Kapital og ugras

Leserinnlegg på gd.no fredag 14. august og i avisa GD lørdag 15. august: Kapitalen må få blomstre, skriv Høgres Oddvar Møllerløkken, som eit svar på mitt innlegg om bustadutvikling i Lillehammer. Det var ingenting overraskande i svaret frå Høgre, det bar kanskje meir preg av å gå på autopilot med repeterande frasar om at Lillehammer må vere ein ja-kommune og ha eit positivt stempel for næringslivet. Men når kapitalen blomstrar kan det fort bli overgrodd i blomsterbedet og mykje ugras. Mesnakvartalet er eit døme.

Formålet mitt var å understreke at nokon tener pengar på utbygginga og at dei ønskjer mest mogleg profitt for pengane dei investerer i bustadmarknaden i Lillehammer. Derfor pressar investorar inn ein femte etasje og brukar tidlegare dispensasjonar som argument.

Raudt og Høgre er ideologisk usamde. Likevel blir eg skuffa over Møllerløkken som ikkje ser dei problematiske sidene med bustadbygginga. Investorar i bustadmarknaden er med på å presse prisane opp. Kva med dei som aldri får råd til å eige? Det er dyrt å leige i Lillehammer. Vil vi ha utvikling i sentrum kan buplikt vere eit viktig verktøy for å få det til. Raudt ønskjer eit levande sentrum også når butikkane er stengte. At det bur folk fast i sentrum som har sitt daglege kvardagsliv og nærmiljø der, vil vere ein styrke for sentrum. Utvikling i sentrum handlar om meir enn bustadbygging og butikkar, det handlar også om bumiljø, oppvekst og gode nærmiljø for dei som vel å busetje seg i sentrum.

Eva Marie Mathisen, Raudt Lilllehammer