Program


Program for Raudt Osterøy 2023-2027

1.Forskjells-Osterøy

For mange er Osterøy ein god plass å bu. Nære, gode fellesskap, omsorg for kvarandre, nærleik til politiske avgjerder og kommunale tenester, og nærleik til naturen er viktige verdiar. For å oppretthalde dette er det naudsynt at Osterøy heldt fram som ein eigen kommune.

For Raudt er kampen mot forskjellane det viktigaste. Også på Osterøy er desse forskjellane tydelege. Dei rike vert stadig rikare, medan dei med dårlegast råd må velgje mellom mat på bordet til seg sjølv eller til ungane. Raudt vil ha ei radikal omfordeling og går til val på å jamne ut desse forskjellane på Osterøy.

Verst er det å sjå barnefattigdomen som breier om seg. På Osterøy er det minst 200 barn som kvar dag lever i fattigdom.

Raudt Osterøy vil:

  • Heve sosialhjelpssatsane forbi fattigdomsgrensa
  • Innføre kommunalt aktivitetskort for alle born som lever i familiar under fattigdomsgrensa
  • Utvida ordninga med kommunal bustønad til å gjelde alle leigetakarar som kvalifiserer økonomisk, også dei som leiger privat. Det vil erstatte behovet for sosialhjelp til husleige og sikra alle som leiger eit anstendig livsopphald
  • At alle som mottek sosialhjelp i meir enn tre månader vert sikra rett til individuelt tilpassa hjelp, aktivitet og kvalifisering
  • Styrke bemanning og kompetanse i sosialtenesta innan økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving, og gjere tilbodet kjent for innbyggjarane i kommunen
  • Behalde eigedomsskatten på 4 promille i kommunen
  • At Osterøy kommune skal halde fram som ein eigen kommune. Dersom det skulle bli aktuelt med ein kommunesamanslåing, skal denne vere basert på ei folkerøysting
  • For tenester der det er vanskeleg å oppretthalde tilstrekkeleg høg kvalitet for ein kommune av Osterøy si storleik, skal kommunen søkje samarbeid med andre kommunar. Dette for å kunne nyte godt av eit større miljø og fleire fagpersonar

2. Helse og velferd

I det moderne Noreg er det blitt stadig vanlegare at kommunen kjøper velferdstenester av kommersielle bedrifter. Raudt meiner det er best for både kommunen, brukarane og dei tilsette at det er kommunen sjølv som driv desse tiltaka. Raudt ønsker gode helse- og velferdstenester nærast mogleg der folk bur og med best mogleg kvalitet.

Raudt Osterøy vil:

  • Halde fram med kommunal drift av Osterøytunet og Hauge bufellesskap
  • At heimehjelp og heimesjukepleie skal vera gratis og kommunalt drive i felles kommunal teneste
  • Styrke av førebyggjande helsetenester. Alle over 75 år skal få tilbod om førebyggjande heimebesøk og alle over 70 skal kunne be om det
  • Auka bemanning i heimetenesta. Dei som gjer hjelp i heimen må få høve til å vera medmenneske overfor brukarane
  • At alle som tek imot hjelp i heimen skal vere sikra eit avgrensa tal faste hjelparar
  • At brukarstyrte personlege assistentar skal leverast av det offentlege
  • At det kommunale ettervernstilbodet til fødande vert dimensjonert opp i takt med Helse Vest si nedbygging av liggetid. Dette tilbodet skal òg omfatte foreldre som mister barn i svangerskap eller fødsel
  • Ha akuttilbod nærast mogleg der folk bur. Legevakta kan ikkje vera lengre unna enn Arna. Ambulansen skal framleis vere stasjonert sentralt på Osterøy
  • Styrke PPT-tilbodet i kommunen slik at alle som treng det får hjelp innan kort tid
  • Ha tilbod om kommunal logoped
  • Styrke samarbeid mellom kommunen og frivilligheita med tiltak for folk med rusproblem og psykiske utfordringar

3.Kultur og idrett

Kultur og idrett er viktig for inkludering, mangfald og fellesskap. Raudt meiner deltaking i ulike kulturelle aktivitetar styrkar nærmiljøet og demokratiet. Det gjev fleire høve til å ta aktivt del i samfunnet.

Osterøy har eit rikt kulturliv der Raudt ønsker at alle skal kunne vera med. I idretten har dyktige lag klart å skapa gode plassar for deltaking, sosialisering og meistring, som vi ønsker at skal nå enda breiare ut. Slik kan vi skapa ein god kultur- og idrettskommune der alle er med, uavhengig av kva kjønn, sosioøkonomisk bakgrunn, kultur eller etnisitet ein har.

