Program
Du kan stole på Raudt!
Last ned valgfolder for Raudt Kinn
Innleiing
Raudt jobbar for eit meir demokratisk samfunn; eit samfunn der dei store avgjerdene blir tatt av fellesskapet, ikkje av ein liten elite.
Vi har i løpet av første periode fått tilbakemeldingar på at mange er fornøgde med Raudt sin innsats og vår rolle i Kinn. Vi vil fortsette dette gode arbeidet i kommande periode.
Raudt har ikkje berre fokus på kva som skjer i kommunestyresalen, men jobbar òg saman med fagforeiningar og andre interesseorganisasjonar for å lage ein mest mogeleg breifamnande politikk.
I utarbeidinga av dette programmet har vi hatt møter med dei største fagforeiningane i kommunen, der dei fekk sette fokus på sakene dei finn viktige i den kommande kommunestyreperioden.
Raudt ønsker å samle innbyggarane slik at vi saman kan leggje planane for framtida.
Ei berekraftig framtid for miljø og klima.
Ei framtid som set vanlege folk sine behov framfor auka profitt for dei rike.
Det viktigaste for Raudt Kinn i denne kommunestyreperioden blir å:
- Prioritere lovpålagde oppgåver
- Minske forskjellane i samfunnet
- Starte bygging av Skram skule
- Starte ombygging av gamle Florø sjukehus til ny sjuke- og aldersheim
- Gjenopprette drift av institusjonskjøkkenet i Måløy
1. Fortsette med Kinn, eller tilbake til Flora og Vågsøy?
Raudt har heile tida meint at Kinn kommune kom til gjennom tvang.
Raudt har òg meint at alle tvangsvedtaka under Kommunereforma må opphevast, dermed òg Kinn! Dette meiner vi framleis.
Gjennom fire år med Kinn kommune har vi sett alle lovnadene frå ja-sida sprekke som trollet i sola. Alt har ikkje blitt så mykje betre, tvert om har vi møtt enorme utfordringar økonomisk, logistisk, og driftsmessig.
I 2022 hadde vi folkerøysting om deling.
Resultatet frå den viser at det fortsett er sterk motstand i Vågsøy (58%) og aukande motstand i Flora (43%). Så lenge det er fleirtal for splitting i ein av delane av kommunen, og det slik er folkeleg krav om reversering, vil vi i Raudt støtte dette.
Om det skal være mogleg å ta opp igjen spørsmålet om deling av Kinn i neste periode, må samansetninga i kommunestyret endrast.
Vi treng eit kommunestyre som er villige til å høyre på folket.
Eit sterkt Raudt vil være den beste garantisten for det.
Vi har vist i inneverande periode at vi er til å stole på!
Så lenge Kinn kommune eksisterer, vil vi jobbe aktivt for å gjere Kinn til ei god kommune å busetje seg og leve i, både gjennom eigne initiativ, og gjennom samarbeid med dei andre partia.
Innsatsen vår dei siste fire åra har vist at det går heilt fint å arbeide for å gjere kommunen best mogleg for flest mogleg, og samtidig være klar til innsats dersom eit nytt høve for deling kjem.
Raudt Kinn vil:
- utvikle Kinn slik at kommunen blir best mogleg å bu i
- støtte deling, så lenge det er fleirtal for det i minst ein av dei to kommunedelane
2. Kommuneøkonomi
Økonomien til Kinn kommune er dårleg.
Det gjer at mykje av jobben som politikar i Kinn de neste fire åra vil handle om å prioritere kvar det gjer minst vondt å skjære ned. Kinn kommune har stø kurs mot Robek.
Hovudgrunnen til at økonomien i Kinn er dårleg er fordelingspolitikken frå Stortinget.
Kommunane blir stadig pålagde nye oppgåver utan at det følgjer med nok pengar til å løyse dei.
Slik vært den lokale kommuneøkonomien svekka. Skal vi få til ei endring av dette, må lokalpolitikarar og befolkning stå samla mot strupinga av lokalvelferda.
