Program


Politisk program for Raudt Indre Sunnfjord

Innleiing

Raudt er eit sosialistisk parti som arbeider for eit meir demokratisk samfunn, der innbyggjarane har ein sjølvsagd nærleik til makt og velferd, om dei no bur i sentrum av Førde, i Stardalen, Vevring eller Viksdalen. Raudt vurderer at den nye storkommunen, Sunnfjord, er ein del av ei politisk ønskja sentralisering, der påståtte stordriftsfordelar og effektivitetlett får prioritet, framfor velferd og trivsel. Større einingar gjer offentlege tenester til ein attraktiv marknad for velferdsprofitørar. Det er slik stor fare for at utkantane i kommunen både blir nedprioriterte og pressa, for privatiseringa aukar, og dette vil få konsekvensar for t.d. barnehage, skulestruktur og det kommunale tenestetilbodet generelt. Raudt vil motsette seg ei slik utvikling og fremje ein politikk som styrker utkantane og aukar innbyggarane si demokratiske deltaking og engasjement. I denne samanheng, blir det viktig å støtte og utvikle eit miljøvennleg og framtidsretta jordbruk. Jordbruket er ein sentral næring i kommunen no og i framtida.

Raudt stiller til val av kommunestyre i Sunnfjord kommune. Eit lokalval skal vere prega av lokale saker, men det er avgjerande at vi ser lokalpolitikken i samanheng med den nasjonale og internasjonale politikken. Raudt vil fjerne høgreregjeringa, og vi må ta på alvor at Russland og USA skjerpar krigshissinga og skaper ei meir utrygg og konfliktfull verd. Difor stiller Raudt krav om Noreg ut av NATO og Nei til atomvåpen. Miljø- og klimapolitikken må løysast internasjonalt, men vi må òg gjere vårt lokalt med desse påtrengande spørsmåla. Rapporten frå FN sitt naturpanel om av å ivareta og iverksetje strakstiltak for å oppretthalde eit livsnødvendig naturmangfald, understrekar og forsterkar alvoret i situasjonen.

Vi veit at større økonomiske forskjellar gir dårlegare helse og meir utryggleik og at skeiv fordeling bidreg til at tilliten i samfunnet smuldrar opp. Det er difor avgjerande med eit oppgjer mot dei aukande forskjellane. Raudt vil arbeide for eit samfunn der alle har gode liv uansett kvar ein har vakse opp eller kva yrke ein har. Difor tek vi opp kampen mot Forskjells-Noreg.

Kommuneøkonomi

Ei omfattande kommune- og fylkeskommunesamanslåing er sett i gong av Solberg-regjeringa. Hovudmålet med denne, er å lage store nok marknader for privatisering av velferdsoppgåvene og andre kommunale oppgåver, samtidig som den lokale kommuneøkonomien vert svekka. Kommunen blir stadig tillagd nye oppgåver utan at pengar følgjer med. I ei tid der forskjellane aukar, vil Raudt arbeide for å snu denne utviklinga. Før kvar avgjerd som blir teke i kommunestyret, vil vi Raudt spørje oss sjølve; minkar eller aukar dette forskjellane mellom folk?

Det er vesentleg at kommunen tek ansvar for kommunal infrastruktur, der næringsliv og arbeidsliv får gode og reflekterte rammevilkår, fritt for sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Både internasjonalt og nasjonalt er vi vitne til at arbeid for mange menneske har gått frå å vere ei kjelde til stoltheit, til å vere eit nådelaust og dehumaniserande angrep på deira verdigheit, også kalla Google/Amazon kapitalismen. Dette vil Raudt bidra til å stoppe, ved mellom anna lokalt å sette klåre krav til kommunal anbodspolitikk m.o.t. løn, faste og heile stillingsstorleikar, arbeidstid og liknande.

