Ekstra sosialhjelp, - på nyåret
Leserinnlegg på www.gd.no søndag 11. desember: Å gje sosialhjelpsmottakarar i Lillehammer ekstra pengar er ein god tanke. Raudt vil støtte SV om dei tek forslaget opp i formannskapet på nyåret. La oss også samlast om å sjå korleis vi kan hjelpe dei som skjemst av å gå til NAV og dei som fell gjennom alle ordningar. Eg reknar med at vi også er samde om at hovedproblemet er at ytingane er for låge og at summen må opp. Eva Marie Mathisen, Lillehammer, kommunestyrerepr. (Raudt)