Hytter nært byen – til glede for kven?

Leserinnlegg på www.gd.no mandag 25. januar og i avisa GD tirsdag 26. januar: Det er foreslått hyttebygging i områda ovanfor Birkebeiner skistadion, med Sjøsetervegen som grense ned til byen – såkalla «bynær fritidsbebyggelse». Vil folk i Lillehammer verkeleg ha eit nytt hyttefelt i nærmiljøet sitt – der dei går trilletur med barnevogn, spring etter arbeidstid og ruslar på søndagstur?

Dette er eit område der folk bur, der det går dyr på beite og der det er gardsdrift. Det er ikkje urørt natur, men eit svært populært område for trening, rekreasjon for vanlege mosjonistar og dei som driv aktivt med idrett.

«Mulighetsstudie for bynær fritidsbebyggelse med fokus på et potensielt utviklingsprosjekt» høyrest forlokkande ut, men også ganske uforpliktande ut for mange politikarar. Peik på den politikaren som ikkje vil utforske mogelegheiter for utvikling i kommunen sin og bidra til utvikling for lokale bedrifter. Men nokre gongar må politikaren faktisk setje stopp, og seie at ideen er for dårleg.

Moglegheitstudien – som næringslivsavdelinga i Lillehammer-region Vekst er ansvarlege for (og ikkje planavdelinga i kommunen) – skal analysere om det er eit marknadspotensial for «utviklingsprosjektet». Det trur eg heilt sikkert det er. Viss ikkje nokon hadde sett at dei kunne tene pengar på bynære fritidsbustader hadde ikkje dette kome til politisk behandling.

I mars 2020 stilte eg, på vegner av partiet Raudt, forslag om å ta moglegheitsstudien ut av arealplanen. Forslaget fekk 7 røyster og ikkje fleirtal. Eg argumenterte med at vi ikkje var interesserte i å greie ut konseptet for bynære fritidsbustader fordi Raudt er for eit tydeleg skilje mellom byen og områda med fritidsbustader (ei markagrense), og at ved å akseptere ein mogelegheitsstudie går ein med på prinsippet om at det kan byggjast. Sannsynlegvis røysta mange av fleirtalet i kommunestyret for det uskuldige og uforpliktande moglegheitsstudie. Men no kan vi lese at planutvalets leiar Knut Arne Vassdokken allereie meiner spørsmålet er kor tett ein kan bygge, ikkje OM vi skal tillate bygging i området. Kan vi få sjå leilegheitsbygg à la Hafjell i områda innover bak Kanthaugen? Vil vi verkeleg oss sjølv så vondt?

Dei einaste som tener på ei utbygging her er grunneigarar, hyttefirma og entreprenørar. Taparane blir folk flest i Lillehammer. Aksepterer lillehamringar at nærområda blir til hyttefelt? Når vi ser på motstanden mot bygging av E6 over Lågendeltaet og kor mange som engasjerer seg i vern av Gropmarka, spår eg eit tredje naturområde der det blir folkeleg motstand.

Eva Marie Mathisen, Lillehammer, kommunestyrerepr. (Raudt)