Viktigast er tilrettelegging av, og kvalitet på det kommunale velferds- og tenestetilbodet. Dette omfattar alt frå eit godt offentleg utbygd helse- og omsorgstilbod til alle aldersgrupper, barnehage, skule, eit velfungerande barnevern og sosiale tenester. Kommuneøkonomien femner òg tilrettelegging av kultur- og fritidstilbod. Kommunen må sørgje for, og Raudt vil, at det kommunale kultur- og fritidstilbodet skal vere likt tilgjengeleg for innbyggarane i sentrum ogutkant.

Sunnfjord kommune vert ein av dei aller største arbeidsgjevarane i distriktet vårt. Det kviler eit stort ansvar på kommunen når det gjeld å gje dei tilsette ei løn å leve av og fast tilsetjing i dei stillingsprosentar som folk vil ha. Kommunen som arbeidsgjevar, set standard for andre verksemder, og god personalpolitikk medverkar også til betre kvalitet på kommunale tenester. Raudt går imot å setje kommunale tenester ut på anbod. Vi tek avstand frå ei profittbasert og privat organisering av det kommunale velferdstilbodet. Raudt vil motsette seg at velferdsprofitørar får drifte tenestetilbod på vegne av kommunen.

Førde sentrum er pressa på trafikk med store noverande og framtidige parkeringsutfordringar. Sunnfjord kommune er heldig som har Førde sentrum med mange arbeidsplassar. Ved å bygge kraftig ut bussruter/kollektivtransport slik at By -bussen t.d. får jamlege ruter til Vassenden, Sande og Naustdal sentrum, vil vi få mindre press på Førde sentrum. Dette vil gi god samfunnsøkonomisk og miljømessig utteljing. Prisane må vere slik at folk tek dette i bruk, og rutene må også dekke trongen for transport til fritids- og kulturaktivitetar på kveldstid. Desse tiltaka er særs viktige for t.d. ungdom som ikkje har moglegheit for å nytte bil.

Demokrati og deltaking

Eit velfungerande, demokratisk lokalsamfunn må vere prega av nærleik til makt og ressursar. Fire små og godt fungerande kommunar med sin særeigne kultur på alle område, er no blitt ein. Det er fare for at dette er med på å auke sentraliseringa av makt og ressursar, at avstanden mellom forvaltning, bestemmande politikarar og innbyggarane blir større. Det er større avstand på mange måtar, ikkje berre målt i kilometer, frå Stardalen til Førde, frå Vevring til Førde og frå Viksdalen til Førde enn til Skei, Naustdal sentrum og Sande. Raudt ser det også som sjølvsagt at fagrørsla blir ein sentral aktør og ei viktig stemme i utforminga av den nye kommunen.

Dei fire Sunnfjord-kommunane som no slår seg saman, har hatt eit utstrekt samarbeid i generasjonar. Folk i regionen har brukt heile regionen som bu - og arbeidsområde med Førde sentrum som naturleg knutepunkt. Dette er eit godt utgangspunkt for å få den nye Sunnfjord kommune til å fungere. Raudt vil arbeide for at heile Sunnfjord kommune får mest mogleg like tenester. Det er viktig at institusjonar som skular, barnehagar, idrettshallar og sjukeheimar framleis vert lokaliserte i heile kommunen. Dette vil auke trivnaden og føre til mindre unødvendig og miljøøydeleggande transport. Lokale preferansar må stå i høgsetet når politikk blir utforma i den nye kommunen.

