå stortingsfleirtalet i desember 2025
* Tilsetjing av ein musikkterapeut
* 60 000 i tilskot til demenskor
* 235 000 til toppa bemanning i barnehagane fordelt forholdsmessig til alle ordinære barnehagar ut i frå talet på små og store barn i barnehagen
* Resterande midlar setjast inn på kommunen sitt disposisjonsfond
..............................................................................................................
Verbalframlegg:
Utrekninga av ordførarløna i 'Forskrift Godtgjersle Tapt arbeidsforteneste» skal endrast frå dagens regulering på 86,5 % av stortingsrepresentantars lønn til 67,8 % av stortingsrepresentantars lønn. Slik skal alle andre godtgjersler som no regulerast som ein prosentdel av ordførarlønna òg nedjusterast.
2. Bedrifter som er organisert som såkalla arbeidarkooperativ, det vil seie at dei er eigd og styrt demokratisk av alle dei som arbeidar i bedrifta, skal få førsterett på eventuell oppstartsstøtte frå Stryn kommune.
3. Det skal utgreiast og gjerast rede for kva for program innan IKT som kommunen betalar lisens for, og i den samband òg innhentast ei vurdering frå dei kommunalt tilsette i kvar sektor om det er eit eller fleire av dataprogramma som ein no betalar lisens for som ein eigentleg ikkje treng.
4. Omfanget av leirskulen i kommunen skal reduserast frå 4 til 3 overnattingar.
5. Det skal utgreiast kostnadane og dei praktiske sidene ved ei eventuell oppretting av ein eiga kommunal vikarpool med fast tilsette i oppvekstsektoren, sett opp imot dagens praksis, som til dømes omfattar bruk av ringjevikarar.
6. Stryn kommune skal sende høyringssvar i den varsla høyringsrunda om turistskatt; der Stryn kommune gjev beskjed om at Stryn kommune vil at kommunar skal ha mogelegheit til å krevje inn turistskatt, og at kvar kommune sjølv må kunne velje om ein krev inn per cruisepassasjer, per overnatting på hotell eller begge delar. Vidare skal Stryn kommune i eit slikt høyringssvar gje beskjed om at Stryn kommune vil at innrettinga på ein kommunal turistskattordning vert slik at det ikkje vert sett noko form for avgrensingar for kva for føremål som inntekter frå kommunal skattlegging av turisme, herunder inkludert cruiseturisme, kan vere med på å finansiere.
7. Stryn kommune skal oppmode hamnestyret i Nordfjord Havn IKS til å auke kaivederlaget for cruiseskip, for så å nytte dei auka inntektene frå ei slik auke til å medfinansiere fasilitetar i nærleiken av cruisekai og praktiske løysingar på utfordringar som har sitt opphav i cruiseturismen.
8. Det skal gjennomførast ei utgreiing ved dei praktiske sidene og forventa totale kostnadar ved ein eventuell oppgradering og/eller riving av det eksisterande bygget på tomta der det ein gong var barnehage i Bøagrenda, i kombinasjon med nybygg på den kommunalt eigde tomta, slik at ein kan få på plass fleire kommunale bustadar til utleige på denne tomta, tenkt leigd ut til ein leigepris langt under den noverande snittprisen i utleigemarknaden i Stryn, planlagd som eit bustadsosialt tiltak der ein òg vil søkje om stønad frå tilskotsordningane til kommunar som ligg i Husbanken.
9. Stryn kommune skal sende ein beskjed via ordføraren til finanskomiteen på Stortinget, kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, finansministeren og kommunalministeren om at ein vil ha ei reversering av den regelendringa som kom med ei forskrift i 2002 der ein fjerna dei betalte pensjonsutgiftene frå kommunerekneskapane og istaden sett inn eit utrekna tal utan samanheng med dei faktiske betalte pensjonsutgiftene under namnet «pensjonskostnad», ei endring som har kosta kommune-Noreg eit tosifra tal milliardar kronar gjennom at kommunane sidan 2002 har systematisk fått for lite pengar til å dekkje dei pensjonsutgiftene dei faktisk har betalt.