Program


VALPROGRAM

2023-2027

FOR RAUDT ØYGARDEN

Til kamp mot forskjells Øygarden

Kjære veljar!

Raudt Øygarden vil halde fram med å vere ei stemme for dei som treng det mest.Vi ønskjer å fremje ein solidarisk politikk som tar eit oppgjer med dei stadigaukande forskjellane. Raudt ønskjer eit krafttak mot fattigdom og vil sikre ein godlevestandard for alle innbyggjarane.. Om du har løn, dagpengar eller sosialstønadskal ikkje avgjere om du har eit verdig liv. Raudt vil investere i helse, oppvekst ogsosial utjamning.

Raudt har ein miljøstrategi der målet er ei samfunnsutvikling som tek vare påinnbyggjarane, miljøet og naturressursane. Fokuset kan ikkje berre vere påforbruk og endelaus økonomisk vekst. Vi må ha ein berekraftig plan for utviklingaav kommunen. Nærleiken til havet har vore viktig for innbyggjarane i mangegenerasjonar. Raudt vil ha utvikling og samstundes ta vare på kystkulturen, kapitalenog grunnverdiane som finst her ute. Reint profittorienterte marknadskrefter skal ikkjefå forme miljøet og samfunnet utan å ha innbyggjarane med på laget. Demokrati som styrande prinsipp inneber at innbyggjarane har innsyn i kommunensitt arbeid. Raudt krev meir gjennomsiktige saksprosessar med betre innsyn ikommunale saker. Raudt ynskjer folkeleg medverknad også i budsjettprosessane..Vi arbeider for å styrke trepartssamarbeidet med reell medverknad og innsyn fororganisasjonar. Raudt ynskjer å bidra positivt i kommunestyret, utval og debattargjennom å fokusere på sak og behandle meiningsmotstandarar med respekt.Dette bidrar til at fleire vil delta med viktige synspunkt i samfunnsdebatten, og erhaldningsskapande.

RAUDT VIL:

  • redusere kommunegjelda med tilhøyrande rentekostnader for å sikre demokratiskhandlingsrom i økonomien
  • kutte i løn og godtgjersler til kommunedirektør, øvste stab, ordførar og betaltepolitikarar
  • sikre gode velferdstenester og godt arbeidsmiljø gjennom forsvarleg bemanning ikommunale arbeidsplassar ved å innføre eigedomsskatt på sekundærbustaderog gjeninnføre eigedomsskatt på verk og bruk
  • at alle tilsette skal ha rett til å ytre seg offentleg og i politiske organ omarbeidsforholda deira
  • sikre at organisasjonar som Ungdommens Kommunestyre (UKS), eldrerådet ogråd for personar med nedsett funksjonsevne får medverke i viktige avgjersler
  • at frivilligheita skal styrkast med tilrettelegging og økonomi og takast betre med iutgreiingar,men behalde sjølvstendet og fridomen
  • sikre at Øygarden kommune nyttar seg av SIFO sine satsar ved utrekning avsosialhjelp

Helse og velferd

Innbyggjarane fortener gode kommunale helsetenester og eit samanhengandehelse- og omsorgstilbod gjennom heile livet. For å lukkast må vi ha ein sterkoffentleg helsesektor der det blir lagt vekt på ønska og behova til innbyggjarane.

Vi støttar alle tiltak for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta aktivti samfunnet. Dei skal få dei same aktivitetstilboda på lik linje som alle andre.

Kommunen skal ta vare på innbyggjarane sine og styrke kommunale og frivilligeførebyggande arbeid mot overgrep, rusmisbruk og kroppspress. Det bør ogsåleggjast til rette for at rusmiddelavhengige skal ha tilgang til bustad, økonomiskstøtte, sprøyterom og helse- og sosialtenester. Alle som bur i kommunen skalha tilgang til psykisk hjelp, om det er via helsetenesta, skulen, DPS eller psykiskhelsehjelp.

