Bygondol er djupt problematisk

Leserinnlegg på www.gd.no mandag 2. oktober og i avisa GD torsdag 5. oktober: Næringslivet, ved Lillehammer Næringsforening, søkjer formannskapet om støtte til realisering av eit gondolprosjekt med 250 000 kr. I tillegg vil næringsforeninga søkje fylkeskommunen 900 000 kr. Støtta skal bringe «bringe ideene om en bybanegondol et steg videre». Dette skal formannskapet i Lillehammer behandle tysdag 3. oktober. Raudt kjem til å stemme mot. Vi meiner det er offentlig sløseri å bruke så mykje pengar til å utgreie eit prosjekt som er så (bokstavelig talt) i det blå. Pengene blir tatt frå formannskapets konto og på kontoen står det då att 30.000 kr. Formannskapet bør spørje seg om å det er lurt å tappe kontoen når det er tre måneder igjen av året? Og er det verkeleg bygondol som treng offentlig støtte i den harde økonomiske kampdagen folk lever i?

Raudt er djupt skeptiske til ein bygondol frå Strandtorget til Kanthaugen via sentrum. Erfaringene frå Voss viser at det ikkje er uproblematisk å byggje gondol i tettbygde strøk. På Voss susar gondolane kvart 40. sekund over hustaka til dei som bur nærmast gondollinja, og på det nærmeste går gondolen 10 meter over hustaket. Fleire av huseigarane har vunne i Høgsterett og fått økonomisk erstatning fordi verdien på eigedomane deira er vesentlig forringa.

Eva Marie Mathisen og Øyvin Aamodt, kommunestyrerepresentanter Raudt, Lillehammer