Flaumsikring av Opo utan kraftverk
– Vi vil gje full støtte til den vidare kampen for varig flaumsikring av Opo-elva utan kraftverk, seier nestleiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen.
Eit av dei vakraste vassdraga i landet, Opo i Odda, vart verna av Stortinget i 1973. Sunnhordland Kraftlag (SKL) har søkt konsesjon for å byggje eit kraftverk for å redusere flaumfaren i elva. Høyringsfristen har no gått ut. Mange har uttalt seg sterkt kritisk til planane om å øydeleggje nedre del av elva for all framtid. Om vernevedtaket frå 1973 blir oppheva og det blir grønt ljos for Opo kraftverk på grunn av flomfaren, vil det og føre til auka press på kraftutbyggjing i andre verna vassdrag i Norge.
Landsstyret i Raudt ga på sitt møte i helga full støtte til den vidare kampen for varig flaumsikring av Opo-elva utan kraftverk.
NESTLEIAR I RAUDT: Marie Sneve Martinussen. Foto: André Løyning.
– Vi forventar at Norges Vassdrags- og Energidirektorat utarbeidar ein alternativ plan for flaumsikring som tar vare på verneverdiane i vassdraget, inkludert Opolaksen, seier Sneve.
– Denne saka er for viktig og prinsippiell til å bli avgjort i Olje- og energidepartementet eller regjeringa. Stortinget, som verna Opo i 1973, må slutthandsame saka og sikre full statleg finansiering til flaumsikring utan kraftverk i komande statsbudsjett.
Regjeringa kutta midlar til flaumsikring i statsbudsjettet for 2018. Raudt foreslo i Stortinget ei auke på kr 500 mill.
– I statsbudsjettet for 2019 vil Raudt, i samarbeid med andre parti, jobbe for ei kraftig auke i statsbudsjettet 2019 til flaumsikring i landet, inkludert til Opo i Odda, avsluttar Sneve.