Må kapitalen styre utbygginga i Lillehammer?

Leserinnlegg på gd.no torsdag 6. august: Lillehammer skal fortettast og det skal byggjast over 1000 nye bustader, dei aller fleste i store leilegheitskompleks. Helst vil ein byggje så sentrumsnært som mogleg, så tett som mogleg og så høgt som mogleg. Tomta skal utnyttast maksimalt. Slik tener utbyggjar pengar og meklaren får seld fleire leilegheiter.

Sjølvsagt svarar eigedomsmeklar og utbyggjar på spørsmål frå GD at det er marknad for alle desse utbyggingsprosjekta.

Nokre gongar kan ein få inntrykk av at bustadbygginga i Lillehammer er lik den i presskommunar som Lillestrøm, Nittedal og Bærum står ovanfor, der ein fortettar kvar meter av sentrum og byggjer åtte-etasjar blokker med mangel på sollys i dei nedste etasjane.

Sanninga er at det ikkje er mangel på bustader å få kjøpt i Lillehammer. Mi uformelle undersøking heime frå sofakroken er at det i gjennomsnitt har vore rundt 150 bustader til sals på Finn.no dei siste åra i Lillehammer kommune.
Det kan umogleg vere mangel på bustader når tilveksten til Lillehammer i fjor var på 322 personar og fyrste kvartal i år var på minus 3 personar. Folketalet står på staden kvil i heile Innlandet.

Kven er det så som kjøper sentrumsnære leilegheiter i Lillehammer? Det er sikkert mange eldre som ønskjer seg ein lettstelt bustad og som flytter frå einebustader med hage, men eg trur neppe dette er heile kjøpegruppa. Mange bustader i Lillehammer blir kjøpt av folk busett i pressområda på Austlandet som ønskjer seg «hytte i byen» eller investerer i bygg for utleige. Buplikta som vi i Raudt har fått med oss kommunestyret på å greie ut, kan vere eit viktig verktøy for å styre busetnad i sentrum og å sikre at sentrumsnære bustader vert heilårsbustader.

Mange byggjeprosjekt strekkjer seg over fleire år og har ein lang historikk. Bustadene som blir ferdigstilte no vart vedtekne for fleire år sidan. Som politikar i planutvalet har eg vore med å vedta både byplan og arealplan for dei neste åra. Det kan vere vanskeleg å seie nei til ein utbyggjar og ja til ein annan utbyggjar. Men vi politikarar må tørre å lytte på folkemeiningane om fortetting og bustadbygging. Dei som ytrar seg er ikkje investorar i bustadmarknaden, men vanlege innbyggjarar i Lillehammer. Dei seier klårt ifrå om at det i mange tilfelle er nok.

Må vi tillate alt sjølv om det er innanfor planverket? Vi har erfaringar med korleis utbyggjarane vil maksimere bygga sine og tøyer grenser. Nokre døme: Eit ord som «gjennomsnittleg etasjehøgde» er eit nyord for å byggje ein ekstra etasje. Dispensasjonar frå tidlegare planar blir brukt som argument for å få byggje. I høyringa om utbygging av branntomta i Storgata ligg det tre alternativ frå utbyggjar, med utnyttingsgradar av tomta på 75, 90 og 100 prosent. Det er ein menneskeleg reaksjon å velje alternativet i midten, som eg også vil tru er utbyggjars ønske.

Politikarar har eit ansvar for å regulere utbyggjarane sine profittbehov. Politikarar har eit større samfunnsansvar enn å berre tilfredsstille næringslivet. Vi treng ein utbyggingspolitikk i Lillehammer som, i langt større grad, tør å seie nei enn det har blitt gjort tidlegare. Vi kan starte med å ta ned ein etasje på dei planlagde nybygga på branntomta, brygga på Vingnes og i Langseth-tunet.

Eva Marie Mathisen, medlem i planutvalet for Raudt, Lillehammer