Tankar om naturen

Tankar om natur og naturvern.

«Vi er så få at vi har plass til det. Vi har så mykje urørt natur at vi kan gjere mest som vi lystar og vi kan då ikkje seie nei til alt.»

Dette er eit omkvede som ein ofte treffer på, om enn i noko ulik språkleg utforming. Dette at vi har så mykje urørd natur som så å seie ligg der til inga nytte. Den må då kunne nyttast til eit kvart nyttig her og no. Vatnet vert då ikkje borte fordi om det tek seg ein tur innom turbinane og vert til kilowatt. Vindparkane er då bere for nålestikk å rekne om ein ser heile landet under eit. Og kva har ein million hytter å seie på dette veldige arealet. Om det hadde vore så at vårt, berre var vårt så hadde det vore rimeleg å tenkje slik. Naturen og natur grunnlaget er ein del av det store menneskelege sameiget. Det er erkjenninga av dette som gjer at ein strevar for å få i stand internasjonale reglar og avtaleverk. Ansvaret for og verknadane av det vi gjer stoppar ikkje ved landegrensene. Det har vi saktens vist å peike på når det gjeld kva andre land gjer. Men vik unna for når det gjeld kva vi sjølv gjer og ikkje . Vi vil hevde at dei store land- og hav- viddene vi i høve til folk talet har suverenitet over; gjev oss eit særleg stort ansvar i og med at det gjev oss høve til å verna og taka vare på naturmangfaldet. Der folkesetnaden er tettare og utnyttinga støre er det mange stader for seint . Om ein ser på naturen og artsmangfaldet som ein rikdom, så er vi om vi steller oss sparsame særs rike. All den tid vi og meiner at dei rike har ei plikt og dele med dei mindre rike når det gjeld økonomiske midlar, må det og gjelda for arts mangfaldet og urørt natur. Vi kjem ikkje unna at vi har bere ei verd og leva på og av .

Fridtjov Urdal, leiar og 1. kandidat til kommunestyret