Palestina opp ned

I AN 24.2 legg Martin J. Eide vekk sin kritiske sans og gjengir staten Israels forhistorie slik ho blir omskrive av dei mest ytterliggåande Israel-vennene på alle plattformer: opp ned.

Eide ser ikkje den prinsipielle forskjellen mellom ein traktat som for 100 år sia ga Norge suverenitet over ei folketom øygruppe i vårt nærområde (Svalbard-traktaten) og ein avtale mellom gamle kolonimakter om fordeling av krigsbyttet etter 1. verdskrig i ein annan verdsdel, i Asia (San Remo-avtalen).

Oppdelinga av Midt-Austen mellom Storbritannia og Frankrike i 1920 braut ikkje berre med folka sin rett til å rå seg sjøl og danne sine eigne statar. Å love eit område i Midt-Austen – Palestina – bort til tilhengarane av ein religion i Europa, var eit dobbelt brott med dette prinsippet: Trass i innvandring og kolonisering frå slutten av 1800-talet i regi av den sionistiske bevegelsen i Europa, utgjorde jødane kanskje 10 prosent av folket i Palestina på denne tida. Arabisk var språket for heile den opprinnelige befolkninga, både for det store fleirtalet som var muslimar, for det betydelige mindretalet av kristne - og for dei langt færre jødane som hadde levd i Palestina frå gammalt.

Sjøl innafor sitt omsnudde perspektiv målber Eide ekstrem-sionistane: Kolonistane frå Europa og det seinare Israel blei ifølge dei snytt ikkje berre for Vestbreidda, men også for det som i dag er staten Jordan! Det stemmer heller ikkje at ”Storbritannia blei gitt et midlertidig mandat for å administrere det jødiske Palestina” (Eide). Enda til den berømmelige Balfour-erklæringa frå den britiske regjeringa i 1917 om ein jødisk nasjonal heim i Palestina, slo fast at dette ”ikkje må gå ut over dei sivile og religiøse rettane til dei ikkje-jødiske samfunna i Palestina”. Og før Folkeforbundet vedtok Palestina-mandatet i 1920 godtok styret i den sionistiske verdsorganisasjonen at mandatet ikkje betydde ein jødisk stat, i tråd med tolkinga i ei kvitbok frå Winston Churchill.

I memoarboka ”Et liv for Israel” (”Trial and Error”) fortel den fremste sionistleiaren på denne tida, Chaim Weizmann at dei i staden satsa på at jødisk innvandring til slutt ville gi jødisk fleirtal og ein jødisk stat i Palestina. I 1948 var tida kommen. Dei jødiske innvandrarane utgjorde no 30 prosent, staten Israel blei proklamert - og det store fleirtalet av innfødde palestinarar dreve ut av Israel i krigen som følgte. Resultatet av den etniske reinskinga er at ein stor del av etterkommarane sit fast i gettoen Gaza samtidig som palestinarar er spreidd over heile verda.

Kristen-sionistar flest meiner visst at det var Gud som ga Palestina til jødane. Interessant nok må hans representant i 1920 ha vore den britiske imperialismen. 100 år etter, i 2020, heiter Guds finger Donald Trump, som på toppen av hegemonimakta USA vil bane veg for eit nytt sprang i retning Stor-Israel.

Brigt Kristensen