Vi kan slå fast at Kinn kommune ikkje var løysinga på de økonomiske utfordringane til Vågsøy og Flora, slik rådmenn og mange framståande politikar meinte før samanslåinga.
Folk vart lova rådhus, fotballhall og badeland, og mange hugsar vel mantraet «vi skal hauste av Kinn». Dessverre har den lova hausten gitt lite avling.
Hausten har slått så feil at den mest prioriterte lovpålagte investeringa framleis ikkje har kome i gang – Skram skule.
Raudt vil halde fram med å prioritere dei lovpålagde tenestene.
I Kinn kommune er lønnsforskjellane store.
Kommunen har kommunalsjefar med millionlønn, samtidig som garantilønna er på 325.000,-.
Raudt har fleire gonger teke til orde for mindre lønn til toppsjefane, og vi er på de tilsette si side i lønnsforhandlingane.
Raudt Kinn vil:
- samle politikarar, tilsette og innbyggarar til felles kamp mot staten si svelteforing av kommunane
- redusere lønnsforskjellane i Kinn
- innføre botnfrådrag på eigedomsskatten
- halde på og vidareutvikle refusjonsordninga på eigedomsskatten for husstandar med lav inntekt
- At Kinn skal være ei «skatteparadis-fri» kommune. Det vil seie at private firma som utfører tenester for kommunen skal vere firma som skattar til Noreg
- Prioritere lovpålagte oppgåver, til dømes Skram skule i Måløy og ny eldreinstitusjon i Florø
3. Styrke demokratiet
Demokratiet er i dag under press frå fleire hald.
Kommune- og regionreforma er eit døme på dette, følgene av denne har blitt auka avstand mellom innbyggjar og folkevald, og færre folkevalde per innbyggjar.
Kinn sin geografi med dei store avstandane gjer at vi må legge ekstra vekt på løysingar for auka innsyn og meir deltaking frå innbyggarane og media.
Politikarforakt er eit aukande problem, både nasjonalt og lokalt.
Politikarar som ikkje lyttar til innbyggarane som har valt dei er ei av hovudårsakene.
Vi har mange døme på manglande gehør for folkeviljen i nærområdet den siste tida: vindkraft, dumping av gruveavfall i friske fjordar, eller då innbyggarane i Vågsøy vart overkøyrde to gongar;
først av politikarar i Vågsøy, deretter av kommunestyret i Kinn.
Dette vil vi i Raudt gjere noko med.
Skal vi få dette til, må politikarane jobbe langsiktig for å få tilbake folket sin tillit, og første bod må være å høyre på innbyggarane.
Vi må snu trenden, og motvirke den maktesløysa som spreier seg.
Løysninga er å invitere innbyggarane med på fleire avgjerder, både store og små.
Kinn bør gjennomføre fleire folkerøystingar, og være opne for å prøve ut nye metodar for folkerøysting, slik at det kan gjerast enklare både administrativt og for innbyggarane.
Raudt vil jobbe for at innbyggarane skal få meir innflytelse, og legge press på dei andre partia til å følgje råda dei får frå innbyggarane.
God og tilstrekkeleg informasjon frå kommunen er viktig for eit godt lokaldemokrati. Raudt vil halde fram med å jobbe for ei meir opa og gjennomsiktig Kinn kommune.
Raudt er imot den utviklinga som har pågått ei stund der stadig nye område av den offentlege forvaltninga blir sett vekk i eigne selskap som kommunale føretak (KS) og aksjeselskap (AS). Dette svekker lokaldemokratiet og dei lokale tenestene.
Raudt Kinn vil:
- at innbyggarar skal få bestemme meir av politikken i Kinn, gjennom auka direktedemokrati
- at det skal bli enklare å få til folkerøysting og folkehøyring
- at fleire politiske møte skal bli streama, til dømes alle utvalsmøte
- krevje at eventuelle framtidige kommunesamanslåingar skal avgjerast gjennom folkerøysting
4. Kinn kommune som arbeidsgjevar
Kinn kommune er den største arbeidsgjevaren i kommunen med sine over 1400 tilsette.
