«Alle som vil, skal få kjøpe seg hytte»

Leserinnlegg på www.gd.no fredag 25. august og i avisa GD tirsdag 29 august: Dette var det mest spanande som vart sagt i debatten som Gropmarkas venner arrangerte på tysdag. Utsegna kom frå ordførarkandidat Hans Olav Sundfør frå Høgre. «Alle som vil, skal få kjøpe seg hytte» sa Sundfør fleire gongar. Sundfør understreka også at det ikkje var dei rike som skulle få kjøpe seg hytte, men «vanlege folk». Når renta går opp og folk flest sin privatøkonomi strammar seg til, legg altså Høgre opp til fri flyt for marknaden. Eg trur dei fleste «vanlege folk» har nok med å betale huslån, greie straumrekninga og dei auka matvareprisane.

For at alle som vil skal kunne få kjøpe seg hytte, må det vere hytter til sals. Men Høgre vil både verne Gropmarka og regulere Nordseter «moderat». Kvar skal alle desse hyttene bli bygd? Kven sin natur er det som skal bli nedbygd for å tilfredsstille «vanlege folk» sin menneskerett til å kjøpe hytte?

Raudt i Lillehammer har i lang tid argumentert for ein svært restrikt praksis når det gjeld nedbygging av naturen vår. Vi seier ja til vern av Gropmarka, har stemt for ei endå meir restriktiv utvikling av Nordseter enn Ap og Høgre, og har vore konsekvente mot utbygging av ny E6. Raudt har vore krystallklare på spørsmålet om bynære fritidsbustader/Birkebeinerlia frå fyrste stund. I mars 2020 vedtok kommunestyret ny arealplan, og allereie då føreslo vi å ta dette aktuelle hytteområdet ut av arealplanen og å seie nei til å konsekvensutgreie området.

I dei neste fire åra kjem vi til å halde fram med å vere ein fot på bremsen for utbyggjarane. Slaga om nærnaturen vår og dei bynære hyttene kjem, trass i tverrpolitiske avtalar. Presset frå utbyggjarar er stort, og argumenta om at «alle som vil skal få kjøpe seg hytte» er med å legitimere nedbygging av natur. Dei som vinn på nedbygging av nærnaturen vår er grunneigarar, hyttefirma og entreprenørar. Taparane blir folk flest i Lillehammer. Og naturen, sjølvsagt.

Eva Marie Mathisen, listekandidat Raudt, Lillehammer