RAUDT VIL:

  • auke minstesatsen for sosialhjelp til eit nivå det er mogleg å leve av
  • halde alle ekstraordinære utbetalingar utanfor utrekningsgrunnlaget forsosialhjelp
  • framleis styrke barnevernet i Øygarden og setje inn tiltak for å få fleirestøttekontaktar og beredskapsheimar,
  • støtte positivt førebyggande arbeid for barn og unge, som avlastingsbustad ogkurs for foreldre
  • styrke logopedtilbod til vaksne
  • sikre tilbod om brukarstyrt personleg assistanse (BPA) uavhengig av alder
  • arbeide for at kommunen har ein plan som tek vare på personar med nedsettfunksjonsevne i overgangen frå barn til vaksen

Eldreomsorg

Øygarden kommune har ei aukande gruppe med personar som treng hjelp til ulikebehov. Det er her i eldreomsorgen vi treng ei forsvarleg bemanning og for å ta varepå både dei tilsette og bebuarane. Vi treng fleire sjukeheimsplassar og tilrettelagteeldrebustader i kommunen.

RAUDT VIL:

  • opprette fleire stillingar med gode arbeidsforhold for å møte eldrebølga
  • sikre at eldre som treng tryggleiksalarm får dette kostnadsfritt
  • oppretthalde og vidareutvikle mattilbod til eldre via kommunale kjøkken
  • utvide kulturtilbodet til eldre i kommunen
  • jobbe for ei verdig og offentlig eldreomsorg tilpassa behovet til den enkelte, antenein mottar tenester heime, i omsorgsbustad eller på sjukeheim
  • greie ut sekstimars arbeidsdag for tilsette i helsevesenet
  • tilby vidareutdanning for tilsette i kommunen

Oppvekst, barnehage og skule

Utdanning er den viktigaste investeringa for framtida i Øygarden. Raudt ønskjerbarnehagar og skular som stimulerer til sjølvtillit og lærelyst hos alle unge, slik atdei skaffar seg kunnskapar og ferdigheiter til å delta i samfunnet. Vi ønskjer oss ein barnehage- og skulebruksplan som ser på strukturen i heile kommunen. Dagensstruktur er god og bør ikkje endrast før planen er på plass. Kommunen må verekonkurransedyktig og sikre god tilgang på vidareutdanning til alle tilsette som vil ha.

Ein god oppvekstkommune

Raudt vil at alle som veks opp i Øygarden kommune skal ha trygge og godeoppvekster og ungdomstider i gode nærmiljø. Barnehagar, skular, ungdomsklubbarog fritidsaktivitetar må vere nær oppvekstmiljøa og ikkje verke sentraliserande. Deter viktig at barna sine oppvekstkår ikkje vert avgrensa av foreldra sin økonomi.

Raudt vil lytte til ungdommen og organisasjonar som jobbar for ungdom. Det erviktig å styrke tilboda til ungdom, i heile kommunen. Raudt ser det som ei offentlegoppgåve å sikre trygge, trivelege og rusfrie møtestader for ungdommar.

RAUDT VIL:

  • følgje opp forpliktande tiltak mot mobbing på alle nivå i alle barnehagar, skular ogarbeidsplassar i Øygarden gjennom “Trygg i fellesskap” og BTI
  • styrkje PPT og andre viktige støtteinstansar tilknytt barnehagar og skular for å gjelikeverdig tilbod til alle
  • behalde nærbarnehagar og nærskular, og byggje ut og tilpasse dei der dei er ilokalmiljøa
  • redusere foreldrebetalinga for SFO og barnehage, med mål om at det skal bligratis, og utvide ordninga med søskenmoderasjon til å gjelde i både SFO ogbarnehage
  • gje alle barn og unge i kommunen rett til å delta i organisert fritidsaktivitet ikvardagen, uavhengig av familien sin økonomi
  • ha fleire rusfrie møteplassar og fritidsklubbar for ungdom over heile Øygarden
  • ha betre førebyggande arbeid mot rus og mobbing, ved å ha eit tettare samarbeidmellom frivillige og offentlege tenester

Barnehagar

Raudt ønskjer ikkje store barnehagar og meiner grensa bør vere på 4 avdelingar forå skape eit trygt og godt miljø for barn og tilsette. Barnehagen skal vere ein stad foromsorg, leik og læring. Utvikling av eit godt sjølvbilete, sosial kompetanse, språk ogkreativitet er det viktigaste som skjer i barnehagen.