Natur og miljø

Stadige krav om meir profitt og meir forbruk, er i ferd med å øydelegge jorda. Fleire organisasjonar, politiske parti og til og med regjeringar, som i Skottland og Wales, har kunngjort at vi med omsyn til klimasituasjonen er i ein krisesituasjon. Framtidige generasjonar vil vekse opp i ei farlegare verd, grunna global oppvarming. Det hastar difor å bygge opp grøne næringar i takt med at vi trappar ned oljeindustrien. Noreg må vise at det er mogleg å ha eit velferdssamfunn utan å øydelegge miljø og klima. Lokalt kan vi bidra på mange måtar. Bruk av oljefondet til innanlands investeringar i framtidsretta grøn industri, er ein viktig del av Raudt sitt handlingsprogram. Vi må ta vare på det biologisk mangfaldet og eit variert og artsrikt kulturlandskap. Det kan kome til uttrykk på fleire måtar t.d. i landbrukspolitikken, med betre forvaltning av skog, med å verne matjord, med innsamling av data og kartlegging av tilstanden for insekt og ville dyreartar og andre direkte tiltak som styrker det biologiske mangfaldet og hindrar nedbryting. Her kanSunnfjord kommune, med sine fjell, sin skog, sitt landbruk og sitt særeigne fjordlandskap, stå fram som ein førebiletleg miljøkommune. Barn og ungdommar over heile verda, går ut i streik og protesterer mot miljøøydeleggingar, og FN sitt klimapanel, IPBES, har på alle måtar tydeleggjort alvoret i situasjonen.

Raudt vil arbeide for at Sunnfjord kommune stør ICAN sitt arbeid for at Noreg skal signere og ratifisere FN-traktaten som forbyr atomvåpen. I Noreg har Trondheim, Oslo, Tromsø, Kristiansund, Levanger, Bødø, Hammerfest, Sunndal og Mo i Rana vedtatt å støtte aksjonen.

Engebø – gruvedrift

Den største miljøsaka i kommunen vår, er eventuell gruvedrift i Vevring. Raudt kan ikkje gå med på å ofre Førdefjorden i samband med utnytting av bergressursar. Gruvedrift må kvile på miljøforsvarleg utvinning. Raudt seier nei til dagbrot, og vi kan ikkje godta lagring av giftig avfall i fjorden. Skal det gjennomførast gruvedrift, så må det leggast opp til ei drift som nyttar størst mogleg del av utteken steinmasse. Kortsiktig profittjag må ikkje få avgjere. Ein rein Førdefjord er eit viktig signal og ein kraftig protest mot uvettig, kortsiktig og profittstyrt næringspolitikk og ikkje minst, ei sjølvsagt gåve til framtidige generasjonar. Raudt arbeider for at naturen sine tolegrenser skal setje rammene, ikkje kortsiktig profitt.

Helse og omsorg

Eit godt fungerande helse- og omsorgstilbod, med høg kvalitet, finansiert av fellesskapet, har stor oppslutnad i den norske befolkninga. Sosial ulikskap, med store forskjellar folk i mellom, er øydeleggande for demokratiet. Sosial ulikskap fører til forskjellar i folk sin helsetilstand og levealder. Det er ei sentral oppgåve for kommunen å sørgje for at alle kommunen sine innbyggarar får dei helse- og sosialtenestene dei har behov for. Raudt vil gje ros til bystyret i Førde som fatta vedtak om å halde barnetrygda utanfor tilmålt sosialstønad. Det er eit lite, men viktig bidrag for å stoppe den aukande barnefattigdomen. Raudt vil bidra til å vidareføre dette vedtaket til å gjelde Sunnfjord kommune.

Internasjonalt synes straumen av flyktningar å auke. Sunnfjord kommune må vere med på den nasjonale dugnaden og helse velkomen og gje flyktningar rom og verdigheit. Raudt vil ha og vil arbeide for eit samfunn med små forskjellar folk i mellom, der samfunnet er tufta på inkludering og gode fellesskapsløysingar. Vi veit at fellesskap fungerer.

