Program
Program for Raudt Sogndal 2023 - 2027
Ein helsefremjande revolusjon i Sogndal
Raudt Sogndal er eit alternativ for deg som krev sosial og økonomisk likskap, og som er oppteken av at dei store avgjerdene vert tekne i fellesskap. Raudt Sogndal vil ha eit ope og inkluderande samfunn der alle menneske er like mykje verd. Me trur på samfunnsbygging gjennom sterke fellesskapsløysingar framfor behovsprøvde og byråkratiske system. Raudt Sogndal ynskjer ei framtid som set vanlege folk sine behov i sentrum.
I DENNE KOMMUNESTYREPERIODEN VIL RAUDT SOGNDAL KJEMPE FOR:
- Eit ope og tilgjengeleg lokaldemokrati
- Profittfrie velferdstenester
- Eit arbeidsliv med faste tilsetjingar og heile stillingar, for dei som ynskjer det
- Å gjere Sogndal til natur- og miljøkommune
- Godt bemanna og tilgjengelege skular og barnehagar i heile kommunen
- At Sogndal vert ein tydelegare solidaritetskommune
- Prioritere tenester for utsette grupper
Kommuneøkonomi
Me lever i ei tid med mykje uro i økonomien. Inflasjon, høge straumprisar og krig i Europa gjer at fleire kjenner at økonomien ikkje strekk til både personleg, i verksemder og i kommunebudsjett. Kommunane vert stadig pålagt nye oppgåver utan at det fylgjer med nok pengar til å løyse dei.
I ei tid der forskjellane aukar, skal Raudt Sogndal arbeide for å snu denne utviklinga. I alt arbeidet me gjer i kommunestyret, vil me sikra at skilnadane mellom folk ikkje aukar.
RAUDT SOGNDAL VIL:
- At kommunane får behalda ein større del av dei nasjonale skatteinntektene for å sikra gode tenester til innbyggjarane
- Sikra ein ansvarleg økonomisk politikk. Me skal prioritera vedlikehald og gjenbruk før store økonomiske investeringar
- Innføre botnfrådrag på eigedomsskatt
- At offentlege verksemder kjøper tenester av lokale verksemder som har tariffavtale
- At kommunen skal vera ein ansvarleg og aktiv eigar av eigedom og verksemder
- Ein tydeleg lønnspolitikk som favoriserer dei lågast lønna kommunetilsette
Styrka demokratiet
Lokaldemokratiet er truga frå fleire hald. Kommunesamanslåing, vindkraftutbygging og straummarknaden er døme på at sentrale avgjersler vert teke utan respekt for lokaldemokratiet. Når kommunane vert større, aukar også avstanden frå innbyggjarar til tenester og folkevalde.
Raudt ynskjer å styrka og utvida rammene for demokratiet for å ta vare på opparbeidde fellesgode. Me vil jobba for at innbyggjarane deltar aktivt i å forma den kommunale politikken.
RAUDT SOGNDAL VIL:
- Me skal vera ein garantist for opne demokratiske prosessar. Politiske møter skal vere varsla i forkant og det skal vere høg terskel for å lukka møter
- At alle politiske møte vert sendt live og lagra på kommunen sine nettsider
- At det vert enklare å få til folkerøysting i kommunen
- Inspirera til innbyggjarinitiativ som underskriftskampanjar o.l. og få i gang prøveordningar der folk kan delta direkte og seia si meining om viktige saker i kommunen gjennom digitale plattformar
- Sikre at spelereglane i lokaldemokratiet vert fylgde ved at forvaltninga vert meir open
Sogndal kommune som arbeidsgjevar
Vi vil arbeide for å verte den mest attraktive arbeidsgivaren på Vestlandet. Kommunen har mange viktige velferdsoppgåver for sine innbyggjarar, og samtidig har kommunen eit viktig ansvar for sine tilsette. Raudt Sogndal ynskjer difor eit tett samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane for å leggja til rette for godt forankra avgjersler.
Om prosjekt skal setjast ut på anbod, er det viktig at kommunen stiller krav om gode arbeidsforhold for dei tilsette i bedrifta som får oppdraget.