RAUDT VIL:

  • styrke grunnbemanninga i barnehagar med barnehagelærarar og pedagogiskpersonale
  • ivareta dei ideelle barnehagane som finst i kommunen
  • styrke spesialpedagogisk ressurs i barnehagar og skular
  • behalde ordninga med språkopplæring for minoritetsspråklege barn i barnehagar

Grunnskule og SFO

Lærarar og tilsette blir pålagt stadig fleire oppgåver som kjem på kostnad av denviktigaste jobben, undervisninga. Vi treng sårt fleire tilsette i skulen. Skulen skalskape eit læringsmiljø som stimulerer sjølvtillita og lærelysten hos kvar enkelt, slikat dei blir i stand til å skaffe seg kunnskapar og ferdigheiter. Raudt ønskjer ein meirpraktisk retta skule og eit sterkare fokus på tiltak mot mobbing.

RAUDT VIL:

  • styrke grunnbemanninga i skulen. Fleire lærarar, pedagogisk personale,miljøterapeutar, miljøarbeidarar og andre tilsette som skulen har behov for
  • prøve ut ordningar med gratis skulemåltid og leksefri skule
  • styrke skulebiblioteka ved å innføre “Skulebibliotek-standarden” på alle skular
  • fortsetje arbeidet med å styrke skulehelsetenesta med fleire helsesjukepleiararog utvida helsestasjon for ungdom
  • styrke morsmålsopplæringa i skulane

Næring og samferdsle

Raudt vil jobbe for ein aktiv næringspolitikk i kommunen vår. Raudt vil stoppenedbygging av verdifull natur og matjord, og halde forureinande oppdrettsnæringborte frå kysten vår.

RAUDT VIL:

  • ha ein aktiv næringspolitikk for å sikre og vidareutvikle industrien og næringslivetmed gode arbeidsplassar i heile Øygarden
  • ferdigstille påbegynt og finansiert kommunal energi- og klimaplan med meirkonkrete tiltak
  • at oppdrettsnæringa skal over på lukka og rømningssikre anlegg, anten sjø- ellerlandbasert
  • seie nei til alle nye konsesjonssøknader som gjelder vindkraft, både havvind ogvindkraftverk på land
  • greie ut sjansar for ny helikopterbase frå Nordsjøen til nord/vest i Øygarden.

Samferdsle

Mange viktige vegval blir tatt nasjonalt og på fylkesnivå. Vi vil likevel jobbe for god ogbilleg kollektivtransport, samt sørgje for energieffektivisering og kutt i eigne utslepp.

RAUDT VIL:

  • jobbe for å få etablert fylkeskommunale hurtigbåtsamband til fleire stader i Øygarden
  • ha storstilt utbygging av sykkel- og gangstiar langs eksisterande vegar, og elles isamband med all ny vegutbygging i Øygarden
  • utbetre og utvide vegnettet i Øygarden i tråd med folkeveksten, og med bestmogleg tilrettelegging for god og effektiv kollektivtransport utan kø
  • at det skal bli trygge skulevegar for alle barn og tilby gratis skuleskyss der veganeikkje er trygge.
  • ha fleire gratis innfartsparkeringar ved kollektivknutepunkt
  • seie nei til å finansiere vegutbygging med bompengar

Arbeidsliv

Raudt står på arbeidsfolket si side i kampen for auka grunnbemanning, mot sosialdumping, overstyring og målemani. Vi vil bruke kvart høve vi får til å betre forholda tilfolk som er på jobb i kommunen vår. Arbeidsfolk må sikrast reell medverknad i eigenarbeidskvardag gjennom overordna trepartssamarbeid og formelle møtearenaer påalle arbeidsplassar. Privat profitt må aldri stå i vegen for løns- og pensjonsvilkåra tilarbeidsfolk. Vi vil difor kjempe mot velferdsprofitørar som stel løna og pensjonen tiltilsette for å byggje store formuar, til dømes i skatteparadis i utlandet.

