Vi vil gjere eigedomsskatten meir rettferdig!

Leserinnlegg på www.gd.no søndag 2. juli og i avisa GD torsdag 6. juli: Kommunestyret vedtok, etter forslag frå Raudt, at vi skal greie ut ei ordning for å gjere det mogleg å få fritak for eigedomsskatt viss du har låg inntekt. Vi trur og håpar at mange minstepensjonistar og familiar med dårleg råd vil verdsetje ei slik ordning. Vi ønskjer også å heve botnfrådraget til 2 millionar. Raudt ønskjer å gjere skatteordningar meir rettferdige, der dei som tener godt skal betale meir i skatt.

Vi ønskjer ei ordning som er lett og føreseieleg for innbyggjarane. Ei slik ordning har dei mellom anna i Moss kommune, der du ikkje kan ha inntekt over 3G, altså litt over 330.000 kr, og ikkje meir enn 111.000 på konto, for å få fritak. Om det er rett nivå for Lillehammer skal vi diskutere i kommunestyret seinare i haust. Det har kommunestyret vedtatt mot SV og AP sin vilje.

Raudt legg ikkje opp til at dei superrike slepp unna eigedomsskatt. Vi ønskjer berre å gjere kvardagsøkonomien for innbyggjarane lettare å handtere, og at eigedomsskatten blir meir rettferdig. Korleis ordninga skal sjå ut skal vi diskutere seinare, og eg håpar at SV og AP blir med på diskusjonen og deler målsetjinga om eit samfunn med mindre forskjellar mellom folk!

Eva Marie Mathisen, kommunestyrerepresentant Raudt, Lillehammer