Raudt Osterøy vil:

  • Styrke bokbusstilbodet slik at alle på Osterøy får god tilgang på bibliotekstenester som òg må innehalde hjelp knytt til digitalisering
  • Leggja til rette for kulturarrangement for alle aldersgrupper, kjønn, legningar, funksjonsnivå og økonomisk situasjon
  • Gjera kultur tilgjengeleg for alle ved å tilby gratis inngong til vanskelegstilte gjennom aktivitetskort og andre ordningar som sikrar vaksne i same posisjon høve til å ta del i kulturlivet
  • Utvide ordninga med redusert eigendel på kulturskulen slik at ordninga er tilgjengeleg for alle som treng ho
  • Indeksregulere støtta til lag og friviljuge organisasjonar
  • Gje stønad til lag og friviljuge organisasjonar som gjev tilbod i feriar
  • Ha forpliktande samarbeid mellom skular, SFO og idrettslag
  • Satsa på friviljug- og utstyrssentral på Lonevåg og føra desse tiltaka ut i bygdene
  • Gje grendarådene auka innverknad over avgjerder som påverkar deira grender
  • Vidareutvikle den kommunale ungdomsklubben i samråd med ungdomane sjølve

4.Samferdsle

Osterøy er ei stor øy med svakt utbygd vegnett og kollektivtilbod. Kommunale tenester er ofte sentraliserte og mange plassar er det vanskeleg å klara seg utan bil. Mange plassar er det farleg for barn å gå til og frå skule og kulturaktivitetar på tronge vegar med dårleg lys, få gangfelt og endå færre fortau.

Raudt Osterøy vil:

  • Prioritera lys, gangfelt og fortau for dei mjuke trafikantane
  • At det skal vera gratis skuleskyss der trygge skulevegar ikkje er på plass
  • Prioritere rassikring på kommunale vegar
  • Innføre kommunal koordinering av samkøyringsordning frå bygdene
  • Etablere prøveordning med bestillingsbussar innanfor kollektivsystemet i samarbeid med fylket, etter modell frå båtruter
  • Oppretthalde ferga til Breistein og ha den i offentleg regi
  • Ha gratis innfartsparkeringar ved kollektivknutepunkt

5.Barnehage og skule

Skulen er oftast limet i lokalsamfunnet. I små kommunar med spreidd busetjing vert ofte grendaskulane nedlagt. Raudt ønsker å ta vare på grendaskulane helst i kommunal regi, men støttar også lokale, ideelle stiftingar slik som t.d. Hamre Grendaskule.

Raudt er for lik rett til utdanning. Samtidig veit vi at skulen i dag reproduserer skilnader. Raudt arbeider difor for at skulen i større grad bidreg til utjamning av dei sosiale skilnadene i samfunnet.

Alle har ikkje dei same føresetnadane og ikkje alle foreldre har tid, kunnskap eller moglegheit til å hjelpe barna sine. Raudt meiner difor at skulen skal vera leksefri slik at alle barn på Osterøy får like moglegheiter til å lykkast på skulen.

Noreg er eit av tre land i Europa utan gratis varmmat i skulen. All forsking syner at gratis skulemat reduserer skilnadene og styrker helsa og trivselen hos alle barn. Raudt vil ha slike måltid.

Raudt vil at alle barn i barnehagealder skal ha barnehageplass nær der dei bur. Barnehagane skal vere kommunale eller ideelle.

Raudt Osterøy vil:

  • Bevara grendeskulane
  • I størst mogleg grad driva skulane i offentleg regi. Der det er naudsynt med privatskular skal dei ha profittfri drift
  • At SFO skal vera eit gratis og frivillig tilbod til elevar i første til fjerde trinn, og at det skal vera ein arena der barna får høve til leik, utfalding og ro
  • At alle elevar skal ha like god tilgang på lærebøker, praktiske læremiddel og materiell, datamaskiner og internett
  • At alle som arbeider i skulen skal ha, eller vere i, relevant utdanning
  • Styrka rådgjevingstenesta i ungdomsskulen. Elevar skal få ein godt informert overgang til vidaregåande utdanning og moglege yrkesfagløp. Raudt ønsker samarbeid med fylkeskommunen og fagbevegelsen for å gjennomføra dette.
  • Byggje ny barnehage i Valestrandsområdet
  • At kommunen skal byggje ut naudsynt infrastruktur som skular, barnehagar, vegar, og liknande i vekstområde
  • Samarbeide med dei tilsette og fagforeiningane for å leggje til rette for at dei tilsette har gode arbeidsforhold og kan vera dei stabile vaksenpersonane barna treng
  • Bruke om att eksisterande bygg der det skal byggjast nye kommunale skular. På Hatland vil Raudt så langt det lar seg gjere, rehabilitere og utvide ungdomsskulen. I dette arbeidet er det viktig at det vert lagt opp til ein kommunal symjehall som sikrar kommunens innbyggjarar tilgang til symjeopplæring

6.Næringsliv og Landbrukspolitikk

Mange viktige vegval vert tekne nasjonalt og på fylkesnivå. På Osterøy vil vi likevel arbeide for ein aktiv næringspolitikk. Raudt vil ­stoppe nedbygging av verdifull natur og matjord, og halde forureinande ­oppdrettsnæring borte frå kysten vår.