RAUDT VIL:

  • gå imot all privatisering og konkurranseutsetjing av kommunale tenester
  • seie nei til bruk av vikarbyrå, midlertidige tilsette og konkurranseutsetjing ikommunale einingar
  • avgrense bruk av konsulenttenester
  • greie ut sekstimars arbeidsdag med full lønskompensasjon
  • utøve tilsynsplikt (påse-ansvar) for å motverke all sosial dumping på oppdrag ikommunal regi
  • sikre at tillitsvalde og verneombod får tilstrekkeleg tid til å utføre verva, også iorganisatorisk arbeid
  • sikre at alle tilsette får tilbod om god fagleg oppdatering

Inkluderande arbeidsliv

For at Øygarden kommune skal vere ein inkluderande arbeidsgjevar må det bli lagttil rette for at alle som ønskjer det har moglegheit til å delta i arbeidslivet, ogsåom dei har utfordringar med språk, rus, mental helse eller funksjonsnedsetjingar.Mange tusen unge står i dag utanfor arbeidslivet. Samtidig er det eit stort behov forarbeidskraft i ei rekke næringar. Den låge arbeidsløysa gjev ei unik moglegheit til å fåendå fleire av dei som i dag av ulike grunnar ikkje er i jobb, inn i arbeidslivet.

RAUDT VIL:

  • arbeide for ei tettare kopling mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet,for å sikre eit utdanningstilbod som i større grad blir tilpassa behova tilnæringslivet i regionen.
  • at alle som ønskjer det skal få tilbod om heiltidsstillingar i kommunale einingar
  • utvikle ein strategi for å løyse rekrutterings- og kompetansebehovet som vilkomme i arbeidslivet i regionen dei neste åra.
  • vektleggje landsdekkande tariffavtalar og bruk av lærlingar i vektinga i kommunaltinnkjøpsreglement og kommunale anbodsprosessar
  • tilby lærlingplass i kommunen til alle som ynskjer, uavhengig av alder
  • at kommunen skal tilby fleire lågterskelarbeidsplassar, slik at alle som ønskjer det,skal kunne bidra og delta i fellesskapet

Kultur og idrett

Mange av kulturaktivitetane i kommunen blir drifta av frivillige organisasjonar. Deitilbyr eit breitt utval av aktivitetar til barn og unge i kommunen. Dataspel, e-sport,film, grafisk produksjon, gatekunst, programmering og andre digitale uttrykksformerer også kultur. Kommunen må stille fasilitetar til rådigheit slik at alle kan få deltai kultur- og idrettsaktivitetar. Raudt meiner det er viktig å ta vare på og formidlekunnskap om felles kulturarv og kulturminne, anten det finst som anlegg ogbygningar, som kulturlandskap, eller som gjenstandar i arkiv eller museum.

RAUDT VIL:

  • styrke bemanninga i folkebiblioteka i kommunedelssentera og oppretthaldemeirope opningstider
  • vidareutvikle Nordsjøfartsmuseet, Kystmuseet og Fjell festning som viktigekulturelle møtestader med verdifulle opplevingar og mangfald
  • oppretthalde og vedlikehalde gode turløyper i skog og mark og vidareutvikle eisamanhengande Nordsjøløype
  • utvide utstyrsbiblioteka til fleire stader i kommunen.
  • støtte opp om lokale kulturelle møtestader og arrangement knytt til kystkulturen
  • at kommunen tar initiativ til samarbeid med velforeiningar, grendelag og liknandeorganisasjonar.
  • at kommunen etablerer eit samarbeidsforum for frivillige organisasjonar ikommunen
  • behalde innført ordning med gratis bruk og leige av skular, idrettshallar ogkommunale bygg til lag og organisasjonar

Klima og miljø

Raudt står for ein systemkritisk og sosialt rettferdig miljøpolitikk. Kostnadaneved den naudsynte omstillinga av samfunnet må takast vare på i fellesskap, ogfellesskapsløysingar må prioriterast framfor å dytte ansvaret over på enkeltpersonar.