Raudt Sogndal ynskjer at vår kommune skal vera ein attraktiv arbeidsplass, med helsefremjande arbeidsmiljø og gode lønsvilkår.
RAUDT SOGNDAL VIL:
- At kommunen aukar grunnbemanninga i staden for å nytta mellombelse stillingar
- At det vert innført kommunale forsøksordningar med 6-timars arbeidsdag og full løn
- Auka talet på lærlingplassar i offentleg sektor og i bedrifter som kommunen kjøper tenester av
- Stilla krav i offentlege anbod om tariffavtale og skatteplikt til Noreg
- Gje gode tilbod om grunn- og vidareutdanning for tilsette i Sogndal kommune
Natur og klima
Ressursmangel, klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald er nokre av dei økologiske krisene som verda står ovanfor. Raudt Sogndal vil jobbe aktivt for å møta desse utfordringane med ein offensiv natur- og miljøpolitikk.
Me meiner at sol, vind og vatn er fellesverdiar som skal vera eigd av fellesskapet. Kapitalismen si drivkraft er å auka profitten på investert kapital. Naturen og klimaet toler ikkje evig vekst og auka forbruk.
I Noreg er det eit overskot av energi. Raudt er i mot å selge fornybar energi til høge prisar og importere europeiske prisar til Noreg. Raudt vil derfor seie nei til meir utbygging av vindkraft og vil i staden satsa på energisparing og energieffektivisering.
Raudt ynskjer å ha eit tett samarbeid med miljøorganisasjonane og lytta til dei.
RAUDT SOGNDAL VIL:
- Laga attraktive ordningar forenergisparing og reduksjon av utslepp som også treff dei av oss med låg inntekt
- Stoppe nedbygginga av natur og dyrka mark i Sogndal kommune og satse på berekraftig turisme
- Sikra at kommunen respekterer naturens rettsvern
- Jobba for eit betre kollektivtilbod i heile kommunen
- Leggja til rette for gåande, syklande og for kollektivtrafikk, for å få ned personbilbruken
- Prioritera lokalprodusert mat i innkjøpsavtaler
- Fremja ordningar for sam- og gjenbruk for å redusera privat forbruk
- At alle nye kommunalt eigde bilar er elbilar
- Sikra strandsonevernet og allemannsretten
- Auke kompetansen i kommunen om natur og miljø
- Ta vare på fjorden som den dyrebare ressursen den er som kjelde til matauk, rekreasjon og berekraftig turisme
Bygdeutvikling og arbeidsplassar
Raudt Sogndal ynskjer å utvikla lokalsamfunnet i fellesskap, basert på nærleik til tenester og arbeid. Me vil jobba for å behalda arbeidsplassar i kommunen og regionen og leggja til rette for at nye bedrifter skal kunne starte opp i kommunen. Raudt Sogndal ynskjer at kommunen vår skal stimulera til eit lokalt og sjølvstendig næringsliv, som sikrar eit mangfald av arbeidsplassar og ei berekraftig utvikling av lokalsamfunnet.
RAUDT SOGNDAL VIL:
- Skapa familievenlege sentrum med leikeplassar og parkanlegg
- Leggja til rette for ein kommune som har naudsynte fasilitetar for breiddeidretten og kultur
- At framtidig utbygging skal skje ut i frå befolkninga si interesse og ikkje eigedomskapitalen og utbyggjarar sine interesser
- Seia nei til auka nettleige og krafteksport. Høge straumprisar har ført til at verksemder i kommunen har sett seg nøydd til å stengja dørene
- Jobba for desentralisering av arbeidsplassar både i offentleg og privat sektor
- Arbeida for eit livssynsnøytralt seremonilokale
- At opprusting av Hellavegen vert prioritert
Helse-, omsorgs- og ,sosialtenester
Kommunen skal sørgja for at alle innbyggjarar får dei helse- og sosialtenestene dei har behov for. Den einskilde sin økonomi skal ikkje vera avgjerande for å ha ein god livskvalitet.
Sogndal kommune treng ei eldreomsorg som sikrar eldre moglegheita for å vera i aktivitet og å få utfalda seg. Raudt Sogndal vil styrka eldre sin tilgang til kultur, sosiale aktivitetar og undervisning.