Raudt Osterøy vil:

  • Ha ein aktiv næringspolitikk for å sikre og vidareutvikle industrien og ­næringslivet med gode arbeidsplassar på heile Osterøy
  • Ha ein industripolitisk offensiv med grøne arbeidsplassar på Osterøy. Kommunen må satsa på prosjekt med fornybar energi
  • At oppdrettsnæringa skal over på lukka og rømningssikre anlegg, enten sjø- eller landbaserte
  • Oppretthalde og vidareutvikla landbruket på Osterøy og stogga øydelegging av matjord og jordbruksland. Dyrkbar mark skal vernast i utbyggingsprosjekt
  • Ha ei tiltakspakke mot landbruksplast, der kommunen går i dialog med bønder og arbeider breitt for informasjonskampanjar og kurs om temaet saman med nabokommunane og fylket
  • Hindra nydyrking og nedbygging av myr gjennom å krevje naturmangfaldsrapport ved føreslegne tiltak av denne typen
  • Ha restriksjonar i tilskot til drenering og leggje vekt på å bevare myrareal
  • At inntektsgapet mellom jordbrukarar og industriarbeidarar blir tetta, at det blir innført småbrukstilskot og at tilskot blir tilpassa bratt areal, små teigar og utmarksbeite
  • At kommunen lagar ein plan i samarbeid med jordbrukarane for å kjempa mot svartelista plantar, særleg nær dyrka mark, for å avgrensa spreiinga av desse

7.Arbeidsliv

Målet er eit arbeidsliv å leve av og med.

Raudt vil derfor arbeide for at alle arbeidstakarar skal ha betre arbeids-, lønns- og pensjonsvilkår. Levealdersjusteringa skapar eit klasseskilje der dei som har dei tyngste jobbane, kjem dårlegare ut enn dei som kan stå lengre i arbeid. Raudt vil jobbe for å styrke pensjonsrettane til reinhaldarar og andre tilsette i førstelinja til kommunen. Raudt går mot Pensjonsutvalet sine forslag om å heve pensjonsalderen utover 67 år.

Solberg-regjeringa svekka arbeidsmiljølova. Den grå Ap/Sp-regjeringa har reversert noko, men Raudt jobbar for vidare forbetringar. Osterøy kommune skal vere ein inkluderande arbeidsgjevar. Raudt vil at kommunen skal etterleve den opphavlege arbeidsmiljølova og ikkje tillate mellombelse tilsetjingar.

Vi går også inn for at kommunen skal vedta retten til heil stilling, som eit steg på vegen mot lovfesting av dette. Raudt vil arbeide for at kommunen skal gjennomføre forsøk med sekstimars arbeidsdag. Det kan gjere det mogleg med heil stilling for yrkesgrupper som trengjer kortare arbeidsdag, og det vil vere eit viktig steg for kvinnefrigjeringa.

Raudt vil arbeide for at Osterøy kommune skal vidareutvikle gode rutinar i sin eigen modell for seriøsitetskrav når det gjeld innkjøp av varer og tenester.

Raudt Osterøy vil:

  • Vedta forbod mot bruk av vikarbyrå i offentleg verksemd; berre faste reelle vikariat og eventuelt ein interkommunal vikarpool
  • I anbod skal det stillast krav om tariffavtale
  • At alle nye utlysingar av kommunale stillingar skal lysast ut som heile stillingar.
  • Sikre utjamning av lønsforskjellar i kommunen. Det aukande gapet mellom dei høgast lønte og dei som tener minst, må reduserast vesentleg
  • Arbeide for å etablere fleire arbeidareigde og -styrte bedrifter
  • Setje av midlar til samvirke, kooperasjonar og anna demokratisk organisert næringsverksemd
  • At kommunen tilset folk i faste stillingar til å utføre oppgåver som reinhald, framfor å leige inn gjennom bemanningsbyrå
  • Kommunale tenester skal i størst mogleg grad utførast av kommunalt tilsette som skal få styrka sin kompetanse til å fylle behova i kommunen
  • At ufaglærte og assistentar får ta fagbrev og høgare utdanning
  • At kommunen skal seie nei til privatisering og konkurranseutsetjing av offentleg finansierte velferdstenester

8.Klima og Miljø

Overforbruk av naturressursane på jorda kan ikkje halde fram. Kasting av matvarer er eit grovt eksempel. Lenge før valdagen 2023 er naturressursane for året 2023 brukte opp. Nokre naturressursar er snart mangelvare, og andre vil verte det om ikkje overforbruket blir stoppa.