RAUDT VIL:

  • styrke arbeidet med å få på plass ein arealplan der miljøomsyn veg tungt:jordbruksareal må vernast, strandlinje disponerast til fri ferdsel og det må leggjastopp til framtidige løysingar med mindre bilisme
  • ha ein industripolitisk offensiv med grøne arbeidsplassar i Øygarden. Kommunenmå satse på prosjekt med fornybar energi
  • at det blir satsa vidare på tiltak mot plastforsøpling i sjø og på land
  • at innføring av kjeldesortering i alle kommunale bygg blir følgd opp med godpraktisering
  • finne og ta i bruk miljøvennlege alternativ til bruk av plastgranulat på kommunalekunstgrasbaner

Bustadpolitikk og byutvikling

Raudt ønskjer ein god utvikling som skapar og tek vare på mangfaldige fellesskapog bymiljø der menneske trivst. Vi vil ha ei byutvikling på lag med innbyggarane ogklimaet, ikkje på utbyggane sine premissar. Raudt ønskjer å sjå på moglegheita for

å etablere ein tredje bustadsektor der ein kjøper og sel bustad under marknadspris,organisert av eit kommunalt føretak.

RAUDT VIL:

  • sikre reell medverknad frå innbyggarane i byutviklinga
  • ha ei byutvikling som ikkje berre bygger leilegheitsblokker i moderne stil, mensom skapar gode bumiljø og vektlegg ønskja til innbyggarane
  • halde fast ved rekkefølgjekrav i utbygging: før store bustadutbyggingsprosjekt mådet på plass skular, velferd, idrettsplassar, infrastruktur og kollektivtilbod. Behovatil barn og unge skal dessutan vege tungt i utbyggingssaker
  • passe på at det blir bygd bustader for innbyggjarar med ulik inntekt og bakgrunn,med fokus på universell utforming
  • arbeide for at det skal vere lett for menneske med nedsett funksjonsevne å kunnebyggje eigen tilrettelagt bustad
  • at kommunale bufellesskaps-leilegheiter skal byggjast med maksimalt sjubrukarar i same fellesskap
  • arbeide for å få på plass ein reell “tredje” møteplass i kommunen ved å opprettepark- og torg-område ved kommunedelssentera

Solidaritet og inkludering

Dei sosiale forskjellane i Norge heldt fram å auke, også i Øygarden. Arbeid til alleer den beste måten å jamne ut sosiale forskjellar på. Det er difor viktig å hjelpeflest mogleg ut i arbeidslivet, men samstundes jobbe for god tilrettelegging ogstøtteordningar for dei som blir ståande på utsida. Løn er eit viktig verkemiddel for årekruttere fritidskontaktar, og vi meiner at kommunen skal vere konkurransedyktig imøte med nabokommunane våre.

Raudt går til val for ein open, solidarisk og antirasistisk kommune. Innanforlevekårsområdet handlar dette om å leggje til rette for eit mangfald av menneskei alle aldrar. Løysingane Raudt foreslår er å ta vare på medmenneska, gje folklikeverdige moglegheiter og byggje opp eit trygt samfunn som alle kan delta i.

RAUDT VIL:

  • at Øygarden kommune skal ta imot fleire flyktningar og asylsøkarar
  • oppretthalde og styrkje vaksenopplæring som eit viktig integreringstilbod legge til rette for auka integrering av innvandrarar ved å gje tilbod om gratisnorskkurs til alle som ynskjer, og styrke språkpraksisplassane
  • styrke ordninga med fritidskontaktar for innbyggarar med behov for støtte til å leveeit fullverdig liv.
  • arbeide for at unge funksjonshemma skal ha like moglegheiter til å delta i deikommunale fritidstilboda i sommarferien.
  • arbeide for at det blir gjenoppretta eit likestillings- og mangfaldsutval i Øygardenkommune, og at det blir utarbeidd ein ny og oppdatert likestillings- ogmangfaldsplan med forpliktande tiltak
  • støtte kvinneorganisasjonar, feministisk arbeid og frivillige organisasjonar somarbeider mot rasisme og diskriminering, og styrke haldningsarbeidet i helekommunen
  • at kommunen får på plass eit livssynsnøytralt seremonirom og arbeider for reellemoglegheiter for likekjønna vigslar i Øygarden
  • at kommunen skal ta initiativ til haldningsskapande skulering om LHBTQ+-rettarpå skular, arbeidsplassar og i idrettsklubbar
  • at Øygarden kommune framleis sluttar seg til Bergen Pride og heisarregnbogeflagget ved alle kommunale bygg under arrangementet kvart år