RAUDT SOGNDAL VIL:
- Ha fleire tilsette og heile stillingar i pleie- og omsorgstenesta
- Tenner er ein del av kroppen, og tannhelse skal likestillast med anna medisinsk behandling
- Styrka kommunen si omsorgstrapp for å sikre alle eit individuelt tilpassa tilbod
- Rusomsorg og psykiatritenester med låg terskel og differensierte tilbod og ettervern,aktiviseringstiltak, verna arbeidsplassar og butilbod med miljøarbeidarar og terapeutar
Oppvekst, kultur og friluftsliv
Raudt Sogndal meiner at alle barn, uavhengig av foreldra si inntekt og livssituasjon, skal ha ein trygg oppvekst. Me vil styrka det kommunale barnevernet, ved å sikra nok tid og ressursar for dei tilsette. Oppfylginga av barn i fosterheimar er ein del av dette.
Raudt Sogndal vil ha ein skule som set læring og ein trygg oppvekst i høgsetet, og som utviklar elevane til å verta gagns menneske. For at læraren skal kunne gjere jobben sin på ein slik måte, må me ha nok tilsette.
Raudt meiner at barnehage og SFO skal vera gratis for alle, på lik linje med skulen. Me støttar alle tiltak på vegen dit.
RAUDT SOGNDAL VIL:
- Ha 100 % dekning i barnehage og SFO
- Auka grunnbemanninga i barnevern, barnehage, skule og SFO
- Ha fortløpande opptak til barnehagane
- Styrka kulturskulen ved å integrera den i SFO- tilbodet
- Styrka barn og unge sin medverknad i all kommunal planlegging
- Auka løyvingar til frivillige kulturinstitusjonar og idrettslag for å senke eigenbetalinga
- Etablera symjebasseng på Leikanger og oppfylla krava til symjeundervisning for alle elevar i kommunen
- Ta vare på dei dugnadsbaserte skianlegga i Saurdalen og på Kleppa gjennom kommunal stønad og fritak frå p-avgift
- Sikra kinotilbodet i Balestrand og Sogndal
- Styrka Kunstbygda Balestrand som eit fyrtårn for kunst i regionen
Solidaritet og kampen mot fattigdom
Med auka trugslar frå klimaendringane og krigsherjingar i verda, vil det verta ei forventa auke i tal flyktningar. Sogndal kommune skal vera med på den internasjonale dugnaden, og helse flyktningane velkomne til kommunen vår. Sogndal må også ta sterk avstand frå maktovergrep ute i verda, og bruka dei politiske kanalane me kan, for å få Noreg til å ta tydeleg standpunkt i desse sakene.
Noreg er i den unike situasjonen at ingen innbyggjarar i landet vårt treng å vera fattig. Raudt Sogndal ser auka ulikskap og fattigdom som ein alvorleg mangel på politisk vilje og solidaritet. Me vil omfordele slik at einslege forsørgjarar, barnefamiliar, arbeidsledige og uføre kan ha føreseielege liv.
Alle fulltidsarbeidarar skal ha ei løn å leva av. Me vil ha eit kraftig løft i løna for tilsette i sørvisyrker, transport, varehandel og assistentar og fagarbeidarar i helse- og omsorg.
Raudt Sogndal vil auka tal kommunale bustadar, og bruka dei som eit verkemiddel for å løfta folk ut av fattigdom, mellom anna gjennom tiltak som “leige til eige”.
For Raudt er kampen mot rasisme og diskriminering eit felles ansvar for heile samfunnet. Raudt vil derfor aktivt ta del i å byggja lokale rørsler som kjempar for inkludering og ta del i arrangering av Pride i kommunen.
RAUDT SOGNDAL VIL:
- At flyktningarbeidet i kommunen skal verta eit prioritert område i den neste fireårsperioden
- Auke ressursinnsatsen i alle dei kommunale tenestene for å styrka integreringa
- Auke tal kommunale bustadar og bruka dei som eit verkemiddel for å løfta folk ut av fattigdom
- Styrka ei universell barnetrygd som betrar økonomien til barnefamiliar
- Sikre sosial profil på kommunale avgifter
- Utarbeide kommunal plan mot barnefattigdom
- Bruke fordelingsmekanismer for å betre økonomien for einslege