Årsmøtet 2022: - Slutt å kutte i velferden!

I helga har vi hatt fysisk årsmøte! Etter fleire år med digitale møte, var det deilig å møtast over kaffikoppane igjen. Vi har debattert og vedtatt god og radikal politikk som skal forandre Oslo til det betre.

Vi vedtok fleire ulike politiske fråsegner:

  • Etterbruken av det gamle Munchmuseet
  • Stoppe den kommersielle utbygginga av C6-feltet ved Middelalderparken
  • Åpne blokka Hagegata 30 for tredje boligsektor nå
  • Store behov - for lite penger til velferd i bydelene
  • Regjeringa må snu i sjukehussaka
  • Russland ut av Ukraina
  • Solidaritet med det afghanske folket
  • Ingen amerikanske baser på norsk jord

I tillegg vedtok vi til dømes å redusere kollektivprisane og å styrke støtta til energieffektiviseringstiltak for vanlege folk, spesielt burettslag og sameige som ikkje får støtte frå Enova.

Nyvalt fylkesstyre.

Vi valte nytt fylkesstyre, med mange som tok attval, og med god fornying.

Siavash Mobasheri held fram som leiar, og vi fekk ein nyvalt nestleiar i Mari Rise Knutsen, som blir fungerande leiar til midten av mai medan Siavash er i pappaperm.

Styret i Raudt Oslo perioden 2022-2022:
Leiar: Siavash Mobasheri
Nestleiar: Mari Rise Knutsen
Kasserar: Thomas Nygreen
Styremedlemmar:
Jorunn Folkvord, Mads Opheim, Maria Orieta, Atle Wilhelmsen, Anne Grete Kroken, Kaspar Tjeldflaat Steudel og Ayat Majbel Saeid. (så skal vi få klart ein RU-representant snart)
Varamedlemmar:
Jenny Beldovoumbe Eiksund, Joakim Møllersen, Memoona Saleem, Aram Zaheri, Rina Wesenberg, Rosmin Mathew

Nyvalt nestleiar Mari Rise Knutsen