Oppvekst og kultur

Raudt meiner at alle barn, uavhengig av foreldra sin inntekt, skal ha ein trygg oppvekst. Raudt vil difor arbeide mot all form for privatisering innan skuleverket som har profitt som mål. Raudt er for ein skule som set kunnskap i høgsetet. Skulevesenet må ha som mål å gjere elevane til kritiske og handlingsdyktige menneske. Det kan ein berre gjere ved å formidle kulturarven så breitt og djupt som råd er, på tvers av alle ismar og ideologiar.
For at læraren skal kunne gjere jobben sin på ein slik måte at barna våre får den hjelpa dei treng, må vi ha nok tilsette. Raudt meiner at barnehage og SFO skal være gratis for alle, på lik linje med skulen. Vi støtter alle tiltak på vegen dit.
Vi ser no ei utvikling mange stader der store selskap satsar på barnehagedrift og tek ut stor profitt. Dette må vi unngå. Lova må endrast slik at det blir same reglar mot profitt i barnehagar som i skulen. Det er ein sjølvsagt rett at barn uavhengig av føresetnader, bakgrunn og familieøkonomi, får delta på tilrettelagte kultur og fritidsaktivitetar i kommunen.

Framtidssamfunnet

Raudt sitt mål er eit samfunn i likevekt med naturen og der alle har likeverdige plikter og rettar - eit samfunn der alle kan få yte etter evne og få tilpassa sine behov - uavhengig av bakgrunn, hudfarge og kjønn. Dette er eit samfunn utan kvinneundertrykking, sexisme, seksuell trakassering, rasisme, stengde grenser og klasseforskjellar. I dag ser vi at utviklinga går i motsett retning. Miljø og natur går på kostnad av kortsiktig profittomsyn, ulikskap og klasseforskjellar aukar. Raudt arbeider for eit sosialistisk samfunn, der fleirtalsinteressene har overteke styringa, og der utvisking av dei kunstige forskjellane mellom menneska er målet. Raudt sitt mål er det klasselause samfunnet. Det var det Karl Marx kalla kommunisme.

Raudt vil:

Næringsliv og landbruk

  • Raudt arbeider for å bevare og utvikle dei lokale tenestetilboda som er ein føresetnad for at folk vil bu og busette seg i kommunen.
  • Raudt vil arbeide for ein grøn industri- og næringspolitikk.
  • Raudt arbeider for levande utkantar og vil mellom anna styrke Mercur-programmet.
  • Raudt vil arbeide for å styrke og utvikle jordbruksnæringa.
  • Raudt vil arbeide for at Sunnfjord kommune blir ein aktiv bondeven.
  • Raudt vil arbeide for å minimalisere nedbygging av matjord.
  • Raudt vil arbeide for og styrke tiltak for eit miljø- og klimavennleg jordbruk.
  • Raudt vil arbeide for at all framtidig fiskeoppdrett skal føregå på land eller i lukka anlegg.
  • Raudt vil arbeide for eit regelverk med bu - og driveplikt som fremjar busetting og drift av nedlagde gardsbruk.

Klima og naturvern

  • Raudt arbeider mot gruveslam/sjødeponi i Førdefjorden og ope dagbrot i Engebøfjellet.
  • Raudt arbeider for at Sunnfjord kommune skal forby dumping av gruveavfall/sjødeponi innanfor kommunen sine grenser.
  • Raudt vil motsette seg vindkraftutbygging på land.
  • Raudt vil at Sunnfjord kommune samarbeider med butikkar, tenesteytarar, sjukehus og andre aktørar for å minimerer plastbruken.
  • Raudt vil at Sunnfjord kommune berre skal nytte seg av grøne varer og tenester.
  • Raudt vil arbeide for at Sunnfjord kommune skal vere ein atomvåpenfri sone.
  • Raudt jobbar for at Sunnfjord kommune skal forby all trafikk og oppbevaring av kjernevåpen innanfor kommunen sine grenser.
  • Raudt vil arbeide for at Sunnfjord kommune stør ICAN sitt arbeid for at Noreg skal signere og ratifisere FN-traktaten som forbyr atomvåpen.

Samferdsel

  • Raudt vil arbeide for eit ringbusstilbod som svarer til behova som utkantane i kommunen vil ha for offentleg tilrettelagd transport.
  • Raudt ønskjer fleire ladepunkt/stasjonar for el-bilar og syklar.
  • Raudt vil arbeide for eit godt utbygd nett av sykkelvegar.
  • Raudt vil arbeide for rassikre vegar.
  • Raudt ønskjer at ein held ved lag flyruta Førde - Oslo frå Bringeland flyplass.