Som arbeidsgjevar er det viktig at kommunen tek vare på sine tilsette sine interesser.
Kinn kommune har eit altfor høgt sjukefråvær, noko som krevjar kraftige tiltak.
Raudt ynskjer ei opa framferd og kommunikasjon mellom tilsette og folkevalde.
Det er viktig at kommunalt tilsette ikkje opplever å ha «munnkorg», men i staden gode høve til å drøfte utfordringar i eigen arbeidskvardag.
Ei av dei store oppgåvene framover er rekruttering.
Innanfor skule og oppvekst er det vanskeleg å rekruttere førskulelærarar og utdanna pedagogar. Innanfor helse og oppvekst er behovet stort for mellom anna sjukepleiarar og hjelpepleiarar.
Her må det settast i verk tiltak som auke i løn, ei merkbar styrking av lærlingordninga, og fleire klasser i helse- og sosialfag i vidaregåande skule.
Raudt Kinn vil:
- auke talet på lærlingplassar i kommunen
- gje alle som jobbar ufrivillig deltid tilbod om 100% stilling
- stanse privatiseringa av kommunale stillingar, spesielt innafor teknisk sektor
- styrke vedlikehaldet av kommunale bygg, og tilsetje fast vaktmeister på dei store institusjonane
- ha ordninga med kommunal vikarpool i helse utvida til gamle Vågsøy
- at kommunal vikarpool òg innførast i oppvekst- og skulesektoren
- at Kinn skal tilsette menneske med nedsett funksjonsevne der det er mogeleg
- gjenoppta drifta av kommunalt kjøken i Måløy
- opne kommunalt kjøken i Florø til den nye eldreinstitusjonen er ferdig
- kommunen må legge forholda til rette for at folk kan stå i jobb til dei er 70 år og meir
- starte diskusjon om innføring av kommunale forsøksordningar med 6 timars arbeidsdag
5. Sosiale skilnader i Kinn
Kampen mot Forskjells-Norge er Raudt si viktigaste sak, både nasjonal og lokalt.
12 prosent av barn og unge i Norge veks opp i familiar med vedvarande lav inntekt, og i Kinn kommune er det over 370 (Bufdir, 2020) barn og unge som veks opp i familiar der den samla inntekta i husstanden ligg under fattigdomsgrensa.
Konsekvensane av å vekse opp i fattigdom er mange: Kjensle av utanforskap, mindre høve til å delta i fritidsaktivitetar, fråfall i skule, dårlegare helse, og mindre deltaking i samfunnet er berre nokre av dei.
Som kommune og som samfunn har vi eit ekstra stort ansvar for å trygge barn og unge som veks opp i familiar med låg inntekt.
Dei siste åra har dei sosiale skilnadane i Norge auka kraftig.
Dette er ikkje fordi Norge blir eit fattigare land, dette skjer grunna dårleg fordelingspolitikk og politikarar som let det skje. Samtidig som fleire barn veks opp i fattigdom, blir kapitalistane rikare, og milliardærane blir fleire.
Folk har fått nok av denne skeivfordelinga, og den historiske streiken tidlegare i år (2023) viser at folk har fått nok av eventyrleg lønnsvekst blant direktørar og toppleiarar, medan vanlege folk får mindre å rutte med. Den gamle parolen «yte etter evne, få etter behov», må på ny bli rettesnora for ALLE innbyggarar i Norge.
I inneverande periode har Raudt lagt frem fleire forslag på å få ned forskjellane i kommunen vår; lågare løn til ordførar, utvalsleiarar og kommunalsjefar, gjere eigedomsskatten sosialt tilpassa gjennom refusjonsordning og botnfrådrag for hushald med låg inntekt, og at barnetrygda blir halde utanfor utrekning for sosialhjelp er nokre av forslaga.
