Program


Valprogram for Raudt Volda perioden 2023-2027

Hovudsaka for Raudt er å kjempe mot forskjells-Noreg. Vi vil ha eit samfunn utan økonomiske skilnader mellom folk, og der alle har same rett til eit godt liv.

Om du røystar på Raudt, røystar du på ein utfordrar. Vi vil vere ei viktig røyst i kommunestyret, men vi kan ikkje snu politikken åleine. Det kan vi berre gjere saman med vanlege folk i kommunen. Vi vil samarbeide med både engasjerte innbyggjarar og frivillige organisasjonar i kommunen og gjerne vere deira røyst.

Det viktigaste Volda kommune kan gjera for å jamna ut sosiale skilnader, er:

  • å vedta direkte fattigdomsreduserande tiltak, som auka sosialstønad og låg husleige i kommunale bustader
  • at kommunen prioriterer drift og bemanning i skule og barnehage, helse- og omsorgstenester framfor investeringar i prestisjefylte byggeprosjekt

Kamp mot økonomisk ulikskap og fattigdom

At nokon er rike og nokon fattige handlar ikkje om personlege eigenskapar, men om politikk. Dei siste åra har det vore reallønsnedgang fordi prisane har auka meir enn løna, og trygder og pensjonsutbetalingar har ikkje halde tritt med prisveksten. Dette har skapt fattigdom! Dette kan politikarane endra!

Raudt Volda vil

  • auka satsane for sosialstønad
  • at kommunen som arbeidsgjevar skal ha løn og stillingsstorleikar som gjer at alle jobbar i kommunen gjev ei løn å leva av
  • Husleiga i kommunale bustader skal vere låg, og ikkje regulert ut frå marknadsleige. Kommunen bør ha kommunale bustader ulike stader, slik at ein kan ta omsyn til at ulike brukargrupper har ulike behov. Dei kommunale bustadene skal, så langt det er mogleg, vere i kommunen sitt eige. Det skal finnast leige- til eige-ordning.
  • Vi vil føreslå ei tiltakspakke mot familiefattigdom i kommunestyret
  • Volda kommune skal vere ein solidarisk kommune. Folk frå alle kulturar, religionar, seksuelle legningar og kjønn skal kjenne seg velkomne og verte inkluderte i Volde.
  • Vi skal gi dei flyktningane og asylsøkjarane som kjem hit eit trygt oppvekstmiljø og ein god inngong til skule og arbeidsliv.
  • Vi vil at Volda kommune skal tilby å busetje fleire flyktningar.
  • Gratis kollektivtrafikk for barn, ungdom og studentar.
  • Redusera ordførargodtgjersla frå stortingsløn ( 1. mai 2022: 1 064 318) til 8G (1. mai 2022: 891 816).
  • Raudt meiner at eigedomsskatt er nødvendig for å sikra drifta av velferdstenestene i kommunen

Barnehage og skule

Ei av dei viktigaste oppgåvene til kommunen er å sørge for gode barnehagar og skular. Her må bygningar haldast ved like, men like viktig er det at det vert sett av pengar til drift og bemanning. Den viktigaste ressursen i skular og barnehagar finn vi i dei gode fagmiljøa som arbeider der. I spørsmål om struktur for skular og barnehagar bør kommunen og rektorane lytte til dei pedagogisk tilsette, foreldre (FAU) og elevar. Vi meiner at små og nære skular og barnehagar gjev trygge og gode oppvekst- og læringsmiljø:

  • Raudt vil halde på den desentraliserte skule- og barnehagestrukturen vi har i kommunen. Raudt vil oppheve kommunestyrevedtaket om at dersom ein skule har færre enn X elevar i tre år på rad, skal administrasjonen på eige initiativ førebu ei sak om nedlegging. Vi har tillit til at pedagogisk personale, elevar og foreldre i lag veit når det er rett å leggja ned.
  • Raudt vil gjeninnføra grenser for kor store skuleklassar på barneskulen kan vera. Vi meiner 20 elevar per klasse er nok i grunnskulen.
  • Raudt arbeider for at det skal vera full bemanning heile dagen i barnehagen. Slik er det ikkje i Volda i dag – når pedagogane har møte- og planleggingstid, og på morgon og ettermiddag er det ofte få tilsette i lag med borna. Dei barnehagetilsette i Volda har i fleire år sagt frå om at det barnehagane i kommunen treng, er denne auken i bemanning. Det vil Raudt føreslå i budsjettet til kommunen.
  • Raudt vil støtte ei forsøksordning med leksefri skule.
  • Raudt vil kjempa for at elevane får alle læremiddel, læringsressursar og relevant programvare på nynorsk, og at borna møter og lærer om nynorsk i barnehagen
  • Det må finnast gratis offentleg betalt skuleskyss frå Hornindal og Austefjorden til Volda. Elevane i Austefjorden vart ikkje høyrde når skulen deira vart lagt ned, då er det minste kommunen kan gjera å syta for skuleskyss
  • Vaksne i skulen må få meir kunnskap om seksuelle overgrep og krenkingar, og korleis handtere det

Helse og omsorg

Me vert fleire eldre, sjuke og demente framover fordi me lever lengre. Dette må me som fellesskap ta hand om – kommunen kan ikkje skyva ansvaret over på dei sjuke sjølve og pårørande.

