– Folk her har brukt fjella i 300 år. Men det er forskjell på bruk og forbruk

– Dei som vil byggje ut vindkraft, snakkar aldri om nedbygginga av naturen, seier ­Arnold Matre frå Folk for Fjella. – Og kva med lokaldemokratiet?

Foto: Ihne Pedersen

Eldsjelen frå Matre i Masfjorden vier mykje tid til å forsvare natur, landskap og kulturminne i Nordhordland mot øydeleggande utbygging. Folk for Fjella samlar lokale naturforkjemparar med hjarte for landskapet og naturen som no er truga av vindkraftindustrien.

– Det store fleirtalet av dei som er negative til vindkraft, er mot fordi naturen betyr utruleg mykje for dei. Då eg såg ordet natursorg eller økosorg på trykk første gong, tenkte eg berre «Ja, ja, ja! Slik er det», seier Arnold. – Eg blir sjølv påverka både fysisk og psykisk, og eg høyrer mange som uroar seg for korleis det skal bli her om naturen blir bygd ned.

Fjellet er staden der han alltid kan kopla av, og der stress og mas slepp taket. Men vindkraftanlegg i fjellheimen ville gjort dette til ein saga blott:

– Den urørte naturen får me ikkje tilbake. Tilsynelatande urørte, presiserer Arnold, vel vitande om at delar av fjellet òg er eit kulturlandskap.

– Folk her har brukt fjella i alle fall i 300 år. Men det er forskjell på bruk og forbruk.

Kraftoverskot i Noreg

Me sit i bilen til Arnold innover Matredalen. Praten går livleg med Sofie Marhaug, førstekandidat for Raudt i Hordaland og andre nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

– Noregs vassdrags- og energidirektorat har sagt for tredje år på rad at det ikkje blir kraftunderskot med det første. Kraftproduksjonen i Noreg har aldri vore høgare enn i 2024, seier Sofie og påpeiker at me eksporterer overskotskraft. Likevel påstår vindkraftindustrien at me må bygge ut vindkraft for å møte kraftbehovet i Noreg.

– Dei fleste politikarar opnar ikkje kjeften, dei hevdar ikkje synet til dei som har valt dei inn, seier Arnold.

Våren 2025 røysta 70 prosent av innbyggarane i nabokommunen Modalen nei til å greie ut vindkraft i Modalsfjella. Med det i ryggen sa kommunen nei til planinitiativet frå Norsk Vind. Men kraftselskap som Eviny siklar no på fjella rundt Matre.

Sofie påpeiker at naturen er truga av både hytteutbygging, vindindustri, vasskraftutbygging og gondolbaneplanar. Ho avviser å bygge ned natur for å kutte klimautslepp.

– Raudt støtter verken vindkraftindustri eller utbygging av dei siste verna vassdraga. Kraftplanen til Raudt legg opp til energieffektivisering, berg- og fjernvarme og oppgradering av produksjonen i dei vasskraftanlegga me allereie har. Å kutte klimagassutsleppa vil kreve ein del kraft. Då må me bruke krafta vår klokare, som å innføre konsesjonssystem for datasenter.

Vestlandsvegane er som venta. Sofie Marhaug, førstekandidat i Hordaland, hoppar ut for å dirigere Arnold rundt eit djupt søkk i vegbanen. Foto: Ihne Pedersen.

Utbygging trugar naturverdiar

Vegen svingar bratt oppover, og Arnold stoppar bilen på eit punkt med svimlande utsikt. Her vil altså selskap som Eviny bygge vindkraftanlegg. Arnold fnys av orda om «skånsom utbygging» frå vindkraftindustrien sine politiske støttespelarar:

– Dette er industrianlegg. Veg, anleggsplassar, alt midt i naturen vår.

Miljødirektoratet fastslo i 2024 at vind- og vasskraft, med kraftledningar og infrastruktur som høyrer til, er det som har påverka inngrepsfri natur mest dei siste 10–15 åra. Energiutbygging er hovudårsak til heile 55 til 60 prosent av nedgangen i inngrepsfri natur dei siste fem åra.

Arnold peiker mot mobilmasta som ragar opp frå Gleinefjellet i det fjerne.

Den masta er 56 meter. Så ser du for deg vindturbinane som er over fire gongar så høge

Det bles friskt, og Sofie får låne ulljakke av Arnold, som held ut i si Folk for Fjella-T-skjorte og turbukse.

– Må jo representere, seier han med eit smil. Men det kan røyne på å vere den kritiske stemma i fora der vindkraftindustrien rår:

– Eg likar ikkje at me som vil forsvare naturen blir stempla som kverulantar og konspirasjonsteoretikarar. Folk for Fjella er partipolitisk nøytralt og representerer eit stort fleirtal av bygdefolket i kommunane i Nordhordland, seier Arnold.

Fjella me ser ut over ligg i vestre del av Stølsheimen. Delar av Stølsheimen er landskapsvernområde, men også elles i området finst viktige naturverdiar.

– Kommunane Masfjorden og Alver har begynt med verneprosess, men blir det vindkraftutbygging, kan det splitte opp landskapet, seier Sofie.

– Desse fjella heng saman, understreker Anders Emil Midtgård Matre frå Ung for fjella.

– Om me kunne få til vern av eit større område, ville det gi ein samanhengande korridor som var sikra for framtida.