Raudt Kinn vil:
- at all mat, frukt og drikke i barnehage og skule skal vere gratis
- at barnehage og SFO vert gratis
- at det skal byggjast fleire og betre utleigebustadar med rimeleg husleige
- styrke arbeidet med bustadpolitikken «Frå leige til eige»
- oppretthalde og utvide utstyrssentralen BUA
- opprette utstyrssentral for til dømes verktøy, hagemaskiner, og liknande
- behalde og gjere betre refusjonsordning på eigedomsskatten
- innføre botnfrådrag på eigedomsskatten
- forbetre refusjonsordning for familiar med låg inntekt på fritidsaktivitetar, både ved å auke breidda av aktivitetar dette dekker, og at der òg skal vere tilbod for vaksne
- Raudt vil i neste periode ha minst ein politikardag der ein kun har fokus på kvinner sin situasjon i Kinn kommune
6. Natur og miljø
Verda står overfor ei klimakrise.
Klimagassutslepp, tap av biologisk mangfald, og ressursmangel er nokre av dei økologiske krisene vi no ser konsekvensane av, og som kvar og enkelt må gjere sitt for å redusere.
Raudt Kinn vil jobbe aktivt for å møte desse utfordringane med dei ressursane vi har.
I Norge har vi overskot av energi. Raudt sitt standpunkt er eit klart nei til meir utbygging av vindkraftverk, både på land og til havs. For å dekke framtidige behov må Norge slutte å sløse med krafta. Det får vi til gjennom å ikkje elektrifisere sokkelen, energieffektivisere bygg og industri, og oppgradere eksisterande vasskraftverk.
Raudt meiner òg at energi frå sol, vind og vatn er felles verdiar, og derfor skal vere eigd av fellesskapet.
Distrikta i Norge gror att, og kulturlandskapet går tapt. Dette vil vi gjere noko med.
Å produsere maten vi et lokalt er eit godt miljøtiltak, samtidig som det fører til at kompetanse og arbeidskraft blir i kommunen. Raudt ønsker å ha samarbeide tett med miljøorganisasjonane og lytte til dei i spørsmål om miljø og klima.
Raudt Kinn vil:
- seie nei til all vindkraft på land, i fjøra, og til havs
- søke tilskot til klimatilpassing frå Miljødirektoratet
- jobbe med å få til ei «panteordning» på gamle vedomnar
- prioritere lokalprodusert mat i innkjøpsavtaler
- vurdere om det kan installerast solcellepanel på eksisterande og nye kommunale bygg
- at alle nye kommunalt eigde og leasa bilar, så langt høveleg er elbilar
- sørge for at kommunen installerer fleire ladestasjonar for elbilar
- utvikle lokale verkstader der ein kan reparere i steden for å kjøpe nytt (til dømes syklar og anna fritidsutstyr)
- jobbe for eit betre kollektivtilbod i heile kommunen og oppmode innbyggarane til å nytte seg av dette.
- at Kinn Kommune skal bli ein Sykkelkommune
- prioritere økologiske varer i innkjøpsavtaler
- at all ny oppdrett av fisk skal over i lukka og rømmingssikre anlegg
- følgje opp kommunen sine egne mål om å være arealnøytrale
7. Helse og omsorg
Det er ei sentral oppgåve for kommunen å sørge for at alle innbyggarane får god helsehjelp og omsorg når dei treng det. Økonomiske ressursar skal ikkje være avgjerande for kva slags helsetilbod ein får.
Fysisk aktivitet og eit sunt kosthald må få større fokus, for å oppretthalde ei god helse i befolkninga og forebygge livsstilsjukdommar.
Kommunen må fokusere på forebyggande helsearbeid, der fysisk og psykisk helse likestillast. Dette arbeidet må starte tidleg, allereie frå spedbarnsalder. Foreldre og føresette er dei aller viktigaste omsorgspersonane til barnet. Samarbeid mellom helsestasjon, barnehagar, skule og fritidstilbod er ei viktig forutsetning for å gje eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø.
Forebyggande helsearbeid er ei samfunnsøkonomisk god investering.
Enkelt kan ein seie det slik: «Det kostar 1 krone å forebygge, 10 kroner å reparere».
