Raudt vil gje lærarane det dei har krav på

Leserinnlegg på ww.gd.no tirsdag 28. mars og i avisa GD torsdag 30. mars: Lærarstreiken førte til at norske kommunar sparte minst 870 millionar i fjor. Også kommunane der ingen lærarar streika, sparte pengar: Lillehammer ikkje noko unntak. Fleire kommunar diskuterer no å gje lærarane «overskotspengane» frå streiken. Raudt meiner at Lillehammer kommune bør gjere det, og på torsdag skal kommunestyret behandle eit forslag frå oss om å gje det som kommunen sparte i lokalt tillegg til lærarane.

Kommunane sparte pengar fordi lærarane ikkje fekk utbetalt lønsauke frå 1. mai, men frå verknadstidspunktet frå Rikslønsnemnda, altså 27. september.

Det skal løne seg å vere fagorganisert, og det kostar alltid for fagorganisasjonane å gå til streik. Det er derfor ekstra ille at dei fagorganiserte i dei tre streikande organisasjonane Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund og Norsk Lektorlag, tapte lønstillegget mellom mai til september, medan dei uorganiserte fekk utbetalt tillegget frå 1. mai.

Eva Marie Mathisen, kommunestyrerepresentant for Raudt, Lillehammer