Profittfri og miljøvenleg kraft i Norge
Uttalelse vedtatt av Rødts landsmøte 9. - 12. mai 2019.
Illustrasjonsfoto: Pixabay.
Landsmøtet i Raudt er sterkt bekymra for dei høge straumprisane til både innbyggjarane og industrien i Norge. Den reine, fornybare vasskrafta har vore og er framleis ryggrada i norsk elektrisitetsforsyning. Vasskrafta vart bygd ut i forrige århundre for å sikre alle innbyggjarane og industrien straum til kostpris. Vasskrafta var ein naturressurs som gjennom konsesjonslover og offentleg eigarskap skulle nyttast som eit politisk verkemedel for å byggje landet og sikre sosial og geografisk utjamning.
Då Stortinget vedtok den nye energilova for nesten 30 år sidan, starta ein marknadsliberalistisk kraftrevolusjon. Dette vart seinare forsterka gjennom EØS-avtalen, byggjing av utanlandskablar og norsk tilknytning til ACER (EU sitt energibyrå) i 2018. Krafta vart definert som ei vare i ein internasjonal marknad basert på fri flyt av energi i EU/EØS-området. Dei store norske og utanlandske kraftselskapa, med Statkraft i spissen, driv internasjonal kraftbusiness for å auke profitten på bekostning av innbyggjarane, miljøet og industrien i Norge.
Med høge straumprisar har det blitt meir attraktivt å byggje ut vindparkar, også for utanlandske storselskap. Raudt meiner det bør vere ei sjølvfølge at vindkraft basert på norske naturressursar bør eigast av det offentlege og komme folket til gode, og meiner at vindkraft på same måte som vasskraft må betale naturressursskatt. Ein konsesjonsperiode for vindkraft varar vanlegvis 25 år, og etter det bør det offentlege ta over vindkraftverka.
Raudt stør aktivistar og lokalbefolkninga som mange steder nå seier stopp til vindkraftanlegg som vil vere skadeleg for sårbar natur, truga dyre- og fugleartar og som trugar samisk kultur og reindrift. Dette gjelder mellom anna på Frøya, Sørmarkfjellet og Stokkfjellet.
Dei store landbaserte vindkraftanlegga vil alltid bety store inngrep i naturområder. For å frakte vindmøller på opp mot 250 meter trengs store anleggsvegar, og sjølve anlegga krev sprenging, at myr gravast opp og bygging av nye kraftliner. FN sitt naturpanel har dokumentert korleis tap av leveområde er den viktigaste årsaka til at opp mot ein million artar no er truga av utrydding.
Raudt meiner det ikkje skal byggast ut nye vindkraftparker på land i Noreg. I staden for å byggja vindkraftparker på land må eksisterande vasskraftverk oppgraderast, potensialet for solenergi på bustadar og andre bygg utnyttast, og det må satsast meir på forskning og utvikling av flytande havvind.
Ei stadig tettare norsk integrering i den europeiske energiunionen ACER, vil bety auka press på norsk fornybar kraftproduksjon (både vasskraft, vindkraft og andre energikjelder), auka krafteksport og import av enno høgare straumprisar i Norge. Denne utviklinga av kraftpolitikken vil både undergrave natur- og miljøomsyn, sosiale økonomiske omsyn og ein offensiv nasjonal industripolitikk der rimeleg kraft er eit industri- og distriktspolitisk verkemedel.