Det blir fødd færre barn i Kinn. Dette er ikkje gjort i ei handvending å snu, men ein viktig faktor for fleire fødslar er at Kinn kommune har ei god svangerskaps- og fødselsomsorg. Kvinner skal kjenne seg trygge under svangerskap og i tida etter fødsel.
Dette føreset at vi har nok ressursar, og tilgjengelege helsesjukepleiar og jordmødrer i vårt distrikt. Om vi skal auke tilflytting og innbyggjartal må desse tenestene prioriterast.
Kinn kommune har gode fastlegar, men ein manglar framleis nok fastlegar i Måløy. Kommunen har dyktige sjukepleiarar og omsorgsarbeidarar, men vi treng fleire!
Raudt Kinn vil:
- auke satsing på forebyggande helsearbeid der psykisk og fysisk helse er likestilt
- styrke helsestasjonane
- bevare og styrke jordmortenesta både i Nord- og Sør-Kinn
- tilsette nok fastlegar
- oppretthalde og mogleg utvide vikarpoolen
- tilby heile og faste stillingar
- sørge for gode og konkurransedyktige arbeidsforhold
- oppretthalde Tiltakstenesta
- satse på lærlingplassar
- styrke tilbodet innanfor rus og psykiatri ved å etablere døgntilbod og utvida tiltaksteneste
8. Oppvekst
I den kommande perioden er ny Skram skule ei særs viktig sak for Raudt.
Både elevar og lærarar fortenar en betre kvardag enn den dei har på brakkeskulen på ei parkeringsplass i Deknepollen.
Raudt meiner at alle barn, uavhengig av foreldra sin inntekt, skal ha ein trygg oppvekst. Raudt vil difor arbeide mot all form for privatisering innan skuleverket.
Rekruttering blir ei stor utfordring for skulane i Kinn kommune framover.
Raudt vil betre arbeidsforholda i skulen, auke løna til lærepersonalet, og arbeide for å auke statusen til læraryrket.
For at læraren skal kunne gjere jobben sin på ein slik måte at barna våre får den hjelpa dei treng, må vi ha nok tilsette.
Raudt Kinn er for ein skule som set kunnskap i høgsetet. Skulevesenet må ha som mål å gjere elevane til kritiske og handlingsdyktige menneske. Det kan ein berre gjera ved å formidla kulturarven så breitt og djupt som råd er, på tvers av alle -ismar og ideologiar.
Raudt meiner at barnehage og SFO skal være gratis for alle, på lik linje med skulen. Vi meiner òg at det skal være gratis mat og drikke på skule og i barnehage, og støtter alle fornuftige tiltak på vegen dit.
Vi ser no ei utvikling mange stader der store selskap satsar på barnehagedrift og tek ut stor profitt. Dette må vi unngå i Kinn. Lova må endrast slik at det blir same reglar mot profitt i barnehagar som i skule.
Raudt Kinn vil:
- starte bygging av Skram Skule
- behalde noverande skule- og barnehagestruktur i Kinn kommune
- at kommunen stiller krav til tariff- og pensjonsavtalar ved tildeling av kommunal støtte til private barnehagar
- at kommunen seier nei til kommersielle private barnehagar, men ja til ideelle private aktørar
- at talet på pedagogar og fagarbeidarar må minimum vere slik det er i dag
- at prøveordningar med leksefri skule gjennomførast i samarbeid mellom lærarar og foreldre
- at det blir bygd badeanlegg i Måløy
9. Samferdsle
Samferdsla i Kinn må snarast og i størst mogeleg grad bort frå å være basert på fossile drivstoff. Overgangen må likevel skje etter ei miljømessig totalvurdering – ikkje berre utifrå eit dokumenterbart punktutslepp.
Raudt vil òg prioritere tiltak som trafikksikring, rassikring, trygge rekkverk og betre vegskulder, samt nødvendig utviding av vegbreidde.
Kinn kommune er delt i to, og må kjenne eit særskilt ansvar for miljøvenlege kommunikasjon mellom Nord- og Sør-Kinn. Dette kan ivaretakast ved å realisere Kystvegen, og med ei satsing på sjøvegen mellom dei to delane av kommunen, med fossilfrie rutetilbod i det lokale rutebåtnettet. Landstraum må etablerast i dei viktigaste hamnene.