Skule og barnehage

  • Raudt vil arbeide for at barnehage og SFO skal vere gratis på lik line med skulen.
  • Raudt arbeider for ein god offentleg skule og vil motsette seg privatisering av skuletilbodet.
  • Raudt vil arbeide for ein leksefri skule.

Helse og omsorg

  • Raudt vil arbeide for avvikling av føretaksmodellen og få sjukehusa attende til ein demokratisk forvaltningsmodell lagt til fylket.
  • Raudt vil arbeide for at tal sjukeheimsplassar er i samsvar med faktisk behov og at ein held ved lag ein desentralisert struktur.
  • Raudt vil arbeide for at minstepensjonistar ved behov skal ha gratis tilgang til tryggleiksalarm, heimehjelp og dagsentertilbod.
  • Raudt vil arbeide for å styrke og utvikle den kommunale barnevernstenesta og helsestasjonsarbeidet.
  • Raudt vil arbeide for eit tydeleg rusførebyggjande arbeid i kommunal regi med høg grad av brukarmedverknad.
  • Raudt vil arbeide for å etablere rusfrie arenaer der ungdom kan samlast.
  • Raudt vil arbeide for eit tett samarbeid mellom kommunal rusomsorg og psykisk helsevern/psykiatri.
  • Raudt vil arbeide for eit heilskapleg kommunalt lågterskeltilbod til menneske med rusproblem, med fokus på skadereduksjon, bustad, samt inkludering i arbeidsliv og samfunnet elles.
  • Raudt vil vidareføre Førde bystyre sitt vedtak om å halde barnetrygda utanfor tilmåling av sosialstønad.
  • Raudt vil arbeide for å styrke det kommunale arbeidet mot vald/vald i nære relasjonar.
  • Raudt vil arbeide for eit kommunalt lågterskeltilbod innom fagfeltet psykisk helse.
  • Raudt vil habarnetillegg for alle barn i familiar som mottek sosialstønad.
  • Raudt vil arbeide for å få sosialhjelpssatsane opp på SIFO -nivå.

Kommuneøkonomi

  • Raudt vil arbeide for å behalde kommunalt eigarskap til kraftselskap, miljøtenester og vassforsyning.
  • Raudt vil arbeide for å styrke kommunen sin kompetanse på allefagområde. Raudt vil motsette seg privatisering/ utskilling av kommunale tenester.
  • Raudt vil arbeide for eit godt arbeidsmiljø og ein rettferdig og anstendig lønspolitikk for kommunen sine tilsette.
  • Raudt stør alle tiltak som fører til reduksjon av den kommunale energibruken.
  • Raudt vil fremje forslag om forsøk med 6-timars arbeidsdag for kommunalt tilsette.
  • Raudt ser på fagrørsla som ein viktig samfunnsaktør som kommunen må styrke og utvikle sitt samarbeid med.

Innvandring, integrering, internasjonal solidaritet

  • Raudt vil at kommunen skal vere med på den nasjonale dugnaden i å ønskje flyktningar velkomen og gje dei rom og eit verdig liv.
  • Raudt arbeider for at kommunen har ansvar for flyktningar, innvandrarar og integrering. Korkje politikk eller drift på dette området, skal settast bort til velferdsprofitørar. Dette gjeld spesielt drift av ev. nye asylmottak.
  • Raudt vi arbeide for å sjå på at integrering er ein jobb for alle einingane i kommunen, og ikkje berre for Norsksenteret åleine. Alle einingar i Førde kommune, har forplikta seg til å ta imot innvandrarar i språk- og arbeidspraksis. Slik må det òg vere for Sunnfjord kommune.
  • Raudt vil arbeide for fleire integreringstiltak i regi av kommunen. Frivillig arbeid og innsats må kome som eit positivt bidrag i samarbeid med, og i tillegg til den kommunale tenesta.