Ikkje rør abortlova

Leserinnlegg i avisa GD mandag 12. november: Statsminister Erna Solberg har varsla moglege innstrammingar i abortlova for å få KrF med i regjeringa. Vi veit ikkje kvar og når forhandlingane skal skje, men vi veit at tida er inne til å mobilisere kvinner, menn og barn for å gje Solberg ei kraftig åtvaring.

Det er varsla markeringar i ei rekkje byar laurdag 17. november. Også i Lillehammer vil vi markere vår motstand mot endringar i abortlova. Raudt Lillehammer har teke initiativ til ei markering til forsvar for abortlova, og vi håpar at enkeltpersonar, organisasjonar og politiske parti blir med oss på markeinga laurdag 17. november kl. 14.

Norske kvinner finn seg ikkje i at vår rett til eige liv og vår eige kropp vert trakka på. Abortlova er ein rett vi har vunne gjennom lang kvinnekamp. Det er uakseptabelt at kvinners rettar vert ei brikke i eit politisk spel om regjeringsposisjonar. Ei så viktig lov som abortlova bør ikkje vere oppe til forhandling på denne måten - ikkje rør abortlova,Erna!

Eva Marie Mathisen

Raudt Lillehammer