Utsleppskrava til cruisetrafikk som gjeld for verdsarvfjordane, må òg gjelde for Nordfjord.
Bygging av Stadt skipstunnel kan bidra til innanskjers rutetilbod mellom Bergen og Ålesund, og kan gi svært positive effektar på persontransport for innbyggarane i kommunen.
Raudt Kinn vil:
- ·at lokale båtruter skal oppretthaldast på minimum dagens nivå.
- ·få til eit betre båtrutetilbod på ettermiddag/kveld, mellom anna for å sikre at barn og unge i distrikta òg kan delta på fritidsaktivitetar i sentrum
- ·at Florø flyplass skal vekk frå kommersialiseringa og over på FOT-ruter igjen
- ·at Kinn kommune skal bli ei sykkelkommune
- ·at alle nye kommunalt eigde og leasede bilar, så langt mogeleg, er fossilfrie.
- at kommunen syter for å installere fleire ladestasjonar for elbilar
- ha eit betre kollektivtilbod på land og sjø i heile kommunen
- styrke bybuss-tilbodet i både Måløy og Florø. I Florø må «Brandsøy rundt» være med på alle ruter
- realisere Stadt skipstunnel
- stanse kabotasje-køyring (innanlandstransport med utanlandske vogntog). Det vil trygge trafikken på Vestlandsvegane og sikre eit betre økonomisk grunnlag for lokal transportnæring
- ha gode gang- og sykkelvegar for alle uansett funksjonsnivå
- at Øvre Standalsvegen skal utbetrast til forsvarleg standard
- at Kystvegen skal realiserast
- at det skal stillast klare krav til reduksjon av utslepp frå cruisetrafikk, mellom anna ved utbygging av landstraum
10. Arbeidsliv og sysselsetting
Raudt sitt mål er eit godt arbeidsliv, der ein kan leve både av og med jobben sin.
Vi står på fagforeiningane si side i kampen for betre arbeidsvilkår.
Raudt kjemper òg for eit arbeidsliv utan diskriminering og rasisme.
Kinn har godt grunnlag for variert industri og mange ulike typar arbeidsplassar.
Naturressursane i fjell, hav, jord og vatn har alltid vore grunnlaget for liv og verdiskaping i Kinn. Fiskeri, oppdrett og jordbruk med tilhøyrande foredling, må forvaltast med tanke på miljø- og samfunnsinteresser. Kortsiktig naturforvaltning, til dømes dumping av restmasse i fjorden, må stansast.
Ei ny grøn industrisatsing må styrkast med statlege tilskot frå eit grønt industrifond. Det må være ei satsing som går hand i hand med utfasing av olje- og gassproduksjon, som på sikt vil forsvinne.
Rekruttering av arbeidskraft er, og vil framleis bli, ei stor utfordring framover. Partane i arbeidslivet må jobbe for å auke tall på lærlingar, for slik å styrke rekrutteringa.
Det er viktig at ungdom får prøve seg i arbeidslivet gjennom lettare tilgang til ferie- og vikarjobbar.
Sosial dumping og arbeidslivskriminalitet aukar i samfunnet.
Kinn kommune må som stor kjøper av varer og tenester ha eit sterkt fokus på å kjempe i mot slik kriminalitet.
Raudt Kinn vil:
- at alle nye oppdrettsanlegg skal vere lukka og rømmingssikre anlegg
- at det ikkje skal sløsast vekk energi på utvinning av kryptovaluta og batterifabrikkar
- at det må stillast klare krav til konsesjonseiger om at det må settast av midlar på fond for eventuell avvikling av vindturbinar
- seie nei til all vindkraft til lands, i fjæra og til havs
- at fyllmasse frå bygging av Stad skipstunnel må nyttast til konkrete industrielle prosjekt og samferdselsprosjekt som gjev sysselsetting og vekst
- at cruisetrafikk skal gje lokal turisme og næringsliv eit løft
- at Kinn kommune skal avstå å bruke leverandørar som ikkje kan dokumentere ordna arbeidsforhold
- At NAV og dei vidaregåande skulene i Kinn etablerer ein «sommarjobb-pool»
11. Kultur og fritid
Kinn kommune har eit rikt og vidt famnande kulturliv: fjell og fjordar, helleristningsfelt, Vågsberget, Måløyraidsenteret og Kystmuseet. Historiske spel. Årlege festivalar som Måløydagane, Sildebord og eit mangfald av festivalar innan musikk, vassidrett og anna er ei beriking for både fastbuande og tilreisande.
