Rettferdig fred i Ukraina
Uttalelse vedtatt på Rødt Oslos årsmøte 14. og 15. mars 2026
Vi er no inne i det femte året av Russland sin invasjonskrig i Ukraina, ein brutal imperialistkrig der angriparen medvite har bomba sjukehus, skolar, bustader og kraftverk, det siste i ein tydeleg freistnad på å fryse ut motstandaren i vinterkulda. Noreg må hjelpe til med å sikre kraftforsyninga i landet og bygge opp skadd infrastruktur.
Krigen har kosta fleire hundre tusen liv og ført til store øydeleggingar på båe sider. Lidingane aukar kvar einaste dag. Russland har utan tvil brote folkeretten og teke herredøme over store område i den austlege delen av Ukraina, som fører ein rettferdig forsvarskrig for å få attende råderetten over desse områda.
Det einaste rette er at Russland avsluttar krigshandlingane og drar seg tilbake til eige territorium. Alle partar, inkludert dei andre europeiske landa og USA, må gjere sitt for dette. Men til sist er det Ukraina som må ta den endelege avgjerda. Ein fred må komme på ukrainarane sine premiss.
Photo by SERGIO KUUB on Unsplash