  • Nei til kutt og nedleggingar i helse- og omsorgstenestene!
  • Den viktigaste ressursen i helse og omsorgstenesta er dei som jobbar der. Dei har rett på ein god arbeidskvardag, med nok bemanning og fulle stillingar
  • Grunnbemanninga bør aukast i omsorgsbustader og på omsorgssenteret, i samråd med dei tilsette.
  • Barn og unge i Volda som har psykiske helseplager, må få hjelp! Kommunen styrer ikkje over BUP, men vi må få på plass eit betre, kommunalt lågterskeltilbod

Kommunen som arbeidsgjevar

Kommunen som arbeidsgjevar skal ha arbeidsvilkår, stillingsstorleikar og løn som gjer at alle jobbar i kommunen, anten ein er reinhaldar eller kommunedirektør, gjev ei arbeidsbelastning til å leva med og ei løn å leva av.

  • det skal utlysast fulle, faste stillingar
  • dei kommunale arbeidsplassane må ha høg nok grunnbemanning til at dei får gjort arbeidsoppgåvene sine
  • kommunen skal unngå bruk av vikarbyrå
  • kommunen har eit særleg ansvar for å ta inn lærlingar, og for å stilla krav om lærlingar når kommunen er oppdragsgjevar
  • kommunen har også eit ansvar for arbeidsvilkåra der kommunen er oppdragsgjevar, som ved byggjeoppdrag. Vi vil sjå til at kommunen fylgjer dei vedtekne seriøsitetskrava for å unngå sosial dumping
  • Raudt vil at Volda kommune innfører forsøk med sekstimarsdag

Kamp mot sentralisering

For å effektivisera, vert offentlege tenester sentraliserte både på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. Dette råkar utkantane, og er sjølvforsterkande. Det krevst aktiv politikk for å halda oppe ein spreidd busetnad.

  • Ikkje gå inn for å leggja ned skular og barnehagar utan å lytta til born, foreldre og pedagogisk personale
  • Betre og billegare kollektivtilbod! Det ungdom i Volda er minst nøgde med i kvardagen sin, er kollektivtilbodet. Moglegheit til å møtast – det må gå buss og ferje også utanom arbeidstida. Gratis kollektivtrafikk for barn og unge!
  • halda oppe kommunale tenester i Hornindal, og utvida tilbodet.

Natur og miljø

Ei viktig oppgåve for kommunane, fylka og staten å sikre ei reelt bærekraftig utvikling. Denne utviklinga må ivareta behova til dei framtidige generasjonane, og sikre naturen og det biologiske mangfaldet.

Volda bidra ved å ivareta dyrebar matjord, sikre dyrebare naturområde mot vidare utbygging, og å halde luft og vatn reint frå utslepp og forureining. Kommunen kan også bidra gjennom veg- og arealplanlegging. Infrastruktur som gode kollektivtilbod er ei viktig forutsetning for busetting og verdiskaping.

  • Ta vare på viktige natur- og friluftsområde som Morkamyra og Mork
  • Det bør finnast utlånssentral for meir enn bøker og frilutftsutstyr. Utvid BUA!
  • Raudt vil arbeide for billegare og betre kollektivtrafikk, også mellom Volda og Hornindalen, og tilrettelegging for sykkel. Vi ønskjer gratis kollektivtrafikk for ungdom, studentar og pensjonistar.
  • Raudt ynskjer ikkje at kommunen skal bidra til å byggje bru over Voldsfjorden. Det vil gi eit dårlegare kollektivtilbod om ferja forsvinn, og leggje til rette for meir bilkøyring.
  • Fiskeoppdrettsnæringa må på land! Utslepp og rømningsfare gjer at dagens opne oppdrettsanlegg ikkje er haldbare. Raudt vil få alt av fiskeoppdrett inn i lukka anlegg, og vi vil få tilbake verdiskapinga frå oppdrettsnæringa til lokalsamfunnet vårt.
  • Kommunen skal (gjennom VØR) leggje til rette for gjenbruk og ombruk, til dømes på miljøstasjonen i Hovdebygda. Vi vil arbeide for at det skal vere gratis å levere avfall
  • Vi vil leggje til rette for andelslandbruk, kolonihagar og samkøyring, og kompostering i staden for innsamling av matavfall i grøne plastposar.

Livet handlar ikkje berre om jobb!

Raudt vil gå inn for forsøk med leksefri 1.-4. klasse. Dei minste elevane har lang nok arbeidsdag som det er, når dei er på skule og SFO frå halv ni til fire. Då bør dei få ha ettermiddagen fri!

Raudt støttar ordningar som gjer det gratis å delta i fritidsaktivitetar

Ungdomsklubb

Møtestader

Ta vare på biblioteket både i Volda og på Grodås

Det viktigaste bidraget Sunnmøre har gjeve til verdskulturarven, er nynorsk. Raudt vil styrkja nynorsken gjennom å stilla krav om nynorsk ved offentlege anskaffingar

Demokrati

Raudt vil at fleire av dei som bur i Volda er med å styra utviklinga i kommunen.

Interpellasjon er ei ordning som gjer at alle kommunestyrerepresentantar kan ta opp ei sak til debatt og røysting i kommunestyret, gjerne saker som innbyggjarane har kome med innspel om til folk som sit i kommunestyret. I perioden 2019-2023 vart denne ordninga fjerna. Raudt vil gjeninnføra ordninga med interpellasjon, slik at det vert lettare for innbyggjarane å bringa opp viktige saker til kommunestyret.

Raudt vil ikkje redusera talet på kommunestyremedlemer eller politiske utval. Å redusera talet på representantar vil ramma bygder, kvinner og andre som er dårleg representert i kommunestyret i dag. Vi vil ha eit meir mangfaldig kommunestyre!