Lillehammer bidreg ikkje til å oppnå måla
Leserinnlegg på www.gd.no onsdag 7. september og i avisa GD fredag 9. september: I 2010 vart verdssamfunnet samde om Aichi-måla, tapet av natur skulle stoppast i løpet av ti år. Men i 2020 vart markeringa av forbigått med stillheit: Det var ingen ting å feire. Tapet av natur er større av enn nokon gong før. Diverre kjem ikkje torsdagens kommunestyrevedtak til å snu denne utviklinga. Når fleirtalet av kommunestyret – med AP og H i spissen – seier ja til å byggje firefelts motorveg gjennom eit verna område, kjem ikkje rekneskapen over natur ut på plussida.
Lågendeltaet er verna fordi det er eit av dei største innlandsdeltaene i Noreg. Miljødirektoratet vurderer Lågendeltaet slik: «Stort og variert med gruntvannområde, øyer, kanaler, strandenger, sump og dyrka mark. Nasjonal verneverdi. Svært viktig trekklokalitet for fugl. Viktig ledd i den indre trekkruta for Østlandet. Også viktig overvintringsområde og hekkeområde. Svært stor artsrikdom. Særprega natur- og kulturlandskap med stor landskapsestetisk verdi. Sammensatt vegetasjon. Flere plantearter og vegetasjonstyper er sjeldne på landsbasis, bl.a. flommark.»
At det er viktigare å kome nokre få minutt raskare på hytta i Kvitfjell enn å bevare desse naturverdiane, er for meg umogleg å skjøne. Naturen er sett saman av mange enkeltartar, nett som ein steinmur er bygd av mange steinar. Kvar art har evolvert til å fylle ut sin vesle nisje, og jo fleire som blir borte, jo vanskelegare er det for dei resterande økosystema som vi er så avhengige av.
På slutten av året er det eit nytt internasjonalt toppmøte for å stanse tapet av natur i verda. Fram til no har ikkje verdssamfunnet oppnådd nokon av dei tidlegare måla vi har satt oss for å ta vare på natur, og kommunestyret i Lillehammer bidreg ikkje til å oppnå måla.
Når norske topppolitikarar skal reise til det internasjonale toppmøtet om natur i desember kjem dei garantert til å skryte av at Noreg tek vare på naturen. Vi sender gjerne pengar for å bevare regnskogen og til å fjerne plast i havet, men å ta vare på viktige økosystem, artsrikdom og hekkeområde som bokstaveleg talt er nærområde, nærnatur og i bakgarden vår, ja, det er mindre viktig. Det er ein dobbeltmoral ein kan bli kvalm av og ikkje noko Lillehammer kommune skal vere stolte av.
Eva Marie Mathisen, Lillehammer, kommunestyrerepr. (Raudt)