Ta IKT-tenester tilbake frå Ikomm!

Leserinnlegg på www.gd.no torsdag 3. desember og i avisa GD lørdag 5. desember: Korleis skal Lillehammer kommune organisere IKT-tenestene sine i framtida? Er den beste løysinga at vi framleis kjøper IKT-tenester frå Ikomm AS?

I kommunestyret 26. november stilte Raudt forslag om å vurdere konsekvensane av å ta tilbake IKT-tenestene, såkalla rekommunalisering av tenester. Forslaget fekk 20 av 45 røyster. Det er altså langt fleire

parti enn Raudt som er leie av den måten Lillehammer kommune styrer IKT-tenestene sine på.

I 2018 og 2019 kjøpte Lillehammer kommune tenester frå Ikomm for om lag 60 millionar kroner – kvart år. Kva rekninga blir for 2020 veit vi ikkje enno, men det er ingen tvil om at det er snakk om tosifra millionbeløp. Taksameteret startar å gå kvar gong ein tilsett i Lillehammer kommune ringjer support. Ikomm har gått med overskot ni av dei siste ti åra og har no ein opptent eigenkapital på 27 millionar.

Lillehammer kommune er største aksjonær i Ikomm med 51 prosent av aksjane. Vi er truleg den største kunden og har gjort vårt til at aksjeselskapet er så vellukka som selskap. I budsjettinnspelet sitt meiner Fagforbundet Lillehammer at det er på tide å sjå på om kommunen kan senke utgiftene til IKT-tenester ved å drive i eigen regi.

Det er vi i Raudt samde i, og i tillegg føreslår vi i budsjettforslaget vårt at Lillehammer kommune tek ut 10 millionar i ekstraordinært utbyte frå Ikomm. Det er på tide at ein hardt pressa kommuneøkonomi endeleg startar med å få inntekter frå eit kommersielt selskap med kommunale eigarar.

Skal Lillehammer ta tilbake IKT-tenestene i eigen regi, må vi sjølvsagt finne ut om vi kan gjere det billigare og betre enn å kjøpe tenester frå eit aksjeselskap. Det er ikkje usannsynleg at vi treng å drive tenestene i samarbeid med andre kommunar, men det finst mange andre samarbeidsløysingar enn aksjeselskap. Hovudproblemet med aksjeselskap som driv på vegne av det offentlege er at dei forheld seg til aksjelova og er pliktig til auke profitten, og at dei ikkje treng å bry seg om forvaltningslov, folkevald kontroll, innsyn og offentlegheit.

Eva Marie Mathisen, kommunestyrerepresentant for Raudt, Lillehammer