Deltaking i kultur og fritidsaktivitetar styrkar både helse, samhald og inkludering. Kultur er viktig for Raudt. Alle bør få oppleve og få høve til å delta i kulturlivet, uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn, alder eller kvar ein bur.
Kinn kommune har ein god kulturskule. Gode lærekrefter innan musikk, instrumentopplæring, kunst,
dans og drama gjer gode vilkår for vekst og meistring i alle aldersgrupper.
Det frivillige arbeidet som vert igangsett og gjennomført i Kinn kommune er stort. Både Florø og Vågsøy Frivilligsentral jobbar godt med inkludering og formidling av kultur og fritidstilbod til alle aldersgrupper. Gjennom Fritidserklæringa kan Kinn kommune tilby alle born og unge opp til 18 år høve til å delta gratis på ein fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra sin sosiale eller økonomiske situasjon.
Arbeidet med «Leve Heile Livet»-reforma har gjeve gode resultat i Kinn Kommune, der deltakinga i kultur- og fritidsaktivitetar for eldre er stor. Mykje av dette arbeidet vert gjennomført av frivillige, lag eller organisasjonar.
Idrettsmiljøet i Kinn har òg god bredde. Fotball, handball, symjing, turn, sjøspeiding,kickboksing, volleyball, segling, motorsport, og E-sport er berre nokre av dei mange tilboda ein kan nytte seg av.
Kystkultur, historielag og andre organisasjonar må òg nemnast. Dei bidreg med kunnskapsformidling, kulturarrangement og vidareføring av kulturarv.
Raudt Kinn vil:
- gje alle innbyggarane i kommunen høve til deltaking i kulturlivet, uavhengig av alder, funksjonsnedsettingar, sosial eller økonomisk bakgrunn
- ha fleire tilgjengelege møtestader der ein kan møtast på tvers av alder, sosiale, og kulturelle skilnader
- oppretthalde og støtte dei lag og organisasjonane vi har i Kinn kommune
- fortsette å løyve pengar til Frivilligsentralane slik at alle barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar
- støtte opp om lokale kunstnarar og kulturprosjekt
- at det blir bygget uglepark i Måløy
- At det bygges badeanlegg i Måløy
12. Eldrepolitikk
I Kinn kommune har vi mange innbyggarar over 65 år.
Eldrebølga er her, og ein større del av befolkninga vil vere nettopp eldre.
Eldre menneske som har eit levd liv bak seg, med mykje kunnskap og livserfaring.
Mange eldre tenestebrukarar i Kinn har retta kritikk mot maten dei har fått servertsiste åra. Vi vil legge til rette for at det blir kommunal kjøkendrift både i Florø og Måløy. Då vil kommunalt tilsette kokkar servere varm, velsmakande, og kortreist kvalitetsmat i sine nærområde.
Høg levealder har ein klar samanheng med velstanden og utviklinga av gode helse- og velferdstenester i Norge etter slutten av 2. verdskrig. Eldre menneske som lever i dag har vore grunnmuren for at vi alle lever i eit samfunn som har hatt relativt små sosiale skilnadar i Norge.
Menneske som har hatt høg deltaking i arbeidsliv, kjempa for kortare arbeidsdagar, betre arbeidsmiljø, utvikling av politikk og bidrege til at vi har dei velferdstenestene innan helse og omsorg som vi har i Norge. Dette kjem dessverre ikkje alle menneske til gode.