Framstilling av eingongsprodukt og produkt med kort levetid må avgrensast. Det må satsast på kvalitetsprodukt med lang levetid. Betre avfallshandtering, ombruk og resirkulering, er viktige tiltak, men held ikkje tritt med forbruksveksten. Klima- og miljøproblema krev radikal omstilling og ikkje berre små justeringar.

Ny utbygging av fornybar energi, ikkje minst vindkraft, vil bety tap av uerstattelege naturlandskap, økosystem og naturopplevingar til havs og på land. Fornybar energi finst truleg ikkje i slike mengder at det kan erstatte det høge forbruket av fossil energi.

Meir kraftutbygging i eit Noreg som allereie har kraftoverskot, vil skape større press for krafteksport, utanlandskablar og dermed import av høgare straumprisar. Det trugar arbeidsplassar og pressar fram endå meir utbygging.

Raudt Osterøy vil:

  • Ta krafta av børs. Elektrisk kraft må bli ein del av samfunnet sin infrastruktur slik til dømes helse, undervisning, vatn, veg er
  • Avgrense krafteksporten, stoppe elektrifiseringa av sokkelen og innføre makspris på max 35 øre KWH
  • Minske bruk av plastprodukt og fase ut bruk av eingongsartiklar i plast i alle kommunale bygg i løpet av perioden
  • Øyremerke midlar til å satse på gjenvinning av plast, opprydding i naturen og innsamling av plast, for å stimulere til miljøvenleg plastforedling basert på resirkulering/sirkulær filosofi
  • Syte for at alle kommunale bygg skal vere energieffektive, og at nybygg skal byggjast med solceller (som minimum delvis) energikjelde
  • Arbeide for meir vern av sårbar natur og biologisk mangfald både til land og til havs
  • Kraftleidningar på Osterøy skal som hovudregel leggjast i jord og sjø

9.Bustadpolitikk

Også på Osterøy er det press på bustadmarknaden. Aukande priser gjer at det vert stadig vanskelegare for folk å busetje seg på øya vår. Raudt meiner det offentlege må ta ei større rolle i bustadutviklinga.

Raudt Osterøy vil:

  • Syte for at kommunen er ein ikkje-kommersiell boligutbyggar og byggherre, styrt etter folk sine behov for gode og rimelege bustadar, ikkje etter profitt
  • Sikra at dei som kan betene lån, men likevel har vanskar med å kome inn på bustadmarknaden grunna krav til eigenandel, kan få kjøpe kommunalt bygde bustader til 80 % av marknadsverdi
  • Etablera leige til eige-bustader og utvide ordninga med kommunale startlån
  • Syte for at boligsøkande får tilgang til kommunale bustader til utleige ­under gjengs leige/marknadspris
  • Standarden på kommunale bustader skal følge lova sine krav. Om bustader ikkje fyller desse krava skal kommunen stille erstatningsbustad til rådvelde fram til bustaden er rehabilitert
  • Sikre at kommunen nyttar tildelingsrett på minimum 10 % av bustadene i nye kommersielle bustadfelt for dei som har vanskar med å komme inn på bustadmarknaden

10.Solidaritet og inkludering

Raudt er eit solidarisk parti som støttar undertrykte over heile verda, står opp for likestilling og for rettane til LHBTI+-personar. På Osterøy skal alle ha like moglegheiter, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, rase eller funksjonsnivå.

Raudt Osterøy vil:

  • Ha kommunal boikott av varer frå Israel, det okkuperte Vest-Sahara og andre folkerettsstridige okkupasjonar
  • Styrke overgangen mellom introduksjonsprogram og kvalifiseringsprogram. Det kan vere ved at deltakarane som heldt fram frå introduksjonsprogram til kvalifiseringsprogram gjennom NAV får oppfølging av miljøterapeutiske tenester frå introduksjonssenteret, overgangsrettleiarar eller liknande
  • Legge til rette for at LHBTI+-flyktningar skal vere trygge på både mottak og i samfunnet elles
  • Greie ut korleis vi kan sikre likeløn i heile kommunen, i samarbeid med dei tillitsvalde
  • Gjennomføre Sett grenser-kurs på alle ungdoms- og fritidsklubbar
  • Styrke krisesentera saman med nabokommunane og gje tilbod til alle i aktiv rus og psykiatri og styrke krisesentertilbodet for menn
  • Jobbe for at kommunen sitt aktivitetstilbod skal så langt det lar seg gjere skal vere tilpassa barn og unge med funksjonsnedsetjingar