Program


Raudt er eit parti som jobbar for eit sosialistisk samfunn med mindre ­klasseforskjellar enn me har i dag.

Her er Raudt Bømlo sitt valprogram og viktigaste kampsaker føre kommunevalet i 2019:

EØS

Ved hjelp av direktiv (fint ord for lover) som Vikarbyrådirektivet, Datalagringsdirektivet og Helsedirektivet grip EU direkte inn i det norske samfunnet på ulike område som arbeidsliv, jus, personvern og helsepolitikk. EU-reglane har forrang over norsk lov, og norske folkevalde må gjera som Brussel seier. Viktige politikkområde vert i stadig større grad regulert av EU si lovgjeving, mellom anna gjer medlemskapet i EØS arbeidet mot sosial dumping vanskeleg, fordi mange av tiltaka mot sosial dumping reknast som «konkurransevridande» og er difor i strid med den frie etableringsretten. Dei siste åra har me sett fleire døme på at domstolane har erklært norske avtaleverk ulovlege fordi dei er strid med EØS-avtalen. Dette gjer at vesentlege delar av norsk folkestyre vert sett til side. Dette er grunnleggjande udemokratisk. Raudt Bømlo ønskjer ei betre løysing enn EØS avtalen.

Samferdsle

  • Nei til bompengar. Dette er urettferdig og skjult skattlegging. Skal ­betalast for på den vanlege skattesetelen.
  • Fleire avgangar for båt og buss, og betre korrespondanse.
  • Kommunen må legga ein plan for å få opp farten på oppgradering av kommunale vegar slik
  • at fleire bustadområde får gangvegar, lys og køyrebredde i samsvar med dagens standard.

Utdanning

  • Grunnskulen skal vera leksefri.
  • Gratis skulefritidsordning.
  • Eitt gratis måltid i løpet av skuledagen.
  • Avbyråkratisera læraren sitt arbeid.

Familiepolitikk

  • Gratis barnehageplasser.
  • Nei til nye kommersielle barnehagar og kommunal forkjøpsrett på ­eksisterande.
  • Halda barnetrygda utanfor sosialstønaden.

Arbeidslivspolitikk

  • Bømlo kommune skal berre nytta verksemder som gjev tarifflønn til sine tilsette.
  • Når kommunen skil ut selskap med mål om å gå i overskot, fører det til mindre openheit og demokratisk kontroll rundt drift av offentlege ­tenester. Raudt Bømlo vil jobba for at kommunale føretak vert tilbakeført til kommunal styring.
  • Kommunen skal oppretta ein kommunal bemanningspott, og ha forbud mot bruk av bemanningsbyrå i kommunen og i alle anbud.
  • Bømlo kommune skal ha ei prøveordning på 6-timars arbeidsdag, på eitt eller fleire områder.
  • Bedrifter i Bømlo kommune skal gje pensjon frå første krone.
  • Norske lønns- og arbeidsvilkår skal gjelda for alle arbeidstakarar i ­Bømlo.
  • Kommunen skal hjelpa asylsøkjerar med oppholdsløyve,men utan jobberfaring
  • å finne praksisplassar i arbeidslivet.

Miljø

  • Bevara lokale tenestetilbod i kommunen.
  • Verna kulturlandskapet ved å hindra attgroing og stimulera til mat­produksjon og sjølvberging.
  • Raudt Bømlo ønskjer ikkje utbygging av landbaserte vindmøller.
  • Ei streng men rettferdig regulering av utbygging i strandsona vil sikra at Bømlo kan vera eit turistmål for alle – også i framtida.
  • Kommunen bør årleg utgreia korleis me kan forbetra rutinar for å minska forbruk og auka gjenbruk og resirkulering i heile kommunen.

Helse og omsorg

  • Helse og levealder heng saman med klasseskilnadar. Raudt vil ha ein helsepolitikk som reduserer skilnadane.
  • Kommunal helseteneste – ut med kommersielle profittørar i velferden.
  • Fleire tilsette i skulehelsetenesta.
  • Fleire tilsette i helsevesenet og rett til fulltidsstilling.
  • Sjukeheim og aldersheimsplassar til alle som treng, samt rett på partner­plass.
  • Tennene er ein del av kroppen, og må omfattast av fri legehjelp.

Kultur

  • Syta for at resurssvake familiar som fell utanfor kultur- og idrettsmiljø vert fanga opp.
  • Legga til rette for øvings- og samspellokale i kulturhuset.
  • Legga til rette for vidareføring og nye intitiativ innafor det frie kulturlivet.

Demokrati

  • Openheit og innsynsmogelegheit i kva folkevalde og kommunal administrasjon driv med er eit kriterium for eit fungerande demokrati.
  • Det er fleire grendautval i kommunen; Gjennom å lytta til deira innspel vil me utvida demokratiet.