I dagens samfunn har det utvikla seg ein lei tendens til å framstille eldre menneske som ein kostand for samfunnet, nærast ei byrde. Vi må snu denne trenden i ei positiv retning.
Vi må sjå på verdien i mennesket, ikkje alder!
Kinn kommune må bli ei føregangskommune i å sette inn helsefremmande tiltak raskt.
Kvar krone vi nyttar til helsefremmande arbeid vil gje tifald i avkastning i betra folkehelse seinare.
Raudt Kinn vil:
starte ombygging av Flora Sjukehus til Flora Omsorgsenter, slik at vi har nok heildøgnomsorgsplassar og institusjonsplassar.
at dei eldre skal få høve til å bu i eigen heim så lenge det er forsvarleg
at det er tilsett nok heimesjukepleiarar og omsorgspersonell til at det kjennest trygt å bu heime
·at Skaretun 2 må vedlikehaldast, og vere klart når behovet for omsorgsplasser blir større i nordre del av kommunen
styrke den geriatriske spesialisthelsetenesta, og sikre eldre, personar med demenssjukdom, og deira pårørande verdige liv. Dette krev auka tverrfagleg kompetanse
at Kinn kommune legg tilhøva til rette for å styrke det frivillige arbeidet for eldre gjennom organisering gjennom Frivilligsentralen
at det blir gjort tiltak for å få tilsette til å fortsette å jobbe etter fylte 70 år, dersom dei ynskjer det, til dømes kortare arbeidsdagar med full lønn, ekstra ferieveke, og liknande
·gjenopprette kjøkken i Måløy i kommunal regi
òg ha eit kjøkken i kommunal regi i Florø når det nye Omsorgsenteret blir ferdig
at Kinn kommune fortsett med det gode arbeidet dei gjer med kvalitetsreforma «Leve Heile Livet». Dette arbeidet må styrkast ved å involvere endå fleire frivillige
at det vert mogleg for pårørande å nytte omsorgslønn fråkommunen i større grad enn det blir gjort i dag
At eldre skal få tilbod om omsorgsplass i den delen av kommunen som ein bur i. Dersom brukaren har andre ynskjer, skal kommunen forsøke å imøtekomme dei
13. Ung i Kinn
Å være ungdom er så mykje meir enn «berre» skulegang og utdanning.
Skulen er sjølvsagt veldig viktig, men minst like viktig er det som skjer på fritida. Det er viktig at ein har mange og varierte tilbod, slik at ein kan treffe flest mogeleg unge, både innan idrett, kultur og andre interesseområde. Vi treng fritidsklubbar, ungdomshus, og gratis kulturtilbod som kino, konserter og festivalar.
Det er viktig at kommunen legger til rette for at ungdom som bur på «bygda» og på øyane får høve til å delta på tilbod til ungdom, og då må kollektivtrafikken blir betre. Vi ynskjer òg gratis kollektivtransport for barn og unge.
Vi i Raudt meiner at det er ungdommen sjølv som best veit kva ungdom i Kinn treng, og vil derfor prioritere å møte ungdommen i deira fora for å betre forstå kva ungdommen ynskjer.
Vi trur at auka ansvar og sjølvstyre for ungdom vil være positivt både for tilbod og ungdomskultur, men for å få til dette, må kommunen spele på lag og bidra med dei rette ressursane. Ungdom er ei kjemperessurs for kommunen, men då må vi òg gi dei utfordringar og ansvar.
Det er viktig at alle blir inkludert; at ungdommen tek vare på kvarandre, og at vi alle jobbar aktivt mot mobbing og utanforskap. Dette gjerest best i samarbeid mellom ungdom og foreldra.
Raudt Kinn vil:
- gi eit betre tilbod for ungdom
- gje auka ansvar og sjølvstyre til ungdommen
- prioritere meir ressursar til ungdom
- få på plass betre kollektivtrafikk til bygder og øyer
- fortsette å være ei MOT-kommune og auke ressursar til MOT-arbeidet
- oppretthalde Haffen i Florø og Ungdomsklubben i Måløy
- styrke samarbeid mellom foreldre og ungdom